Tilråding
Nærings- og energidepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om lov om endringar i lov 16 juni 1994 nr 20 om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar etter EØS-avtalen.
Vi HARALD, Norges Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak til lov om endringar i lov 16 juni 1994 nr 20 om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar etter EØS-avtalen, i samsvar med eit framlagt forslag.
Tilråding frå Nærings- og energidepartementet ligg ved.