1 Innleiing og bakgrunn
Kommunal- og arbeidsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i vallova av 1. mars 1985 nr 3 som gjeld innføring av postrøysting i Noreg, frå og med stortingsvalet og sametingsvalet i 1997.
Forslaget inneber at Postverket tek over ansvaret for førehandsrøystinga innanriks, bortsett frå Svalbard og Jan Mayen. Ordninga vil erstatte den førehandsrøystinga kommunane gjennomfører etter reglane i dag. Endå om overgangen til postrøysting ikkje omfattar førehandsrøysting utanriks og førehandsrøysting på Svalbard og Jan Mayen, vil nokre av endringane i forslaget gjelde der òg.
Under stortingsbehandlinga av lov om folkerøysting om Noreg bør bli med i EU, blei dette forslaget sett fram:
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endringer som gir adgang til å stemme pr. post. Forslaget legges fram i god tid før folkeavstemningen.»
Forslaget blei sendt over til Regjeringa utan realitetsdrøfting.
På grunn av den korte tida som stod att til opninga av førehandsrøystinga, var det ikkje mogleg å gjennomføre ordninga i samband med med folkerøystinga om EU-medlemskap i november 1994 slik det var meint i forslaget.
I Ot.prp nr 30 (1994-95) om endringar i vallova viste departementet til at det ikkje var praktisk mogleg å gjennomføre ei så omfattande omlegging av førehandsrøystinga med verknad for kommunestyre- og fylkestingsvalet i 1995, og foreslo at det blei arbeidd vidare med saka med sikte på ei eventuell innføring av postrøysting i Noreg frå og med stortingsvalet i 1997. Departementet peika vidare på ein del problemstillingar som må avklarast dersom ein skal innføre postrøysting i Noreg, m.a. spørsmålet om kva som er meint med «stemme pr. post» som låg til grunn for forslaget, om perioden for førehandsrøysting bør kortast ned, om førehandsrøysta bør gjerast endeleg osv.
Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget tok i Innst.O. nr 57 (1994-95) ikkje konkret standpunkt til dei problemstillingane som var reiste i proposisjonen. Komiteen uttalte seg
«enig i at disse spørsmålene vurderes nærmere fram mot stortingsvalget 1997, og viser til at spørsmålet om å gjøre forhåndsstemmene endelige også ble reist i forbindelse med komiteens gjennomgang av folkeavstemningen om EU.
Komiteen viser i denne sammenheng til at et system med poststemmer har hatt betydelig suksess i våre naboland, og at det må antas å bedre velgerenes mulighet til å avgi stemme. På den annen side vil dette, evt. sammen med å gjøre forhåndsstemmingen endelig, bidra til å trekke valghandlingen ut i tid.
Komiteen antar at disse momentene må bli undergitt en grundig vurdering, sammen med de sikkerhets- og kostnadsmessige sidene ved å innføre poststemming.»
På bakgrunn av merknadene frå komiteen sette departementet ned ei arbeidsgruppe med medlemmer frå departementet, Postverket og kommunesektoren for å greie ut saka nærmare. På grunnlag av utgreiinga til arbeidsgruppa blei det utarbeidd eit høringsnotat som blei sendt ut på høring 1. april 1996. Konklusjonane i notatet samsvarte i store trekk med det som blir foreslått her i proposisjonen.
Høringsinstansane har vore:
- -
departementa
- -
Sametinget
- -
Postverket, Statistisk sentralbyrå og Sentralkontoret for folkeregistrering
- -
fylkesmennene
- -
alle kommunar og fylkeskommunar, og Kommunenes Sentralforbund
- -
dei registrerte politiske partia
- -
forskingsinstitusjonar
- -
interkommunale datasentralar og IT-selskap engasjerte i arbeidet med å avvikle val
- -
Landsorganisasjonen og organisasjonane for dei tilsette i Postverket og kommunane