22 Samisk opplæring
22.1 Innleiing
Ein må sjå den rettslege reguleringa av samisk opplæring i samanheng med andre endringar som har skjedd i rettsstillinga for samane dei siste ti åra. Desse endringane har særleg komme til uttrykk gjennom § 110 a i Grunnlova og i lov 12.06.1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (samelova).
Også folkerettsleg har rettsstillinga for samane vorte sterkare gjennom fleire konvensjonar som Noreg har slutta seg til, særleg ILO-konvensjon nr. 169 Om urbefolkninger og stammefolk i selvstendige stater.
Samelova tok til å gjelde 24.02.1989. Kapittel 3 i lova om samisk språk vart lagt til ved lov 21.12.1990 nr. 78. Formålet med samelova er å leggje forholda til rette for at den samiske folkegruppa i Noreg kan sikre og utvikle språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet sitt, jf. § 1-1. I § 3-1 nr. 1 er det fastlagt at Kárásjohka/Karasjok kommune, Guovdageaidnu/Kautokeino kommune, Unjárga/Nesseby kommune, Porsanger kommune, Deatnu/Tana kommune og Gáivuotna/Kåfjord kommune er forvaltningsområdet for samisk språk. I dette området gjeld ei rekkje særlege reglar om bruk av samisk språk, blant anna om omsetjing, om rett til svar på samisk, om utvida rett til bruk av samisk i rettsstellet og i helse- og sosialsektoren, om rett til opplæring på samisk osv. § 1-2 i samelova slår fast at samane skal ha eit eige landsomfattande sameting valt av og blant samane. Det er skipa eit samemanntal som omfattar alle som oppfattar seg sjølv som same, og som kan samisk sjølv, eller som har foreldre, besteforeldre eller olderforeldre som har samisk som heimespråk, jf. § 2-6.
Samisk utdanningsråd vart etablert ved kgl.res. 08.12.1975. Rådet blir oppnemnt av Kongen etter framlegg frå Sametinget. Rådet har som hovudoppgåve å vere rådgjevande organ for departementet i spørsmål som gjeld opplæring og utdanning for det samiske folket, ta seg av særskilde opplæringstiltak, og gi rettleiing og informasjon
Ei meir omfattande framstilling av den historiske utviklinga til samisk opplæring og om dei folkerettslege pliktene som gjeld for slik opplæring, er gitt i NOU 1995: 18 s. 251 og utover.
22.2 Gjeldande rett
22.2.1 Opplæringslovgivinga
Det er først og fremst § 40 a i grunnskolelova som er med på å sikre ei særskild samisk opplæring. Grunnskolelova har i utgangspunktet heile landet som verkeområde. I § 40 a opererer lova likevel med rettsverknader knytte til omgrepa «samisk distrikt», «samisk talemål» og «samisk bakgrunn». Det stadlege og personelle verkeområdet for lova er såleis på ulike måtar avgrensa når det gjeld rett til opplæring i og på samisk.
Innhaldet i omgrepa ovanfor er likevel ikkje nærmare avklart i lova. I § 40 a nr. 1 blir det til dømes knytt rettsverknader til omgrepet «samisk distrikt». Men lova seier ikkje noko om kva for geografisk område som fell inn under omgrepet. Det rettslege innhaldet i omgrepet er heller ikkje eintydig fastslått på bakgrunn av forarbeida for regelen, jf. Ot.prp. nr. 51 (1984-85) Om lov om endring i lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen og i lov 21. juni 1974 nr. 55 om videregående opplæring.
Etter § 40 a nr. 1 har alle barn i eit «samisk distrikt» rett til å få opplæring i eller på samisk. Frå og med 7. klassetrinnet avgjer elevane sjølv. Elevar med opplæring i eller på samisk blir fritekne i éi av dei to norske målformene på 8. og 9. klassetrinnet.
Etter § 40 a nr. 2 kan kommunestyret vedta at samisktalande barn skal ha opplæring i samisk i alle ni åra, og at norsktalande barn skal ha samisk som fag. Det er ikkje fastslått kven som skal reknast som samisktalande.
