6 Administrative og økonomiske konsekvensar
Forslaget til nytt kap. XII B i arbeidsmiljølova skal gjennomføre utsendingsdirektivet i norsk rett, noko Noreg er forplikta til etter EØS-avtalen. Konsekvensane av lovforslaget blir truleg små, men det ligg ikkje føre sikre tal for omfanget av arbeidstakarar som blir sende ut til Noreg.
Det må opprettast eit samarbeidskontor, og etter forslaget skal denne oppgåva leggjast til Direktoratet for arbeidstilsynet. Oppgåva til samarbeidskontoret vil først og fremst vere å informere om kva slags arbeids- og tilsetjingsvilkår som skal gjelde for arbeidstakarar som blir sende ut til Noreg. Det dreiar seg i hovudsak om lovfeste vilkår på område der Arbeidstilsynet allereie har ei rettleiingsplikt. Ansvaret som samarbeidskontor vil derfor berre innebere mindre administrative og økonomiske konsekvensar for Direktoratet for arbeidstilsynet. Departementet reknar med at direktoratet kan ta på seg oppgåva utan å bli tilført auka ressursar.
Konsekvensane av at utsende arbeidstakarar skal ha tilgang til norske domstolar, er det vanskeleg å seie noko om, for det er usikkert i kor stort omfang utsending skjer, og i kor stor grad det oppstår tvistar om arbeids- og tilsetjingsforhold. Talet på nye saker blir neppe særleg stort. Men dersom slike saker blir reiste for norske domstolar, er det norsk rett som skal leggjast til grunn. Det er lite truleg at forslaget vil innebere nokon særleg auke i arbeidsbyrda for norske domstolar.
Elles vil gjennomføringa ikkje ha nokon administrative eller økonomiske konsekvensar.