6 Merknader til dei enkelte paragrafane
6.1 Lov 5. april 1963 nr. 9 om plantevernmiddel m.v.
Til § 10 nytt fjerde ledd
Nytt fjerde ledd gir heimel til å innføre internkontroll som tilsynsform etter plantevernmiddellova. Innføring av internkontroll inneber at verksemdene som skal kontrollerast må etablere systematiske tiltak for å sjå til at krava frå tilsynsstyremakta blir følgde og at verksemda må kunne dokumentere at slike systematiske tiltak er etablerte. Ved denne forma for tilsyn rettast difor kontrollen mot at verksemda har bygd opp eit eigna internkontrollsystem (systemrevisjon). I tillegg vil tilsynsorganet ta stikkprøver o.l. for å kontrollere at internkontrollsystemet fungerer i praksis, og at aktivitetane elles er i samsvar med krav frå styresmaktene (verifikasjon). Dersom det blir avdekt manglar i høve til regelverket skal mangelen alltid knytast til dei aktuelle manglane i systema, prosedyrane osv. Pålegg frå inspektøren vil dermed både tyde at den konkrete mangelen skal rettast opp og at ein må gjennomgå internkontrollsystemet for å sikre at tilsvarande manglar ikkje oppstår på nytt. Sjå nærmare om internkontroll under omtalen i punkt 4.1.1.
På sektoren for plantevernmiddel vil det vere aktuelt å innføre internkontroll og internkontrollsystem for verksemder som importerer, produserer eller omset plantevernmiddel. Sjå nærmare omtale under punkt 4.1.2.
Til § 14
Endringa her inneber ei presisering slik at det likt med lov om tilsyn med fôrvarer og lov om handel med gjødsel og jordforbedringsmidler m.v. går klart fram av lovteksten at det er heimel for å krevje rente dersom avgifta ikkje blir betalt i rett tid.
6.2 Lov 14. mars 1964 nr. 1 om tiltak mot plantesjukdommar og skadedyr på planter (Plantesjukdomslova)
Til § 2 første ledd ny bokstav g
Forslag til ny bokstav g gir heimel til å innføre internkontroll som tilsynsform etter plantesjukdomslova. Sjå elles merknadene til ny § 10 fjerde ledd i plantevernmiddellova.
På sektoren for plantehelse vil det vere formålstenleg å innføre internkontroll for verksemder som produserer, importerer eller omset planter og plantemateriale, særleg dersom det blir innført nytt regelverk med såkalla produksjonskontroll. Sjå nærmare omtalen under punkt 4.1.2.
Til § 9 første ledd
Endringa her inneber ei presisering slik at det likt med lov om tilsyn med fôrvarer og lov om handel med gjødsel og jordforbedringsmidler m.v. går klart fram av lovteksten at det er heimel for å krevje rente dersom avgifta ikkje blir betalt i rett tid.
6.3 Lov 4. desember 1970 nr. 82 om såvarer
Til § 2 andre ledd ny bokstav m
Forslag til ny bokstav m gir heimel til å innføre internkontroll som tilsynsform etter såvarelova. Sjå elles merknadene til ny § 10 fjerde ledd i plantevernmiddellova.
Innanfor såvaresektoren vil det vere aktuelt å innføre internkontroll som tilsynsprinsipp for autoriserte såvareforretningar. Sjå nærmare omtalen under punkt 4.1.2.
Til § 6 andre ledd
Endringa her inneber ei presisering slik at det likt med lov om tilsyn med fôrvarer og lov om handel med gjødsel og jordforbedringsmidler m.v. går klart fram av lovteksten at det er heimel for å krevje rente dersom avgifta ikkje blir betalt i rett tid.
6.4 Lov 4. desember 1970 nr. 83 om handel med gjødsel og jordforbedringsmidler m.v.
Til § 3 andre ledd ny bokstav f
Forslag til ny bokstav f gir heimel til å innføre internkontroll som tilsynsform etter lov om handel med gjødsel og jordforbedringsmidler. Sjå elles merknadene til ny § 10 fjerde ledd i plantevernmiddellova.
På sektoren for gjødselvarer er det i første omgang særleg aktuelt å innføre tilsyn basert på internkontroll for verksemder som produserer gjødsel og jordforbetringsmiddel gjennom kompostering av hushaldningsavfall. Det kan vidare bli aktuelt å innføre prinsippet for verksemder som produserer gjødsel, kalk og tradisjonelle dyrkingsmedier. Sjå nærmare omtalen under punkt 4.1.2.
6.5 Lov 23. mars 1973 nr. 18 om tilsyn med fôrvarer
Til § 1 første ledd bokstav a
Endringa i § 1 første ledd bokstav a vil innebere ei utviding av virkeområdet til lova når det gjeld tilverking av fôrvarer. Frå berre å gjelde tilverking med tanke på sal, vil lova no gjelde all tilverking av fôr, også fôr tilverka til eige bruk. Ei slik endring vil gjere det mogleg å føre tilsyn med produksjon av forblandingar til eige bruk i såkalla gardsblanderi. Vidare vil det vere mogleg å stille krav til slike anlegg.
Til § 6 nytt fjerde ledd
Forslag til nytt fjerde ledd gir heimel til å innføre internkontroll som tilsynsform etter fôrvarelova. Sjå elles merknadene til ny § 10 fjerde ledd i plantevernmiddellova. For nærmare omtale av internkontroll på fôrvaresektoren sjå punkt 4.1.2.