Etter § 40 a nr. 3 kan opplæring i eller på samisk også bli gitt til elevar med «samisk bakgrunn» utanom samiske distrikt. Dersom det er minst tre elevar med «samisk talemål» på ein skole, kan dei krevje opplæring i samisk. Det er ikkje fastslått kva som er meint med samisk bakgrunn eller med samisk talemål.
«Opplæring i samisk» er i denne samanhengen opplæring i samisk språk som eige fag. «Opplæring på samisk» vil seie at opplæringa i alle fag i størst mogleg grad skjer med samisk som opplæringsspråk, med samiske læremiddel, i tråd med samiske læreplantillegg og liknande.
Dessutan inneheld gsl. § 3 nr. 5 tredje leddet ein regel om at foreldre i språkblandingsdistrikt kan krevje eigen krins for barna sine når dei er minst ti elevar. Krinsen skal haldast oppe så lenge gruppa ikkje har færre enn seks elevar. Regelen er grunngitt slik i Ot.prp. nr. 64 (1973-74) Om lov om brigde i lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen, s. 55:
«Den nye siste lekken i nr. 6 gjev lovheimel for ein skipnad med to krinsar ved ein skole, som har vore praktisert i 15 år i Karasjok og som kan kome på tale i visse andre samedistrikt der busetnaden og levesettet til eit mindretal gjer det ønskjeleg at borna deira får eigne klassar med timeplan og inndeling av skoleåret som avvik frå det som høver for fleirtalet.»
Departementet har fastsett forskrift av 16.07.1997 nr. 791 om læreplanverka for grunnskolen. Forskriften inneheld Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen, Det samiske læreplanverket for den 10-årige grunnskolen og særskilde læreplanar for døve. Det samiske læreplanverket gjeld for elevar i forvaltningsområde for samisk språk, jf. samelova § 3-1 nr. 1, og elevar i særskilde samiske krinsar oppretta i samsvar med gsl. § 3 nr. 5 tredje leddet. Forskriften trer ikraft over ein periode på tre år frå 1.07.1997.
For den vidaregåande opplæringa og vaksenopplæringa er det inga spesiell rettsleg regulering av samisk opplæring ut over det som følgjer av læreplanreguleringane.
22.2.2 Anna lovgiving
Regelen i § 110 a i Grunnlova gir prinsipielle retningslinjer for norsk samepolitikk uavhengig av synet til skiftande regjeringar. Etter denne regelen har norske styresmakter plikt til å leggje forholda slik til rette at samane sjølv skal kunne sikre og påverke utviklinga av det samiske samfunnet. Regelen går ut frå at samane sjølv skal ha ei aktiv rolle i arbeidet med å sikre og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv.
Samelova § 1-5 slår fast at «samisk og norsk er likeverdige språk» og lovfester med dette samisk som offisielt språk. Dermed har Noreg to offisielle språk, norsk og samisk.
I § 3-8 i samelova heiter det:
«Enhver har rett til opplæring i samisk. Kongen kan gi nærmere regler om gjennomføringen av denne bestemmelsen.
For opplæring i og på samisk i grunnskolen og den videregående skolen gjelder reglene i og med heimel i grunnskolelova og lov om videregående opplæring.»
Nærmare reglar om gjennomføringa av denne regelen er gitt i forskrift av 31.03.1992 nr. 204 om rett til opplæring i samisk.
22.3 Framlegget frå opplæringslovutvalet
22.3.1 Generelt
Opplæringslovutvalet peiker innleiingsvis på at opplæringa skal vere ein integrert del av samfunnet. Den etniske identiteten til samane, knytt til sosiale og kulturelle forhold, er ein viktig føresetnad for læring. Når skolen tek utgangspunkt i den samiske kulturen, styrkjer han på den eine sida identiteten og sjølvtilliten til elevane og er på den andre sida med på å verne og vidareutvikle den samiske kulturarven.
Utvalet meiner at målet for opplæringa av samiske elevar framleis bør vere at dei skal kunne samisk og norsk språk og kultur. Opplæringa må ta sikte på å leggje grunnlag for aktiv medverknad i samfunnet. Samtidig, og som eit ledd i dette, må skolen gjere det mogleg for samane å halde oppe og vidareutvikle sin eigenart.
