7 Presisering av reglane for val av leiar og nestleiar i felles råd for eldre og personar med nedsett funksjonsevne
Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd og lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. har ulike reglar om oppnemning av leiar og nestleiar i råda. Mens eldreråda sjølv peiker ut leiar og nestleiar, oppnemnar kommunestyret leiar og nestleiar for råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Begge lovene gir heimel til felles råd for eldre og personar med nedsett funksjonsevne. Det kjem ikkje klart fram av §§ 4 a og 8 a i lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd at det er reglane i lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. som skal følgjast ved val av leiar og nestleiar til slike felles råd.
For å forhindre eventuell uklarleik rundt val av leiar og nestleiar i slike felles råd, foreslår departementet derfor at § 10 i lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. blir endra slik at det blir presisert i § 4 a og § 8 a i lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd at leiaren og nestleiaren for felles råd blir nemnt opp av kommunestyret.
I § 8 a er omgrepet «funksjonshemming» brukt i første setning, mens ein elles i føresegnene bruker omgrepet «nedsett funksjonsevne». Departementet foreslår at dette blir endra slik at ein bruker omgrepet «nedsett funksjonsevne» i føresegna si første setning.
Med unntak av §§ 4 a og 8 a, er det overskrifter til alle føresegner i lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd. Departementet foreslår derfor at det blir fastsett overskrifter til ny §§ 4 a og 8 a. Ein viser til lovforslaget.
Endringane har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar. Endringane trer i kraft straks, men får først verknad når lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. trer i kraft.