Ot.prp. nr. 12 (1996-97)

Om lov om endringar i lov 5. april 1963 nr. 9 om plantevernmiddel m.v. og i visse andre lover

Til innholdsfortegnelse

II

I lov 14. mars 1964 nr. 1 om tiltak mot plantesjukdommar og skadedyr på planter (Plantesjukdomslova) skal det gjerast følgjande endringar:

§ 2 første ledd ny bokstav g. skal lyde:

gje føresegner om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova blir følgde.

§ 9 første ledd skal lyde:

Til å dekkje utgifter med kontroll med innførsel og utførsel av planter etter denne lova kan Kongen påleggje vedkommande importør eller eksportør å betale avgift. Kongen kan og påleggje slik avgift ved import av brukte landbruksmaskinar. Avgifta kan fastsetjast på grunnlag av mengd, vekt eller verdi av dei varer som blir innførde eller utførde. For utferding av sertifikat kan fastsetjast ei avgift som vert å betale av eksportøren. Vedkommande departement gjev nærmare reglar om utrekning av avgiftene og om oppkrevjing og innbetaling og om at det skal svarast rente av avgift som ikkje er innbetalt i rett tid.