I vurderingane sine har utvalet teke særleg omsyn til den nyare rettsutviklinga på det samiske området. Utvalet har også teke omsyn til dei internasjonale pliktene Noreg har, slik dei er skisserte i innstillinga frå utvalet. Det er særleg teke sikte på å harmonisere den rettslege reguleringa av samisk opplæring med ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar.
Medlemmen Jahr i utvalet viser likevel til at St.meld. nr. 29 (1994-95) om prinsipp og retningslinjer for 10-årig grunnskole - ny læreplan, reiser ei rekkje spørsmål knytte til samisk opplæring. Denne meldinga var ikkje drøfta av Stortinget da utvalet leverte si innstilling. På denne bakgrunnen tok ikkje medlemmen Jahr stilling til framlegget frå utvalet om organiseringa av samisk opplæring.
22.3.2 Definisjonar
Utvalet meiner at det regelverket som gjeld på dette området, i for stor grad bruker omgrep med uklart meiningsinnhald. Utvalet gjer derfor framlegg om å lovfeste enkelte definisjonar som skal kunne gi ein meir presis bruk av det saklege, stadlege og personelle verkeområdet for samisk opplæring.
Utvalet gjer framlegg om at omgrepet «samisk distrikt» for det første skal omfatte det samiske forvaltningsområdet etter § 3-1 i samelova. Dette distriktet omfattar i dag kommunane Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger, Tana og Kåfjord. Utvalet gjer dessutan framlegg om å la Kongen få kompetanse til å fastsetje forskrift om kva for andre kommunar eller kommunedelar som skal falle inn under omgrepet.
For å understreke den spesielle plassen Sametinget og dei aktuelle kommunane har i behandlinga av slike saker, gjer utvalet framlegg om å lovfeste at dei alltid skal høyrast i samband med framlegg til vedtak om samiske distrikt. Det nærmare innhaldet i omgrepet «samisk distrikt» får også verknad for den vidaregåande opplæringa. Utvalet gjer derfor framlegg om å lovfeste at også dei aktuelle fylkeskommunane skal høyrast.
Dersom det etter at denne lova blir sett ut i livet, blir gitt opplæring på samisk i kommunar eller kommunedelar utanom det samiske forvaltningsområdet etter samelova, meiner utvalet det er viktig at Kongen straks fastset at desse områda skal vere samiske distrikt etter den nye lova. Dermed kan ein unngå tvil om eller utilsikta avgrensing av området for samisk opplæring som følgje av framlegget frå utvalet.
Utvalet presiserer at fastlegginga av omgrepet «samisk distrikt» i opplæringslova ikkje har nokon sjølvstendig verknad i andre samanhengar. Det som blir definert, er det stadlege verkeområdet for reglar om samisk opplæring i denne lova.
Utvalet gjer dessutan framlegg om at dei særlege reglane om samisk opplæring blir knytte til omgrepet «same». Kven som er same, er grundig drøft i samband med skipinga av samemanntalet, jf. § 2-6 i samelova.
Utvalet meiner det er formålstenleg å lovfeste at dei som kan stå i samemanntalet og barna deira, er samar i høve til opplæringslovgivinga. Det blir presisert at det i dette ikkje ligg noko krav om å vere registrert i samemanntalet. Det er nok at ein tilfredsstiller krava for å kunne bli registrert i manntalet, eller at foreldra kan registrerast.
Etter språkkapitlet i samelova omfattar språkreglane «samisk» utan at det er nærmare problematisert kva som ligg i omgrepet. Det er derfor grunn til å presisere at samisk i Noreg omfattar tre dialektar som er så ulike at dei i praksis i stor grad blir, og framleis bør bli, rekna som likestilte språk. Det gjeld nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. Utvalet gjer på denne bakgrunnen framlegg om ein legaldefinisjon som slår fast at «samisk» omfattar nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk.
22.3.3 Opplæring i samisk
Fleirtalet i utvalet går inn for at samar får rett til opplæring utan vilkår. Fleirtalet meiner at ein på den måten både følgjer opp det generelt uttrykte målet for samisk opplæring i langtidsprogrammet og det spesielt uttrykte målet frå Regjeringa i St.meld. nr. 52 (1992-93) om at «skolen kan bli et viktig redskap i bevaringen og utviklingen av samisk språk». Fleirtalet meiner også at framlegget harmonerer med artikkel 28 nr. 1 i ILO-konvensjon nr. 169.
