7 OECD sitt mønster for skatteavtaler med kommentarar
OECD-mønsteret skil mellom private tenestepensjonar, offentlege tenestepensjonar, individuelle pensjonar og pensjonar frå sosiale trygdeordningar.
Etter OECD-mønsteret artikkel 18 blir private tenestepensjonar og liknande vederlag for tidlegare teneste skattlagde berre i staten der mottakaren bur. Etter kommentarane til artikkelen omfattar dette pensjonar til attverande, livrenter og avløysingssummar som er knytte til tidlegare teneste. Avløysingssummane må avgrensast mot sluttvederlag. Artikkelen omfattar pensjonar frå offentlege trygdeordningar så langt dei er opptente i privat teneste, slik tilleggspensjon i folketrygda kan vere. Regelen om at staten der pensjonisten bur, skal ha retten til å skatte pensjonen er grunngitt med at det er denne staten som best kan ta omsyn til den totale skatteevna til vedkomande, og at denne løysinga gjer at skattytaren slepp å ta omsyn til skatteplikter i andre statar.
Sjølv om OECD-mønsteret byggjer på at staten der vedkomande bur, skal ha retten til å skattleggje private tenestepensjonar, er det ei rekkje statar som går inn for at kjeldestaten skal ha rett til å skattleggje. Argumenta til desse statane er drøfta på omfattande vis i kommentarane. For det første blir det vist til at det å gi skatteføremonar til pensjonssparinga kan reknast som ei utsetjing med skattlegginga. Derfor bør den staten som gir skatteføremonane til pensjonssparinga, kunne skattleggje den seinare pensjonen, sjølv om mottakaren ikkje bur der når pensjonen blir ytt. Desse statane viser vidare til at ein kjeldeskatt vil hindre at pensjonen blir skattefri sjølv om mottakaren buset seg i ein stat som ikkje skattlegg pensjonar, og at nivået på pensjonen gjerne vil vere sett ut frå skattenivået i kjeldestaten. På dette grunnlaget gir kommentarane eksempel på føresegner som legg retten til å skattleggje til kjeldestaten, føresegner som deler retten til å skattleggje mellom kjeldestaten og staten der pensjonisten bur, føresegner som gir kjeldestaten rett til å skattleggje pensjonsinntekt inntil ein viss prosent, føresegner som gir kjeldestaten rett til å skattleggje dersom staten der pensjonisten bur ikkje skattlegg og føresegner som gir fritak i staten der pensjonisten bur i tilfelle der pensjonen ville vore friteken i kjeldestaten om vedkomande hadde budd der.
Kommentarane drøftar spørsmålet om kvar ein skal rekne pensjonen for å ha si kjelde. Kommentarane tek for seg høvet til å sjå det slik at kjelda er staten der pensjonen blir betalt frå, staten der arbeidet som pensjonen er tent opp i er utført, og staten som har gitt frådrag for pensjonssparinga.
OECD-mønsteret artikkel 19 nr. 2 tek for seg offentlege tenestepensjonar. Artikkelen har som utgangspunkt at pensjonar som er utbetalte av den staten tenesta er ytt til eller frå fond som er oppretta av denne staten, berre skal kunne skattleggjast der. Det same gjeld regionale og lokale styresmakter, slik som kommunar og fylkeskommunar. Artikkelen omfattar tilleggspensjon i folketrygda så langt han er opptent i offentleg teneste. Regelen er grunngitt med at løn i offentleg teneste blir handsama på denne måten. Pensjon til den som er statsborgar av staten der han bur, og pensjon etter teneste i offentleg forretningsdrift, kan berre skattleggjast der vedkomande bur. Kommentarane tek opp problema som oppstår når pensjonen til ein bestemt person byggjer på både privat og offentleg teneste. Dei nemner at enkelte statar løyser dette ved å ha ein felles regel for pensjonar. Det er denne løysinga Noreg går inn for, jf. kapittel 6 ovanfor.
Artiklane ovanfor omfattar ikkje pensjonar som ikkje byggjer på tidlegare teneste, slik som individuelle pensjonsordningar, pensjonar frå offentlege trygdeordningar som ikkje byggjer på tidlegare arbeidsinntekt, og pensjonar som er vederlag for avhending av verksemd eller fast eigedom. Desse fell inn under artikkel 21 om andre inntekter enn dei som er regulerte særskilt i nokon av dei andre føresegnene i mønsteret. Denne artikkelen gir retten til å skattleggje til staten der vedkomande bur.
Nokre former for pensjonssparing kan falle inn under artiklane om kapitalinntekt og formue, utan at ein går nærmare inn på det her. Departementet går heller ikkje nærmare inn på høvet mellom pensjonssparing og andre, alternative spareformer.
Dei nemnde artiklane gir inga klar avgrensing av kva for inntekter dei omfattar. Den enkelte parten i skatteavtala vil derfor i stor mon kunne byggje på pensjonsomgrepa slik dei er nytta i intern rett.
Det nemnde syner at det etter skatteavtaler som følgjer OECD-mønsteret, kan vere naudsynt å skilje mellom den delen av ein tilleggspensjon frå folketrygda som skriv seg frå privat teneste og næringsdrift og den delen som skriv seg frå offentleg teneste. Denne problemstillinga er ikkje ny. Så lenge vedkomande etter skatteloven har allmenn skatteplikt til Noreg, har Noreg også etter gjeldande reglar høve til å nytte dei nemnde, avgrensa rettane til å skattleggje pensjonistar som etter skatteavtala skal reknast å bu i ein annan stat.