Forslag til lov om plantehelse
§ 1 (Definisjonar)
I denne lova meiner ein med:
a) Planter og plantedeler: Planter og levande plantedelar, medrekna frø.
b) Smitteberande emne: Planter og levande plantedelar, medrekna frø, dessutan tømmer, trevyrke, dyrkningsmedia og andre emne eller gjenstander som kan føre med seg smitte av planteskadegjerarar.
c) Planteskadegjerar: Organisme, virus, viroid eller anna patogen agens som kan valde skade på planter og plantedeler eller vekstvilkåra deira.
§ 2 (Tiltak)
Departementet fastset kva slags planteskadegjerarar som til kvar tid skal gå inn under denne lova, og kan påby naudsynlege tiltak for å motverke og hindre spreiing av slike. Departementet kan m.a. med dette føremål:
a) gje føresegner om at den som produserer, innfører, utfører eller omset planter og og andre smitteberande emne skal vere registrert i eit offisielt register, føre dei bøkene som departementet finn naudsynt, og fastsetje nærare vilkår for slik registrering.
b) gje føresegner om plantehelsesertifikat eller anna dokument om plantehelse. Departementet eller den tilsynsmakt det gjev vedtak om, kan gje juridiske personar rett til å utferde slikt dokument som blir kravt ved utførsel eller omsetning.
c) forby innførsel og utførsel av planteskadegjerarar, visse planter og andre smitteberande emne.
d) forby såing, planting, avhending, sending av planter og andre smitteberande emne.
e) gje føresegner om kontroll med produksjon og omsetning av planter og andre smitteberande emne.
f) gje føresegner om øydeleggjing eller særskild behandling av planter og andre smitteberande emne.
g) gje føresegner om isolering og særskild bruk av jordstykke. Offentlege pålegg med tidslengd på fem år eller meir, gjeve med heimel i slike føresegner, skal tinglysast.
h) gje føresegner om kontroll med innførsel og utførsel av planter og andre smitteberande emne, her medrekna å fastsetje tider, stader og vilkår for innførsel og utførsel.
i) gje føresegner om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova blir følgde.
Departementet eller den tilsynsmakt det gjev vedtak om kan i særlege tilfelle gjere unntak frå, forbod eller påbod med heimel i denne paragrafen. Ved unntak skal departementet setje dei nærare reglar og vilkår som er naudsynlege.
§ 3 (Opplysningsplikt)
Eigar eller brukar av fast eigedom, som har kjennskap til eller mistanke om at det på eigedomen finst planteskadegjerarar som lova gjeld for, har plikt til straks å melde frå om det til Statens landbrukstilsyn (Landbrukstilsynet), fylkesmannen eller kommunen. Om melding blir gjeve til fylkesmannen eller kommunen, skal meldinga utan opphald gjevast vidare til Landbrukstilsynet.
Er det mogleg, skal det sendast med ei prøve til gransking.
Den som eig eller overdreg fast eigedom, pliktar ved sal, bortpaktning eller bortleige å opplyse den andre parten før avtale vert gjort om offentlege pålegg etter § 2 bokstav g.
§ 4 (Tilsyn)
Departementet fastset kven som skal føre tilsynet med denne lova og dei føresegner som er gjevne med heimel i lova. Tilsynet kan krevje framlagt alle naudsynlege opplysningar, og skal ha uhindra tilgjenge til fast eigedom, gartneri, lagerrom, utsal, maskinar, reiskapar, transportmiddel og emballasje og til andre stader eller innretningar i virksomheten.
Tilsynet har rett til utan vederlag å ta ut prøver til gransking, og kan gje påbod om mellombels rådgjerder som det meiner er naudsynleg å setje i verk straks for å hindre vidare spreiing.
Departementet fastset om dei tiltak som vert påbodne etter denne lova skal utførast av vedkomande eigar eller brukar eller av andre som vert godkjende til det.
§ 5 (Når påbod ikkje vert etterkome)
Forsømer eigar eller brukar å etterkome påbod gjevne etter denne lova, kan departementet etter særskilt varsel få arbeidet utført for hans rekning. Kravet om refusjon for utgiftene er tvangsgrunnlag for utlegg.
