2 Samandrag
Kommunal- og regionaldepartementet føreslår å gjennomføre utsendingsdirektivet i norsk rett ved eit eige kapittel i arbeidsmiljølova. Forslaget inneber ingen store endringar i rettstilstanden. Dei fleste arbeids- og tilsetjingsvilkåra som er lista opp i direktivet, gjeld allereie for alle som utfører arbeid i Noreg. Mange av desse føresegnene er såkalla offentlegrettslege, og norske styresmakter fører tilsyn med at dei blir følgde. Andre føresegner, m.a. om ferie, er privatrettslege. Det vil seie at arbeidstakarane sjølve må ta vare på rettane sine. Slike føresegner vil etter gjeldande rett som hovudregel ikkje omfatte arbeidstakarar på kortvarige arbeidsoppdrag i Noreg. Det er derfor nødvendig å gjere enkelte endringar i norsk lov for å gjennomføre direktivet. Av informasjonsomsyn føreslår departementet å la kapittelet om utsende arbeidstakarar omfatte både dei offentlegrettslege og dei privatrettslege reglane som etter direktivet skal gjelde for arbeidstakarar som blir sende ut til Noreg.
Det skal opprettast eit samarbeidskontor som skal ha ansvar for samarbeid mellom tilsynsstyresmaktene og for informasjon til arbeidstakarar, arbeidsgivarar og organisasjonar. Samarbeidskontoret skal også samarbeide med tilsvarande kontor i dei andre EØS-landa. Departementet føreslår at ansvaret som samarbeidskontor blir lagt til Direktoratet for arbeidstilsynet, fordi dei allereie har rettleiingsplikt og tilsynsansvar på eit fleirtal av dei områda direktivet omfattar.
Etter forslaget skal utsende arbeidstakarar kunne reise søksmål for norske domstolar ved tvist om dei arbeids- og tilsetjingsvilkåra som er omfatta av forslaget. Dette punktet blir føreslått for å gjennomføre kravet i direktivet om at arbeidstakarane skal kunne velje å gå til søksmål i det landet dei er utsende til.
Lovforslaget vil vere aktuelt å bruke når utanlandske verksemder sender ut arbeidstakarar til Noreg i samband med tenesteyting, dvs. som følgje av ein avtale mellom den utanlandske verksemda og tenestemottakaren i Noreg. Norske verksemder som sender ut arbeidstakarar til andre EØS-land, vil måtte tilpasse seg tilsvarande lovgiving i desse landa. For å sikre at norske arbeidsgivarar følgjer denne lovgivinga, blir det føreslått å ta inn ei føresegn om dette i utsendingslova. Ein slik regel vil også vere viktig i høve til lovval dersom ei sak mot ein norsk arbeidsgivar om brot på slik lovgiving kjem opp for ein norsk domstol.