For å sikre likebehandling, kommunikasjon og forståing gjer utvalet framlegg om å føre vidare regelen om at alle barn i grunnskolen i samiske distrikt har rett til opplæring i samisk. Av dei same grunnane gjer utvalet framlegg om å føre vidare ordninga med at kommunane i samiske distrikt kan fastsetje forskrifter om at alle barn i kommunen (eller i delar av kommunen) skal ha grunnskoleopplæring i samisk. Det blir vist til at begge framlegga harmonerer med artikkel 31 første punktum i ILO-konvensjon nr. 169.
Som i alle andre fag skal departementet framleis fastsetje omfanget av opplæringa i samisk språk.
Fleirtalet i utvalet meiner dessutan at alle elevar som har hatt opplæring i samisk i grunnskolen, også bør få tilbod om ei slik opplæring når dei held fram i den vidaregåande opplæringa. For å vere sikra fullverdig opplæring i samisk bør samiske elevar ha individuell rett til slik opplæring.
Utvalet viser i denne samanhengen til fråsegner frå kyrkje- og undervisningskomiteen i Innst. O. nr. 80 (1992-93) om endring i lov om vidaregåande opplæring og lov om fagopplæring i arbeidslivet, og til fråsegner frå kommunalkomiteen i Innst. S. nr. 116 (1993-94) om norsk samepolitikk.
For at elevar som får opplæring i samisk som første- eller andrespråk ikkje skal påleggjast for stor arbeidsbyrd, blir det dessutan gjort framlegg om at dei kan bli fritekne for norsk sidemål om dei sjølv ønskjer det. Departementet bør få heimel til å gi nærmare reglar om slikt fritak, som bør sjåast i samanheng med omfanget av opplæringa til enkeltelevar i samisk.
For betre å kunne sikre at opplæringsretten får eit reelt innhald også når det ikkje er mogleg å gi opplæring i samisk med eigna undervisningspersonale, gjer fleirtalet i utvalet framlegg om at departementet får styresmakt til å fastsetje forskrift om alternative tilbod.
Etter opplysningar frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet får så godt som alle samar i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa som i dag ønskjer det, opplæring i samisk. Ut frå desse opplysningane har fleirtalet i utvalet lagt til grunn at retten til opplæring i samisk ikkje aukar dei offentlege utgiftene på kort sikt. Fleirtalet peiker likevel på at lovfesting kan verke førande, slik at fleire ønskjer opplæring i samisk når det blir gjort til ein individuell rett, og at dette aukar kostnadene.
Eit mindretal i utvalet peiker på at utvalet i avgrensa grad har kunna vurdere konsekvensane av å lovfeste ein individuell rett til opplæring i samisk utanfor samiske distrikt. Dette mindretalet tek ikkje stilling til om det er ønskjeleg å innføre ein lovheimla rett slik fleirtalet gjer framlegg om. Men inntil konsekvensane er forsvarleg utgreidde, gjer mindretalet framlegg om å føre vidare lovreglane i § 40 a nr. 3 i grunnskolelova, og om ikkje å føre inn nokon lovregel for vidaregåande opplæring.
Endeleg går utvalet inn for at elevane framleis skal avgjere sjølv om dei vil bruke retten til opplæring i samisk dei tre siste åra av grunnskolen.
22.3.4 Opplæring på samisk
Utvalet gjer framlegg om å føre vidare retten til grunnskoleopplæring på samisk i samiske distrikt. Utvalet gjer dessutan framlegg om å føre vidare regelen i gsl. § 3 nr. 5 tredje leddet. Det vil seie at dersom det utanfor samiske distrikt i ein kommune er minst ti elevar som ønskjer grunnskoleopplæring på samisk, skal elevane ha rett til ei slik opplæring, men berre så lenge gruppa ikkje er mindre enn seks elevar.
For å gi kommunane høve til å organisere opplæringa på samisk på formålstenleg måte, og for at det skal kunne skapast samiske skolemiljø av ein viss storleik, gjer utvalet framlegg om at kommunen sjølv får styresmakt til å organisere opplæringa på samisk i éin eller fleire eigne eller blanda skolar i kommunen.
