5 ADMINISTRATIVE OG ØKONOMISKE KONSEKVENSAR
Ein legg til grunn at ei omlegging av tilsynsstrategien skal skje innanfor dei noverande ressursmessige rammene. Overgangen til å stille krav til verksemdene sine system og rutiner og til å føre kontroll med dette, vil dermed krevje ei omprioritering av tilsynsstyremaktene sine ressursar, mellom anna for å sikre naudsynt innsikt og kompetanse i oppfølging av verksemdene si utøving av plikta til internkontroll og i systemrevisjonar. Ved innføring av internkontroll reknar ein med at tilsynsorgana kan bruke ein del ressursar på å rettleie verksemdene. Det er ein føresetnad at bransjeorganisasjonane tek aktivt del i dette arbeidet.
For å kunne føre tilsyn med styringssystem, er det naudsynt med kompetanseoppbygging gjennom erfaring og gjennom opplæring gitt mellom anna av Landbrukstilsynet. Ei effektiv utøving av internkontroll i verksemdene vil på lengre sikt bidra til å frigjere ressursar som kan setjast inn på verksemder som ikkje har nådd så langt.
Frigjeringa av ressursar som følgje av mindre detaljtilsyn, vil føre til at det offentlege sine ressursar kan nyttast på ein meir effektiv måte innan ramma av eit tilsyn basert på internkontrollprinsippet.
Kostnadene verksemdene måtte ha for å etterleve regelverket for innsatsvarer i landbruket, er kostnader som verksemdene skal bere alt i dag. Forskrift om internkontroll for områda helse, miljø og tryggleik er alt gitt for alle typar verksemder med verknad frå 1.1.1992. Felles systemkrav vil truleg føre til at innføringskostnadene vil vere relativt låge for verksemder som har bygd opp eit internkontrollsystem etter den eksisterande internkontrollforskrifta for helse, miljø og tryggleik. Etableringa av systemet vil truleg vere den største og mest tidkrevjande utfordringa.
Kostnadene ved innføring og vedlikehald av systemet vil truleg utgjere mindre enn det verksemdene sparar ved eit internkontrollsystem. Her vil mykje vere avhengig av arbeidet i den enkelte verksemd.
Ei utviding av virkeområdet til fôrvarelova vil innebere ein auke i talet på anlegg som skal kontrollerast. Omlegging til tilsyn basert på internkontroll vil likevel gjere det mogleg å utføre kontrollverksemda innanfor dei noverande ressursrammene. For tilverkarar av fôrvare til eige bruk vil det bli eit utvida tilsyn samanlikna med situasjonen i dag. Kontrollen av anlegg som tilverkar fôr til eige bruk vil bli finansiert gjennom kontrollavgifter.
Endringa i lovtekstene som gir heimel til å krevje rente dersom avgiftene ikkje blir betalt til rett tid vil ikkje ha nokon administrative eller økonomiske konsekvensar. Lovendringa inneber berre ei presisering av heimelsgrunnlaget, og den praksis som er etablert i dag vil bli ført vidare.