9 Merknader til føresegner om ikraftsetjing
Det blir føreslått at Kongen får fullmakt til å fastsette tida for ikraftsetjing. Departementet tek likevel sikte på at ikraftsetjing bør skje raskt. Fristen for å implementere utsendingsdirektivet i norsk rett er 16. desember 1999.
Det vil vere tenleg at lova først blir gjort gjeldande for arbeidstakarar som blir utsende til Noreg etter at lova trer i kraft. Lova bør ikkje gjere endringar for arbeidstakarar som allereie er utsende til Noreg og har slutta avtaler om slik utsending. Endringane vil i alle fall ikkje få stor verknad fordi mange av dei arbeidsrettslege føresegnene likevel gjeld alle som arbeidar i Noreg, sjå nærare kap. 5.2.