3 Generelle merknader
Prosedyrane for utpeiking av og tilsyn med tekniske kontrollorgan under EØS-avtalen skal så langt det er formålstenleg, nyttast også for tekniske kontrollorgan under MRA-avtalane. Ansvaret for å peike ut tekniske kontrollorgan under avtalane om gjensidig godkjenning (MRA) er følgjeleg lagt til same fagmyndigheit som har ansvaret for å peike ut tekniske kontrollorgan under EØS-avtalen.
Utpeikande styresmakter kan peike ut institusjonar som kan godtgjere at dei oppfyller krava til tekniske kontrollorgan under den aktuelle MRA-avtalen. I dei fleste MRA-avtalar blir det stilt krav om akkreditering for dei aktuelle produkta og samsvarsprosedyrane. Utanriksdepartementet formidlar utpeikinga under EØS-avtalen og bør som medlem av den faste komiteen under MRA-avtalane også formidle utpeikingar under MRA-avtalane.
I høyringsrunden peika Justervesenet på at bruken av nemninga "teknisk kontrollorgan" både for EØS-landa og for land det er inngått MRA-avtale med, kan skape ei viss forvirring. Justervesenet meiner likevel at denne språkbruken er akseptabel så lenge det blir presisert i relevante dokument og oversikter kva utpeikinga/dokumentet omfattar.