Utvalet meiner at vidaregåande opplæring på samisk framleis i hovudsak bør vere styrt av at staten fullfinansierer enkelte skolar som gir opplæringstilbodet på samisk. For å sikre større samisk innverknad blir det gjort framlegg om at Sametinget får styresmakt til å nemne opp styre for dei samiske statlege vidaregåande skolane. Utvalet meiner at det også er i tråd med intensjonane i artikkel 27 nr. 2 i ILO-konvensjon nr. 169.
Utvalet gjer også framlegg om at departementet skal kunne gi forskrift om at visse skolar, linjer eller klassar skal tilby vidaregåande opplæring på eller i samisk eller i særskilde vidaregåande samiske fag. Lovutkastet frå utvalet klargjer at fylkeskommunen også elles kan tilby slik opplæring.
Endeleg gjer utvalet framlegg om å føre vidare retten for elevane til sjølv å avgjere om dei vil ha opplæring på samisk frå og med 8. klasse.
22.3.5 Innhaldet i opplæringa
Utvalet meiner at dei nasjonale læreplanane som gjeld for alle elevar, kan vere ein viktig reiskap i arbeidet med å skape gjensidig forståing og respekt mellom den samiske folkegruppa og resten av det norske folket. Utvalet meiner at dei nasjonale læreplanane bør gi reglar om opplæring i spørsmål som gjeld den samiske folkegruppa og kulturen, språket, historia og næringsverksemda til denne gruppa i tilknyting til det enkelte faget. Utvalet ser det som ei nasjonal oppgåve å skape betre kunnskap om og forståing og respekt for samisk kultur. For å sikre dei nasjonale læreplanane ein samisk dimensjon, gjer utvalet framlegg om at dette blir lovfest. Utvalet meiner at ein generell kompetanse for departementet til å fastsetje innhaldet i opplæringa ikkje er nok til å sikre dette omsynet.
Utvalet meiner at dei nasjonale læreplanane likevel ikkje utan vidare klargjer innhaldet i opplæringa tilfredsstillande med tanke på dei særlege behova det samiske folket har. Det gjeld særleg i forhold til kultur, historie, identitet og næringsverksemd.
Utvalet gjer derfor framlegg om å føre vidare det systemet som gjeld i dag, med samiske læreplantillegg til fellesstoffet i dei nasjonale læreplanane for grunnskolen og med klar heimel i lova. Slike tillegg kan til dels føre inn nye element i opplæringa, til dels kan dei føre inn element som erstattar delar av dei nasjonale læreplanane.
Dessutan meiner utvalet at det som no må fastsetjast læreplanar i samisk som fag i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa, og det må fastsetjast læreplanar i særlege samiske fag i den vidaregåande opplæringa.
Utvalet peiker dessutan på at Sametinget med sitt særlege ansvar som folkevalt organ for det samiske folket ei rekkje gonger har uttrykt eit sterkt ønske om større medverknad og mynde i arbeidet med å fastleggje dei delane av innhaldet i opplæringa som er særleg viktige for samane. Ønsket omfattar i første rekkje læreplantillegga for grunnskolen, læreplanane i samisk som fag og læreplanane for særlege samiske fag i den vidaregåande opplæringa.
Jamvel om det kan tenkjast visse uheldige sider ved å dele kompetansen til å fastsetje læreplanar mellom fleire organ, ser utvalet det alt i alt som gunstigast at Sametinget får kompetanse til å fastsetje desse læreplanane og læreplantillegga. Det er også i tråd med intensjonane i artikkel 27 nr. 1 i ILO-konvensjon nr. 169.
Utvalet viser til at ei slik ordning ikkje skaper konstitusjonelle problem så lenge kompetansen til å fastsetje visse læreplanar og læreplantillegg blir lagd til Sametinget ved lov. I hovudtrekk er ansvaret hjå statsråden avgrensa til dei oppgåvene som lova legg til departementet, og dessutan til det meir generelle ansvaret for å følgje utviklinga i vedkommande sektor med sikte på etter behov å komme med framlegg om til dømes lovendringar eller budsjettiltak.
