3 Utviding av retten til attføringspengar under sjukdom i attføringsperioden
3.1 Innleiing
Departementet foreslår at retten til attføringspengar i fire veker under forbigåande sjukdom mens ein er under yrkesretta attføring utvidast med ein skjønnsmessig heimel til å gi attføringspengar i ytterlegare fire veker.
3.2 Bakgrunn. Gjeldande rett
Etter folketrygdlova § 11-14 første ledd kan ein gi attføringspengar i ein avgrensa periode i samband med forbigåande sjukdom. Regelen gjer at ein vil kunne gjennomføre lengre attføring som planlagt utan unødig fram- og tilbakesending mellom ulike trygdeytingar. Regelen sikrar også økonomisk dekning ved kortvarig sjukdom for ei gruppe der mange har brukt opp sin rett til sjukepengar før yrkesretta attføring blei gitt.
Satsinga på å gripe tidleg inn under sjukdom og parallell bistand til behandling og arbeidsretta aktivitetar, har medført at det oppstår fleire tilfelle med sjukdom under attføringa. Arbeids- og velferdsetaten melder om behov for å kunne yte attføringspengar i ein noko lengre periode enn fire veker. Grensa på fire veker i nogjeldande regelverk gjer det nødvendig for Arbeids- og velferdsetaten å stanse attføringsytingane, vurdere krav om rehabiliteringspengar, for så å behandle nytt krav om attføringsytingar på eit litt seinare tidspunkt. Når det er klart at den planlagde attføringa vil kunne gjennomførast etter det kortvarige sjukdomsavbrotet, er grensa i dag på fire veker lite teneleg. Dette svekker fokus og motivasjon hos brukaren, er samfunnsøkonomisk ulønnsamt og administrativt ressurskrevjande. Det er derfor behov for endringar som gjer det muleg med større grad av individuell tilpassing.
3.3 Departementet si vurdering og forslag
Departementet meiner at det er behov for større fleksibilitet og individuell tilpassing og at ein best kan gjere dette ved å opne for at ein skjønnsmessig kan få attføringsytingar under sjukdom i ytterlegare fire veker. Departementet foreslår derfor at § 11-14 første ledd blir endra i tråd med dette. Det skal framleis vere ein føresetnad at sjukdomssituasjonen er forbigåande og at planlagt attføring kan gjennomførast etter sjukdomsavbrotet. Ein viser til lovforslaget.
3.4 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Endringa er ei naturleg og nødvendig tilpassing for å understøtte målet om tidleg inngrep. Sjølv om konsekvensane av avbrot er stor for den enkelte brukar, er talet på saker der ei slik forlenging blir aktuell likevel avgrensa. Forslaget vil derfor ikkje føre til vesentlege meir- eller mindrekostnader for forbruket av attførings- og rehabiliteringspengar samla sett, og ein foreslår at endringa tar til å gjelde straks.