9 Lovteknisk justering i lov 23. desember 1988 nr. 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon
Etter § 5 i lov 23. desember 1988 nr 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon, skal vedtektene for AFP-ordningar bli godkjend av «Sosialdepartementet». Myndigheita til å godkjenne vedtektene ligg no til Arbeids- og inkluderingsdepartementet, slik at lova bør bli retta opp i forhold til dette. Det synes da teneleg ikkje å ta namnet på departementet inn i lova, men å legge myndigheita til «departementet», slik det er vanleg elles i samband med heimel til å gi forskrifter o.a. Ein foreslår at lova blir endra i samsvar med dette. Departementet viser til lovforslaget.
Endringane, som ein foreslår skal tre i kraft straks, har ingen administrative eller økonomiske konsekvensar.