6 Skatteavtalene og skatteavtalepolitikken til Noreg
6.1 Høvet til å krevje kjeldeskatt
Retten til å leggje kjeldeskatt på pensjonar kan vera avgrensa gjennom skatteavtale mellom Noreg og den staten der pensjonsmottakaren bur. Dette er i stor grad gjort i gjeldande skatteavtaler ved at retten til å skattleggje pensjonar er lagd til staten der pensjonsmottakaren bur. I dei seinare åra har det norske utgangspunktet vore at retten til å skattleggje pensjonar skal vere delt mellom kjeldestaten og staten der pensjonsmottakaren bur. I alle høve går Noreg inn for at dei ulike pensjonane skal samlast i ein artikkel og bli handsama likt.
For at pensjonsmottakaren skal reknast å bu i ein bestemt stat etter skatteavtale, må vedkomande vera busett der etter skattereglane der. Vedkomande må også reknast som busett der etter føresegnene i skatteavtala.
Retten til å skattleggje pensjonar er lagd til staten der mottakaren bur mellom andre etter skatteavtalene med dei baltiske statane, Pakistan, Russland, Spania, Thailand og Tyskland (med enkelte unntak).
Den minst vanlege løysninga i norske skatteavtaler er at retten til å skattleggje pensjonar er lagd til kjeldestaten, men dette har vore ordninga etter den nordiske skatteavtala. Så lenge som Noreg ikkje har lagt kjeldeskatt på pensjonar, har likevel pensjonistane som er utflytte etter skatteloven § 2-1, betalt skatt på pensjonsinntekta til staten der dei bur. Den nordiske skatteavtala er nyleg endra gjennom ein protokoll, jf. St.prp. nr. 54 (2007-2008) om samtykke til å sette i kraft en protokoll om endring av overenskomst av 23. september 1996 mellom de nordiske land til unngåelse av dobbeltbeskatning og forebyggelse av skatteunndragelse med hensyn til skatter av inntekt og formue, undertegnet i Helsingfors den 4. april 2008. Etter protokollen blir retten til å skattleggje pensjonar delt mellom kjeldestaten og staten der pensjonisten bur. Den tidlegare ordninga skal likevel halde fram med å gjelde for pensjonistar som bur i Sverige eller Finland per 4. april 2008. Desse pensjonistane vil derfor bli fritekne frå skatt på pensjonsinntekta der dei bur, når Noreg innfører kjeldeskatt på pensjonar.
Mange norske skatteavtaler har blanda løysingar. Retten til å skattleggje kan vere delt for alle pensjonar mellom kjeldestaten og staten der vedkomande bur, slik som i avtalene med Austerrike, Brasil, Canada (med enkelte unntak) og Chile. Retten til å skattleggje kan og vere delt ved at det gjeld ulike løysingar for ulike slag pensjonar. Til dømes følgjer skatteavtalene med Australia, Belgia, Japan, Kina, Portugal og Storbritannia OECD-mønsteret, jf. kapittel 7 nedanfor, ved at retten til å skattleggje pensjonar i utgangspunktet er lagd til staten der pensjonisten bur, medan denne retten er lagt til kjeldestaten når det gjeld offentlege pensjonar. Skatteavtalene med Frankrike og USA følgjer FN-mønsteret ved at retten til å skattleggje pensjonar er lagd til staten der pensjonisten bur, medan retten er lagd til kjeldestaten når det gjeld offentlege pensjonar og folketrygdpensjon.
6.2 Føresegner til hinder for dobbel skattlegging
Skatteavtalene er det mellomstatlege instrumentet ein har for å hindre dobbel skattlegging av inntekter og formue. På den eine sida avgrensar kjeldestaten sine skattar etter slike føresegner som er gjennomgått i avsnittet ovanfor. På den andre sida tek staten der vedkomande bur, på seg ei plikt til å gi frådrag i skatten der for skatt som blir betalt til kjeldestaten, eller å frita pensjonen frå skatt.
Skatteavtalene hindrar dobbel skattlegging i høvet mellom to statar. Der ei inntekt har tilknyting til meir enn to statar, kan det vere at dei aktuelle skatteavtalene ikkje til saman hindrar dobbel skattlegging. Dette kan vere tilfellet der ein person som har vore yrkesaktiv i ein stat og fått skatteføremon der for sparing i ei utanlandsk innretning, flytter til ein tredje stat når han blir pensjonist. Dersom staten der vedkomande bur som pensjonist, har skatteavtale med staten som ga skatteføremon om at denne skal få leggje kjeldeskatt på pensjonen, og samstundes har skatteavtale med staten der pensjonsinnretninga er heimehørande om at den staten skal få leggje kjeldeskatt på pensjonen, vil pensjonen kunne bli skattlagd i alle tre statar. Ettersom staten der vedkomande bur, vanskeleg kan utlikne effekten av skattlegginga i begge dei to andre statane, vil ikkje skatteavtalene hindre dobbel skattlegging. Dei kompetente styresmaktene i staten der vedkomande bur, vil likevel kunne ta saka opp med dei kompetente styresmaktene i dei to andre statane for å prøve å finne grunnlag for at dei kan inngå gjensidige avtaler etter dei aktuelle skatteavtalene for å hindre den doble skattlegginga.
Der det ikkje ligg føre skatteavtale, vil ikkje kjeldestaten vere i stilling til å hindre dobbel skattlegging. I desse høva er det vanlege at det er staten der vedkomande bur, som hindrar dobbel skattlegging. Den som er busett i Noreg, har såleis rett til frådrag for skatt betalt i utlandet etter reglane i skatteloven §§ 16-20 flg. og 16-30 flg.