Forslag til lov om endringar i lov 16 juni 1994 nr 20 om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar etter EØS-avtalen (lov om tekniske kontrollorgan)
I
I lov 16 juni 1994 nr 20 om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar etter EØS-avtalen vert det gjort følgjande endringar:
Lovas tittel skal lyde:
Lov om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar.
§ 1 første ledd skal lyde:
Denne lova gjeld utpeiking av og verksemda til tekniske kontrollorgan som driv samsvarsvurderingar etter reglar som er gitt til gjennomføring av EØS-avtalen, og reglar gitt av land Noreg har inngått avtale med om gjensidig godkjenning av samsvarsvurderingar.
§ 6skal lyde:
Ei samsvarsvurdering som er gitt av eit teknisk kontrollorgan som er peika ut av ein annan EØS-stat, eller som er utpeika i samsvar med ein avtale om gjensidig godkjenning av samsvarsvurderingar, har same rettsverknad som ei samsvarsvurdering frå eit teknisk kontrollorgan her i landet.
II
Lovendringa trer i kraft 1 januar 1997.