1 Hovudinnhald i proposisjonen
På bakgrunn av reglane i EØS-avtalen har departementet utarbeidd eit forslag til lov om endringar i lov 16 juni 1994 nr 20 om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar etter EØS-avtalen (lov om tekniske kontrollorgan).
Forslaget er ei oppfølging av innhaldet i protokoll 12 i EØS-avtalen der det går fram at EU vil forhandle avtalar med utvalde tredjeland om gjensidig godkjenning av samsvarsvurderingar, såkalla MRA-avtalar (Mutual Recognition Agreements). I samsvar med protokoll 12 føreset EU at landa gjer parallelle avtalar med EFTA-landa tilsvarande dei avtalane som dei gjer med EU.
Endringsforslaget omfattar §§ 1 og 6.
Nærings- og energidepartementet foreslår samttidig at lovas tittel endrast til lov om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar.
1.1 Lov om endringar i lov om tekniske kontrollorgan
For å verne helse, tryggleik og miljø har styresmaktene i mange land fastsett krav til eigenskapar ved produkt, og samsvarsvurdering og merking av dei. I somme tilfelle blir det stilt krav om at ein uavhengig tredjepart skal vurdere om eit produkt samsvarer med krava i produktregelverket. Det gjeld i land som for eksempel USA, Japan og Sveits, men også EØS-landa har fastsett slike krav for ei rekke produkt.
Det tekniske regelverket i EØS-avtalen inneheld mellom anna reglar for prøving og samsvarsvurderingar av produkt før dei blir sende ut på marknaden. Prosedyren for samsvarsvurdering for kvar enkelt produkttype er nedfelt i produktdirektiva. Regelverket for prøving og samsvarsvurdering inneheld føresegner om at styresmaktene skal utnemne organ som har ansvaret for å vurdere om produkta er i samsvar med produktkrava, såkalla tekniske kontrollorgan.
Lov om tekniske kontrollorgan gir styresmaktene heimel til å peike ut tekniske kontrollorgan. Lova inneber mellom anna at norske tekniske kontrollorgan kan utføre samsvarsvurderingar av produkt frå heile EØS-området.
Krava til prøving og sertifisering av produkt for å verne helse, tryggleik og miljø er legitime, men gjer handelen med slike produkt vanskeleg. EØS-avtalen og GATT/WTO-avtalen om tekniske handelshinder oppmodar medlemslanda om å forhandle avtalar om gjensidig godkjenning av samsvarsvurderingar. Det kan vere med på å byggje ned handelshinder som kjem av at styresmaktene i ulike land stiller ulike krav til samsvarsvurdering av produkt. Gjensidig godkjenning inneber at avtalelanda etter ein nærare fastlagd prosedyre godkjenner samsvarsvurderingar som er utførte av kontrollorgan i det andre landet, som likeverdige med samsvarsvurderingar utførte av kontrollorgan i eige land. Men det er ingen føresetnad at regelverkskrava blir harmoniserte.
I samsvar med lov om tekniske kontrollorgan godkjenner Noreg samsvarsvurderingar som er utførte av tekniske kontrollorgan i andre EØS-land. Lovendringa inneber at Noreg også godkjenner samsvarsvurderingar som er utførte av kontrollorgan i land Noreg har inngått avtale med om gjensidig godkjenning av samsvarsvurderingar (MRA-avtalar).
MRA-avtalane har mange fellestrekk med prosedyrane for tekniske kontrollorgan i EØS-avtalen. Det synest derfor mest rasjonelt å nytte den same prosedyren for utpeiking av kontrollorgan under MRA-avtalane om gjensidig godkjenning av samsvarsvurderingar, som for EØS-avtalen. Dermed kan ein nytte same lovheimel for gjennomføring av avtalane.
1.2 Høyring
Utkastet til lov om endringar i lov om tekniske kontrollorgan, vart sendt til høyring 19 september 1996 til desse institusjonane og organisasjonane:
Alle departement
Næringslivets Hovedorganisasjon
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Landsorganisasjonen i Noreg
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Noregs Standardiseringsforbund
Justervesenet
Høyringsinstansane vart bedne om å ta opp lovendringsforslaget med underliggjande etatar, organisasjonar og andre det vedkjem. Departementet har såleis også motteke høyringssvar frå desse etatane:
Oljedirektoratet
Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern
Arbeidstilsynet
Produkt- og elektrisitetstilsynet
Statens teleforvaltning
Høyringsfristen vart sett til 28 oktober 1996.
Departementet har fått desse høyringssvara:
Administrasjonsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Finans- og tolldepartementet, Fiskeridepartementet, Forsvarsdepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet, Kulturdepartementet, Landbruksdepartementet, Samferdselsdepartementet, Sosial- og helsedepartementet, Utanriksdepartementet, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, Landsorganisasjonen i Noreg, Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern og Statens teleforvaltning har ikkje vesentlege merknader til lovendringsforslaget.
Kommunal- og arbeidsdepartementet, Næringslivets Hovedorganisasjon, Justervesenet, Oljedirektoratet, Arbeidstilsynet og Produkt- og elektrisitetstilsynet har alle hatt merknader til lovforslaget. Enkelte av merknadene blir kommenterte nedanfor under dei relevante punkta.
Justisdepartementet, Miljøverndepartementet, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Noregs Standardiseringsforbund har ikkje svara på høyringsbrevet.