8 Oppheving av bidragsinnkrevjingslova § 37 tredje ledd om vidareføring av ei forskrift om myndigheit for Statens innkrevjingssentral ved innkrevjing av bidragsgjeld
Etter bidragsinnkrevjingslova § 37 tredje ledd fører ein vidare forskrift 18. juni 1993 nr. 543 om avgjørelsesmyndighet mv. for Statens innkrevingssentral i saker om innkreving av underholdsbidrag. Dette blei tatt inn i lova fordi det ikkje blei sett som aktuelt å etablere heimel for tilsvarande forskrifter, mens det på den annan side blei lagt til grunn at dei aktuelle sakene framleis skulle innkrevjast av Statens innkrevjingssentral.
Det viste seg likevel i praksis muleg å føre sakene tilbake til Arbeids- og velferdsetatens innkrevjingssentral, og dette blei gjennomført ved endringsforskrift 16. desember 2005 nr. 1492, likevel slik at Statens innkrevjingssentral skulle fullføre behandlinga av klagesaker som allereie var i gang. Desse klagesakene er nå avslutta, slik at all behandling av sakene skjer ved Arbeids- og velferdsetatens innkrevjingssentral.
På denne bakgrunn foreslår ein at bidragsinnkrevjingslova § 37 tredje ledd blir oppheva. Ein viser til lovforslaget.
Endringa, som ein foreslår skal tre i kraft straks, har ingen administrative eller økonomiske konsekvensar.