2 Bakgrunn for endringsforslaget
2.1 Produktregelverket
Blant dei sentrale reglane i EØS-avtalen er prinsippet om fri flyt av varer. Til gjennomføring av dette prinsippet eksisterer det mange reglar som mellom anna tek sikte på å fjerne tekniske handelshinder. Det er handelshinder som kjem av at dei ulike landa stiller ulike nasjonale minstekrav til eigenskapane ved produkta o.a. Slike hinder prøver ein å fjerne ved å samordne krava gjennom å utvikle eit felles regelverk som skal gjelde for heile EØS-området. Produkt som ikkje oppfyller krava i regelverket, skal ikkje omsetjast.
EØS-avtalen inneheld såleis produktreglar som set krav til eigenskapar ved produkta og til korleis produkta skal kontrollerast. Regelverket krev at mange produkt skal prøvast og samsvarsvurderast før dei kan marknadsførast i EØS-landa (førmarknadskontroll). I samsvar med produktregelverket i EØS-avtalen skal for eksempel maskinar, medisinsk utstyr og telekommunikasjonsutstyr vurderast av ein uavhengig tredjepart før det kan marknadsførast. Formålet med prøving og sertifisering er å sikre at produkta det gjeld, er i samsvar med produktkrava i regelverket. Produktreglane som omfattar slik førmarknadskontroll, går fram av det tekniske regelverket i EØS-avtalen.
Sentralt i dette regelverket for prøving og samsvarsvurdering er føresegnene om at styresmaktene skal utnemne organ som har ansvaret for å vurdere om produkt er i samsvar med produktkrava. Slike organ blir omtala som tekniske kontrollorgan. Tekniske kontrollorgan skal meldast til EFTAs overvakingsorgan, ESA.
Den fastsette prosedyren for samsvarsvurdering for kvar enkelt produkttype er nedfelt i kvart enkelt produktdirektiv. Dersom den aktuelle prosedyren krev at produktet skal samsvarsvurderast av eit teknisk kontrollorgan, skal produsenten kontakte organet og få produktet samsvarsvurdert før produktet blir sendt ut på marknaden. Dersom organet finn at produktet er i samsvar med produktkrava i direktiva, blir det skrive ut eit sertifikat, og produsenten kan deretter merkje produkta etter spesifiserte reglar (til dømes CE-merket). Berre organ som er peika ut av kvar enkelt EØS-stat og melde til ESA, kan skrive ut sertifikat.
EØS-avtalen inneheld reglar om kva for krav som blir stilte til organ som skal meldast. Som følgje av EØS-avtalen har norske styresmakter høve til å peike ut tekniske kontrollorgan i Noreg som kan utføre samsvarsvurderingar etter EØS-regelverket. Lov om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar etter EØS-avtalen vart vedteken 16 juni 1994.
For å kontrollere at produktkrava er haldne, kan norske styresmakter etter lova peike ut kompetente norske institusjonar til tekniske kontrollorgan for å gjennomføre denne kontrollen. Norske produsentar kan dermed få vurdert produkta i Noreg og vere sikre på at samsvarsvurderingane blir godkjende i heile EØS-området. Lova inneber òg at norske institusjonar som blir melde, kan utføre samsvarsvurderingar av produkt frå heile EØS-området. På den måten kan dei konkurrere på lik linje med tekniske kontrollorgan frå andre EØS-land.
Lova gir heimel til å peike ut både offentlege og private institusjonar som tekniske kontrollorgan, og legg samtidig visse felles rammer for systemet med tekniske kontrollorgan i Noreg. Lova inneheld også saksbehandlingsreglar for det tekniske kontrollorganet. Lova regulerer vidare forholdet mellom utpeikande styresmakt og teknisk kontrollorgan. Det fagdepartementet som har hovudansvaret for å gjennomføre det aktuelle regelverket, har ansvaret for å peike ut kompetente sertifiserings- og prøveinstitusjonar.
Lova gir eit meir oversiktleg system for produsentar som treng samsvarsvurdering av produkt. Det inneber òg at tilgangen til EØS-marknaden blir lettare for norske varer.
2.2 MRA-avtalane
For produsentar i land utanfor EØS-området er det både tidkrevjande og kostbart å få innpass på EØS-marknaden. Dei er avhengige av å få produkta vurderte i eit av EØS-landa før produktet kan importerast og marknadsførast i EØS. Norske og europeiske produsentar møter dei same problema når dei skal få godkjend produkta sine for import til land utanfor EØS.
Formålet med MRA-avtalane er å forenkle marknadstilgangen. MRA-avtalane inneber inga endring i dei krava styresmaktene stiller til produkt eller til kompetansen i tekniske kontrollorgan. Produkt som blir importerte til EØS-området, må framleis oppfylle krava i EØS-avtalen til eigenskapane ved eit produkt, samsvarsvurdering og merking. Men MRA-avtalen inneber at produsentar i avtalelanda ikkje lenger må oppsøkje eit EØS-land for å få vurdert om produkta samsvarer med krava i EØS-regelverket. Dei kan få produktet vurdert av eit teknisk kontrollorgan i sitt eige land som er godkjend under MRA-avtalen.
