Ot.prp. nr. 3 (1996-97)

Om lov om endringar i lov 1. mars 1985 nr 3 om stortingsvalg, fylkestingsvalg og kommunestyrevalg (Valgloven)

Til innholdsfortegnelse

3 Tidlegare behandling av spørsmålet om å innføre postrøysting i Noreg

Vallovutvalet av 1980 foreslo i si innstilling, NOU 1982:6 Om en ny valglov, å innføre ei ordning med førehandsrøysting i regi av Postverket etter mønster av ordninga i Sverige.

Forslaget frå Vallovutvalet gjekk kort ut på følgjande:

  1. 1

    Administrasjon av all førehandsrøysting innanriks (bortsett frå Svalbard og Jan Mayen) blir overført til Postverket.

  2. 2

    Førehandsrøyster kan bli gitt på postkontora og på dei institusjonane som valstyret fastset. Sjuke og uføre kan røyste heime.

  3. 3

    Utanom postkontora tek landpostbod eller utsende postfunksjonærar imot førehandsrøyster.

  4. 4

    Førehandsrøysting utanriks og på Svalbard og Jan Mayen blir gjennomført i store trekk som no.

  5. 5

    Det blir innført ei ordning med bruk av røystekort.

  6. 6

    Førehandsrøystinga er endeleg dersom førehandsrøysta er komen inn til valstyret innan ein frist valstyret set.

  7. 7

    Følgjande fristar blir foreslått for behandlinga av manntalet osv.:

    1. A)

      Skjeringsdato for folkeregisterføringa blir 1. mai

    2. B)

      Frist for utanlandsbuande til å krevje seg innført i manntalet blir 10. mai

    3. C)

      Manntalsutkastet skal vere ferdig seinast 15. mai

    4. D)

      Manntalet skal liggje ute frå 20. mai til 10. juni

    5. E)

      Klagefristen går ut 10. juni

    6. F)

      Valstyret held sitt godkjenningsmøte seinast 15. juni

    7. G)

      Røystekort klart for utsending seinast 15. juli

    8. H)

      Førehandsrøystinga utanriks frå 1. juli

    9. I)

      Førehandsrøystinga innanriks frå 1. august

    10. J)

      Valstyret held ekstra godkjenningsmøte for å føre inn i manntalet dei som er blitt norske statsborgarar i tidsrommet etter 15. juni, og dei som har flytta heim til Noreg etter 10 års utanlandsopphald ein dag i tidsrommet 13. til 11. dag før valet

  8. 8

    Førehandsrøystinga blir avslutta laurdag før valet

  9. 9

    Fleirtalsforslag:

    Ordninga med to dagars val blir gjort obligatorisk

    Forslaget til mindretalet (ein person):

    Den tidlegare ordninga med ein dags val blir innført att.

  10. 10

    Utgiftene til førehandsrøystinga - bortsett frå produksjon av røystekort - blir borne av staten og dekte dels over budsjettet til Postverket, dels over budsjettet til Kommunaldepartementet.

I grunngivinga for forslaget tok utvalet utgangspunkt i at ordninga med førehandsrøysting er godt utbygd her i landet, og at regelverket synest å gi alle eit rimeleg høve til å kunne røyste.

Men utvalet sa vidare:

«En ulempe ved systemet er imidlertid at det til tider kan virke noe tungvint for enkelte velgere. Den som vil avgi stemme ved ambulerende stemmemottaking må sende skriftlig krav om dette til manntallsføreren. Utvalget vil ikke utelukke at enkelte på grunn av arbeid eller dårlige kommunikasjoner ikke ser seg i stand til å oppsøke lensmannskontoret eller kommunesenteret for å avgi forhåndsstemme. .................................

Ut fra ovennevnte betraktninger mener utvalget at stemmegivning ved postkontorene kan bidra til at flere gis mulighet til å avgi stemme. De fleste mennesker er innom et postkontor i løpet av den perioden det er aktuelt å forhåndsstemme. Det vil da være relativt enkelt å avgi stemme i forbindelse med utføringen av andre ærender på postkontoret.

Postkontoret er dessuten lettere å nå enn lensmannskontoret/ kommuneadministrasjonens kontorer. De sistnevnte ligger gjerne i kommunens sentrum, og kan være vanskelige å nå for velgere i utkantene, særlig hvis kommunen er stor i utstrekning og ikke har godt utbygde kommunikasjoner. Postkontorer finnes på flere steder.

Det må således kunne konstateres at stemmegivningen ved postkontorene betyr en klar lettelse for velgere som ønsker å avgi forhåndsstemme. En slik ordning innebærer også en administrativ forenkling ........»

Departementet gjekk i Ot prp nr 2 (1984-85) imot å innføre ei ordning med postrøyster i Noreg, og la vekt på følgjande:

  • -

    Valdeltakinga vil lett bli dreia frå røysting på valtinget til førehandsrøysting.

  • -

    Røysting på valtinget vil bli redusert som den primære måten å røyste på.

  • -

    Ei slik omlegging av førehandsrøystinga vil krevje nokså store ressursar og ei grundig førebuing.

  • -

    Faren for feil vil auke fordi det blir atskilleg fleire røystmottakarar.

  • -

    Ein ny instans (som ikkje har andre oppgåver i samband med val) vil bli trekt inn i valarbeidet.

  • -

    Kostnadene i samband med valavvikling kjem til å auke nokså mykje.

  • -

    Valstyresmaktene vil få meirarbeid fordi dei må behandle stadig fleire førehandsrøyster.

Stortinget slutta seg samrøystes til synet i departementet.

Til forsiden