3 Gjeldande reglar om skattlegging av pensjon
Etter norske skattereglar er det i liten grad heimel til å skattleggje pensjonar mv. på anna grunnlag enn at skattytaren er busett i Noreg etter skatteloven. Berre skatteloven § 2-3 første ledd bokstav e gir heimel til å skattleggje personar som ikkje er busette i Noreg for pensjon til direktørar og medlem av styre, kontrollkomité og liknande organ i selskap som hører heime i Noreg.
Reglane i skatteloven § 2-1 gjer at ein person som flytter ut, normalt blir rekna for å vere busett i Noreg til og med det fjerde året etter at vedkomande tok opphald i utlandet. Det er såleis først frå det femte året at ein person kan bli rekna som busett i utlandet, dersom vilkåra for dette elles er oppfylte. Det er frå vedkomande er busett i utlandet etter skatteloven at det vil ha noko å seie om det er heimel for kjeldeskatt på pensjon eller ikkje.
For den som er busett i Noreg, gir skatteloven § 5-1 første ledd den grunnleggjande heimelen for å skattleggje pensjon, føderåd og livrenter. Desse omgrepa er avgrensa til løpande ytingar. Skatteplikta gjeld utan omsyn til om mottakaren har fått frådrag for sparinga til pensjonen eller om den som ber plikta til å betale pensjonen får frådrag for ytinga.
Skatteloven §§ 5-40 - 5-43 presiserer, vider ut og avgrensar føresegnene i § 5-1 første ledd.
Etter skatteloven § 5-40 er det skatteplikt for
etterløn og -pensjon ut over 1 ½ gonger grunnbeløpet i folketrygda
eingongs- og avløysingssummar og andre kapitalytingar frå
pensjonsordning
føderåd
livrente som ledd i pensjonsordning i arbeidstilhøve
ytingar frå
anna pensjonsordning i arbeidstilhøve enn pensjonsforsikring
individuelle pensjonsavtaler etter skatteloven (IPA).
Skatteloven § 5-41 avgrensar skatteplikta etter § 5-1 første ledd for individuelle livrenter. Skatteplikta omfattar berre den delen av ubetalinga som ikkje er tilbakebetaling av forsikringspremien. Føresetnaden er at det ikkje er gitt frådrag for betalinga av forsikringspremien. Skattefritaket er nærmare regulert i Finansdepartementet si forskrift til skatteloven (FSFIN) § 5-41.
Skatteloven § 5-41 gjeld også kollektive livrenter i arbeidstilhøve, når dei er oppretta etter 1. januar 2007 og arbeidstakaren er skattepliktig etter skatteloven § 5-12 sjette ledd for premiebetalinga åt arbeidsgivaren. Kollektive livrenter der premien er betalt før 1. januar 2007, er skattepliktige etter skatteloven §§ 5-1 første ledd og 5-12 bokstav b.
Etter skatteloven § 5-42 er det skatteplikt for regelfaste personlege stønader etter lov eller avtale. Føresegna nemner mellom anna
utbetalingar frå omsorgs- og trygdeinnretningar, slik som
rehabiliteringspengar
attføringspengar
tidsavgrensa uførestønad
overgangsstønad
enkelte private stønader
introduksjonsstønad.
Underhaldstilskot er mellom dei regelfaste personlege stønadene som er omfatta av føresegna. Slike ytingar blir ikkje rekna som personinntekt.
Hovudregelen er at pensjon og føderåd blir skattlagde som personinntekt. For livrenter gjeld dette berre så langt dei utgjer ei pensjonsordning i eit arbeidstilhøve, jf. skatteloven § 12-2. Barnepensjon til barn som ikkje er fylt 17 år ved utløpet av inntektsåret, etterløn og etterpensjon blir ikkje rekna som personinntekt, jf. skatteloven § 12-2 bokstav b og d. Dei pensjonane mv. som går inn i personinntekta, blir pålagde trygdeavgift med låg sats, jf. folketrygdloven § 23-3. Rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad blir pålagde trygdeavgift etter mellomsats.
Skatteloven § 5-43 avgrensar skatteplikta for ytingar som elles ville ha vore skattepliktige. Dette gjeld
barnetrygd
kontantstønad
sosialhjelp
diverse stønader etter folketrygdlova og andre ordningar.
Av pensjonane mv. som er gått gjennom ovanfor, er dei mest sentrale
grunn- og tilleggspensjon frå folketrygda
offentlege tenestepensjonar
private tenestepensjonar i form av
pensjonsordning etter lov om foretakspensjon
pensjonsordning etter lov om innskuddspensjon
pensjon over drift
pensjon basert på individuelle pensjonsavtaler
pensjon som vederlag til den som avhender fast eigedom eller verksemd.
I denne proposisjonen blir omgrepet «pensjon mv.» nytta om pensjonar, føderåd, livrenter og andre ytingar som er omfatta av §§ 5-1 og 5-40 - 5-43.