Ot.prp. nr. 12 (1996-97)

Om lov om endringar i lov 5. april 1963 nr. 9 om plantevernmiddel m.v. og i visse andre lover

Til innholdsfortegnelse

3 Bakgrunnen for lovframlegget

Landbruksdepartementet ønskjer å innføre internkontroll som tilsynsform på området for innsatsvarer i landbruket. Det er difor utarbeid eit framlegg om lovendringar som gir heimel til å innføre ei slik tilsynsform. Dette gjeld lov 5. april 1963 nr. 9 om plantevernmiddel m.v. (plantevernmiddellova), lov 14. mars 1964 nr. 1 om tiltak mot plantesjukdommar og skadedyr på planter (plantesjukdomslova), lov 4. desember 1970 nr. 82 om såvarer (såvarelova), lov 4. desember 1970 nr. 83 om handel med gjødsel og jordforbedringsmidler m.v. og lov 23. mars 1973 nr. 18 om tilsyn med fôrvarer (fôrvarelova). Departementet ønskjer òg å utvide virkeområdet i fôrvarelova slik at lova ikkje berre gjeld tilverking av fôrvare med tanke på sal, men òg tilverking til eige bruk. Det er dessutan naudsynt å harmonisere føresegnene i dei nemnte lovene om innkrevjing av avgift og innkrevjing av renter dersom avgifta ikkje blir innbetalt til rett tid.

Ved brev av 23. mai 1996 sendte Landbruksdepartementet ut eit høyringsnotat der det blei gjort greie for forslaget til endringar i lovene om innsatsvarer i landbruket. Høyringsnotatet blei sendt til 74 statlege og private institusjonar, organisasjonar og verksemder.

Departementet har motteke fråsegner frå:

Finansdepartementet

Fiskeridepartementet

Kommunal- og arbeidsdepartementet

Miljøverndepartementet

Norsk institutt for planteforskning

Statens helsetilsyn

Statens landbrukstilsyn

Statens næringsmiddeltilsyn

Statens veterinære laboratorier

Blomstergrossistenes Landsforbund

Franzefoss Bruk A/S

Kommunenes sentralforbund

Landbrukets forsøksringer

Markedskontoret for poteter

NKL

Norges Bondelag

Norgesfôr A/S

Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Norsk fjørfelag

Norsk Plantevern Forening

Norske Felleskjøp

Potetpakkerienes Landsforbund

Det har ikkje kome vesentlege merknader til framlegget om endringar i lovene. Fleirtalet av høyringsfråsegnene støttar framlegget. Fiskeridepartementet, Finansdepartementet, Kommunenes Sentralforbund, Miljøverndepartementet, Norgesfôr AS, Norsk institutt for planteforskning, Potetpakkerienes Landsforbundog Statens veterinære laboratorierhadde ingen merknader til framlegget. Dei høyringsfråsegner som inneheld merknader til framlegget vil bli omtalt nærmare under omtalen av dei ulike endringane i lovene.