9 Kostnader
Postverket har lagt fram eit pristilbod på gjennomføring av førehandsrøystinga innanriks som er basert på ei deling i faste og variable kostnader. Dei faste kostnadene dekkjer utgifter til administrasjon, opplæring og materiell, og skal dekkjast uavhengig av kor mange førehandsrøyster som blir gitt. Dei faste kostnadene er talfesta til om lag 19,6 millionar kroner.
Variable kostnader dekkjer utgifter til mottak av førehandsrøyster i skranke og hos landpostbod, og likeins porto for framsending av røystene til valstyra.
Når det gjeld førehandsrøysting på institusjonar, er tilbodet kr 200,- per røyst, kr 2025,- per institusjon eller kr 4 050 000,- som fast totalpris uavhengig av talet på institusjonar og røyster. Departementet har, basert på opplysningar i Statistisk årbok, lagt til grunn at det skal gjennomførast førehandsrøysting ved i alt om lag 1624 institusjonar med om lag 76 000 bebuarar/senger, og at om lag 50 % av bebuarane røystar i samband med at det blir arrangert førehandsrøysting ved institusjonen. Ut frå dette overslaget går departementet ut frå at ein vil leggje seg på alternativet med pris per institusjon, noko som vil gi ein kostnad ved førehandsrøysting på institusjonar på om lag 3,2 millionar kroner.
For ambulerande røystmottak er tilbodet kr 766,- per røyst eller ein fast totalpris på kr 6 895 890,- uavhengig av kor mange røyster som blir mottekne på denne måten. Departementet har lagt til grunn at det kan vere aktuelt å gjennomføre om lag 6000 ambulerande røystmottak. Ut frå dette vil det vere aktuelt å leggje seg på alternativet pris per røyst, noko som vil gi utgifter til ambulerande røystmottak på om lag 4,6 millionar kroner.
Overslaget for talet på ambulerande røystmottak er usikkert. Reduksjonen i talet på ordinære postkontor til fordel for eit utvida landpostnett vil innebere at det først og fremst vil vere i tettbygde strøk det blir aktuelt å gjennomføre ambulerande røystmottak. Dette fordi landpostboda utfører posttenestene (inkludert røysting) heime hos kundane. Det vil derfor ikkje vere nødvendig å gjennomføre spesialordningar for sjuke og uføre i område som blir dekte av ei landpostrute. Talet på gjennomføre ambulerande røystmottak kan derfor bli noko lågare enn overslaget ovanfor.
Sametingsvalet blir gjennomført samtidig med stortingsvalet. Det er ikkje pårekna særskilde meirutgifter til mottak av førehandsrøyster ved sametingsvalet. Det er då ein føresetnad at det finst røystesetlar til sametingsvalet ved postkontor og hos alle landpostbod, og at dei veljarane som er innførte i samemanntalet, røystar ved stortingsvalet og sametingsvalet samtidig.
I tillegg til å dekkje dei utgiftene Postverket har ved førehandsrøystinga, vil det vere nødvendig å investere i utstyr og materiell som røysteavlukke og valurner (eller andre typar forsegla kasser til å oppbevare røystene i). I utgangspunktet reknar ein med at det trengst om lag 10 millionar kroner til dette. Vidare vil det vere nødvendig å auke produksjonen av røystesetlar, røystesetelkonvoluttar og omslagskonvoluttar, og det vil samle seg opp auka utgifter til å distribuere dette materiellet til røystestadene. Departementet går ut frå at dette vil bli ein kostnad på om lag 5 millionar kroner. Ved innføring av postrøysting vil det vidare vere nødvendig å gjennomføre ein omfattande informasjonskampanje overfor veljarane, og til dette vil det vere behov for om lag 10 millionar kroner. I tillegg trengst det om lag 10 millionar kroner til å produsere og sende ut valkort. Det må likevel understrekast at kostnadsoverslaget er usikkert. Departementet er innstilt på å finne fram til praktiske rutinar som gjer det mogleg å redusere kostnadene. Mellom anna bør forslaget om at røystesetlane ved røystinga på postkontor skal leverast til veljaren i staden for å leggjast inn i avlukka, kunne redusere utgiftene til desse avlukka.
200 000 røyster | 300 000 røyster | 500 000 røyster | |
Grunnpris | 19 600 000 | 19 600 000 | 19 600 000 |
Produksjon av røystene | 2 000 000 | 3 000 000 | 5 000 000 |
Produksjon totalt | 21 600 000 | 22 600 000 | 24 600 000 |
Kostnad per røyst | 108,- | 75,33 | 49,20 |
Framsending - 80 % A-post, 20 % ekspress | 3 776 000 | 5 664 000 | 9 440 000 |
Røysting på institusjonar | 3 200 000 | 3 200 000 | 3 200 000 |
Ambulerande røystmottak | 4 600 00 | 4 600 000 | 4 600 000 |
Valkort | 10 000 000 | 10 000 000 | 10 000 000 |
Avlukke, urner | 10 000 000 | 10 000 000 | 10 000 000 |
Auka produksjon av materiell | 5 000 000 | 5 000 000 | 5 000 000 |
Informasjonskampanje | 10 000 000 | 10 000 000 | 10 000 000 |
Sum | 68 176 000 | 71 064 000 | 76 840 000 |
Forslag til løyving for gjennomføring av reforma går fram av forslaget til statsbudsjett for 1997.