§ 6 (Melding)
Melding om dei forbod og påbod som vert gjevne etter § 2 til eigar eller brukar av eigedom, skal sendast i rekommandert brev til dei personar vedtaket vedkjem dersom ikkje føremålet med vedtaket tilseier at melding vert gjeven på annan måte. Der det er vanskeleg å gje meldinga rekommandert, kan denne lysast ut i lokalblad og ved oppslag på høvelege stader i vedkomande distrikt.
§ 7 (Kontrollavgift)
Til å dekkje utgifter til kontroll med produksjon, omsetning, innførsel og utførsel av planter og andre smitteberande emne etter denne lova, kan departementet påleggje vedkommande produsent, handlande, importør eller eksportør å betale avgift eller gebyr. Departementet kan òg påleggje gebyr ved import av brukte landbruksmaskinar for å dekke utgifter til kontroll med at maskinen er fri for smitte. Avgifta eller gebyret kan fastsetjast i form av takstar ved registrering eller for det einskilde kontrolltiltaket, og/eller på grunnlag av areal, mengd, vekt eller verdi av dei varene som blir produserte, omsette, innførde eller utførde.
For utferding av sertifikat og anna dokument om plantehelse, kan det fastsetjast eit gebyr som vert å betale av den handlande eller eksportøren.
Departementet gjev nærare reglar om utrekning av avgiftene og gebyra og om oppkrevjing og innbetaling og om at det skal betalast rente av avgift og gebyr som ikkje er innbetalt i rett tid.
Avgiftene og gebyra er tvangsgrunnlag for utlegg.
§ 8 (Straff)
Den som bryt denne lova eller dei føresegnene som er gjevne eller som vert haldne ved lag med heimel i denne lova, vert straffa med bøter dersom strengare straff ikkje er føreskriven etter den vanlege borgarlege straffelova.
§ 9 (Tilbaketrekkjing av registrering)
Ved grove eller gjentekne brot på føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova, kan departementet trekkje attende registrering gjeven i medhald av § 2 bokstav a. Departementet kan fastsetje at slik attendetrekkjing medfører forbod mot innførsel, utførsel, produksjon eller omsetning av planter og anna smitteberande emne.
§ 10 (Tvangsmulkt)
For å sikre at pålegg gjeve i eller i medhald av lova blir følgt opp, kan den som har gjeve pålegget ileggje tvangsmulkt. Tvangsmulkta byrjar å løpe dersom den ansvarlege ikkje gjennomfører pålegget innan ein frist som er sett for gjennomføringa av pålegget, og vil løpe så lenge det ulovlege forholdet varer.
Tvangsmulkta er tvangsgrunnlag for utlegg. Departementet kan fråfalle krav på påløpt tvangsmulkt.
§ 11 (Endring i andre lover)
Lov 4. desember 197+ nr. 82 om såvarer, ny § 5a skal lyde:
Ved forhold i strid med bestemmelser gitt i eller i medhold av denne lov, eller vedtak gjort i medhold av denne lov, kan departementet eller den det bemyndiger gi pålegg om tiltak for å rette det ulovlige forholdet innen en nærmere fastsatt frist.
For å sikre at pålegg etter første ledd blir gjennomført, kan den som har gitt pålegget ilegge tvangsmulkt. Tvangsmulkten begynner å løpe dersom den ansvarlige ikke gjennomfører pålegget innen den frist som er fastsatt, og løper så lenge det ulovlige forhold varer.
Tvangsmulkten er tvangsgrunnlag for utlegg. Departementet kan frafalle krav på påløpt tvangsmulkt.
§ 12 (Ikraftsetjing. Overgangsordningar)
Denne lov tek til å gjelde straks. Samstundes held lov frå 14. mars 1964 nr 1 om tiltak mot plantesjukdommar og skadedyr på planter opp med å gjelde.
Føresegner gjevne etter den nemnde lova gjeld framleis til dei held opp med å gjelde eller vert endra etter den nye lova.