5 Lovteknisk justering og oppretting i arbeidsmiljølova
5.1 Lovteknisk justering i § 7-1 første ledd
På bakgrunn av Ot.prp. nr. 91 (2005-2006) vedtok Stortinget 7. desember 2006 endring i arbeidsmiljølova § 7-1 fjerde ledd. Endringa innebar at formuleringa «verne- og helsepersonalet» blei erstatta med «bedriftshelsetjenesten», jf. punkt 3.5 i proposisjonen. Det går fram av proposisjonen at bakgrunnen for endringa var at Arbeidstilsynet i høyringsfråsegna si hadde vist til at § 7-1 fjerde ledd brukte formuleringa «verne- og helsepersonalet» der lova elles brukte formuleringa «bedriftshelsetjenesten». Departementet viser til at det i denne samanhengen blei oversett at den same formuleringa blir brukt i § 7-1 første ledd. Departementet foreslår derfor at formuleringa «verne- og helsepersonalet» blir erstatta med «bedriftshelsetjenesten» i § 7-1 første ledd.
Departementet viser til lovforslaget.
Forslaget har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar, og departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.
5.2 Opprettingar
Departementet har blitt merksam på nokre skrivefeil i arbeidsmiljølova.
I § 7-2 femte ledd fjerde punktum manglar bokstaven «r» i ordet «finner».
I § 10-4 fjerde ledd første setning manglar ein «i» etter formuleringa «må ikke overstige ni timer...».
I § 15-3 tiande ledd andre punktum er «oppsigelsesfrist» feilskriven.
I § 15-14 tredje ledd første punktum skal det stå «påstand» og ikkje «påstanden».
I § 15-17 første punktum skal det stå «Bestemmelsene» og ikkje «Bestemmelsen».
Departementet foreslår endringar for å rette feila og viser til lovforslaget.
Endringane har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar, og ein foreslår at dei trer i kraft straks.