På same måte skal tilgangen til marknadene i avtalelanda forenklast for norske og andre europeiske produsentar ved at dei kan få utført samsvarsvurderingar i eit av EØS-landa etter regelverket i avtalelanda.
MRA-avtalane byggjer på tillit. Det er avgjerande at avtalepartane har prosedyrar for utpeiking av og tilsyn med tekniske kontrollorgan som sikrar at berre kompetente institusjonar blir utpeika. Aktuelle kontrollorgan må kunne godtgjere at dei kan utføre samsvarsvurderingar etter produktregelverk i avtalelandet. I praksis vil truleg berre gyldig akkreditering gi tilstrekkeleg tillit til at institusjonane har den nødvendige kompetansen. Nærare krav og prosedyrar for utpeiking av tekniske kontrollorgan blir fastsette i kvar enkelt avtale om gjensidig godkjenning.
MRA-avtalane gir tekniske kontrollorgan i avtalelanda like juridiske rettar, men den kommersielle verdien av avtalane blir påverka av handelsmønstra landa har.
Som følgje av MRA-avtalane får norsk næringsliv truleg noko sterkare konkurranse både på EU-marknaden og på heimemarknaden frå produsentar i avtalelanda. MRA-avtalane gir på den andre sida nye marknadssjansar for norsk næringsliv på marknader i avtalelanda. I fyrste omgang er det aktuelt å gjere MRA-avtalar med Australia og New Zealand. Utanrikshandelsstatistikk viser at det i dag er svært avgrensa norsk eksport til desse landa. For handelsverksemda til norske produsentar har det derimot mykje å seie når det blir forhandla fram avtalar med blant andre Sveits, Japan, USA og dei austeuropeiske landa. Sjølv om ikkje alle dei landa EU vil gjere MRA-avtalar med, er like viktige i forhold til norske næringslivsinteresser, er det likevel viktig å sikre at norsk næringsliv får like rettar og kommersielle sjansar som næringslivet i dei andre landa innanfor EØS.
Sjølv om Noreg inngår parallelle avtalar med EU, inneber det ikkje nødvendigvis at Noreg bør peike ut tekniske kontrollorgan under avtalane. I den grad det ikkje er marknadsgrunnlag for å peike ut tekniske kontrollorgan i Noreg, er det viktig å sikre at norsk næringsliv kan nytte tekniske kontrollorgan som er utpeika under MRA-avtalane i EU-landa. EU har akseptert dette prinsippet og teke inn føresegner i avtalane med Australia og New Zealand som sikrar at også norsk næringsliv kan nytte samsvarsvurderingstenester i EU-landa.
Næringslivets Hovedorganisasjon seier i høyringsbrevet sitt at det blir ei ulempe for norsk næringsliv dersom det ikkje også blir peika ut norske tekniske kontrollorgan. Næringslivets Hovedorganisasjon skriv at sjølv om EU har akseptert at norske bedrifter kan bruke samsvarsvurderingar utførte i EU-landa, fører det til auka kostnader i forhold til om produkta kan bli vurderte av eit norsk teknisk kontrollorgan. Justervesenet understrekar i sitt høyringssvar at liten eksport til enkelte av dei landa det blir inngått MRA-avtalar med, ikkje utelukkar at det kan vere interessant for norske tekniske kontrollorgan å bli utpeika som teknisk kontrollorgan under ein MRA-avtale. Justervesenet skriv vidare at fleire norske tekniske kontrollorgan arbeider internasjonalt, og for dei kan MRA-avtalane innebere nye forretningssjansar. Nærings- og energidepartementet understrekar at fagdepartementet ikkje har heimel til å peike ut norske tekniske kontrollorgan under MRA-avtalane dersom det tekniske kontrollorganet ikkje sjølv søkjer om å bli utpeika. Trass i liten handel med enkelte av MRA-landa kan det likevel vere interesse for å bli utpeika mellom anna fordi det kan opne for nye forretningssjansar.
2.3 Behovet for lovheimel
Lov om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar etter EØS-avtalen vart vedteken 16 juni 1994. Lova gir på den eine sida departementet heimel til å peike ut tekniske kontrollorgan i Noreg (§ 1), og forpliktar på den andre sida Noreg til å godkjenne tekniske kontrollorgan i andre EØS-land (§ 6).
Lov om tekniske kontrollorgan heimlar ikkje gjennomføring av plikter etter parallelle avtalar med tredjeland. Eventuell underteikning av slike avtalar må reknast som traktatsbindingar og kan berre underteiknast med atterhald om samtykke frå Stortinget, jf Grunnlova § 26 andre ledd.
For å unngå at Stortinget må ratifisere kvar enkelt MRA-avtale, er det formålstenleg å hente inn samtykke frå Stortinget i form av ei lovendring. Lovendringa sikrar ein tilsvarande rettsverknad for land Noreg inngår MRA-avtalar med, som for EØS-landa når det gjeld utpeiking av tekniske kontrollorgan (§ 1) og godkjenning av kontrollorgan i avtalelanda (§ 6).