For å leggje det best moglege grunnlaget for harmoni og samordning mellom læreplanar fastsette av departementet og læreplantillegg fastsette av Sametinget, gjer utvalet framlegg om å lovfeste at departementet utarbeider utkasta til læreplanar. Dessutan blir det gjort framlegg om at Kongen i statsråd kan fastsetje dei saklege rammene for dei samiske læreplantillegga, ettersom det ikkje kjem fram på annan måte.
Utvalet gjer dessutan framlegg om å gi Sametinget kompetanse til å gi ei forskrift om dei overordna måla og prinsippa for samisk opplæring. For å sikre dei nasjonale omsyna blir det gjort framlegg om å lovfeste at både ei slik forskrift og ei forskrift om samiske læreplanar og læreplantillegg skal byggje på den forskrifta om læreplanar som er fastsett.
Læreplanane er det sentrale midlet når det gjeld å styre innhaldet i opplæringa. Utvalet meiner derfor det er viktig at dokumenta er tilgjengelege også for samiske brukarar, og gjer derfor framlegg om at alle læreplanane skal liggje føre på samisk samtidig som dei ligg føre på norsk.
Utvalet meiner at samisk bør vere førstespråk i klassar der det blir gitt opplæring på samisk. Elevar med rett til opplæring i samisk ved andre skolar bør i den grad det er mogleg, få vere med og velje omfanget av samiskopplæringa sjølv.
22.4 Høyringsinstansane
22.4.1 Sametinget
Sametinget er tilfreds med at lovutkastet på fleire punkt utvidar retten til samisk opplæring i forhold til i dag og at Sametinget får innverknad på innhaldet i den samiske opplæringa. Sametinget har likevel fleire framlegg til endringar av reglane i kapittel 6 i lovutkastet om opplæring på samisk. Innleiingsvis blir det peikt på at opplæringa for samiske elevar må byggje på eit kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlag som er tilpassa det samiske samfunnet. På denne bakgrunnen gjer Sametinget framlegg om at formålet med den samiske opplæringa anten blir teke inn som eit tillegg i formålsparagrafane eller lagt til i ein eigen regel.
Dessutan blir det gjort framlegg om at Sametinget får styresmakt til å fastsetje forskrifter om ramma for ekstra timar til opplæring i samisk, forskrifter om kva for kommunar eller delar av kommunar utanfor det samiske forvaltningsområdet som er rekna som samiske distrikt, forskrifter om fritak for sidemål for elevar i den vidaregåande opplæringa som får opplæring i samisk, forskrifter om organiseringa av undervisninga i samiske distrikt og forskrifter om alternative former for opplæring i eller på samisk når opplæringa ikkje kan givast med eigna undervisningspersonale.
Sametinget meiner også at det bør vere ein individuell rett til opplæring både i og på samisk utanfor samiske distrikt, at det blir lovfest at PP-tenesta må ha kompetanse i samisk språk og kultur. Sametinget meiner i tillegg at det er uheldig å lovfeste at departementet skal utarbeide utkastet til samiske læreplanar og gjer på den bakgrunnen framlegg om å stryke § 6-4 siste leddet i lovutkastet.
22.4.2 Andre samiske instansar
Samisk utdanningsråd og Styret for dei samiske vidaregåande skolane meiner det bør vere lettare for samiske elevar å få skipa eigne klassar for opplæring på samisk. Begge instansar er likevel positive til at samiske elevar får individuell rett til opplæring i samisk, og til framlegget om at Sametinget fastset samiske læreplanar. Det bør etter deira oppfatning vere eit hovudmål at Sametinget som det øvste organet for det samiske folket får vere ein viktig premissleverandør i utforming av samisk utdanning på alle nivå. Dei tilrår elles at lovteksten bruker nemninga «samiske læreplanar» og ikkje «samisk læreplantillegg», og at klassar der undervisninga blir gitt både på samisk og norsk, ikkje bør ha meir enn tjue elevar.
Samenes Landsforbund er for ein stor del samd i den drøftinga utvalsfleirtalet gjer av samiske spørsmål. Forbundet er likevel usamd i at Sametinget skal gi forskrifter om dei overordna måla og prinsippa for samisk opplæring, om læreplanar i samiske språk og om tillegget til fellesstoffet i læreplanane for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Forbundet er også usamd i at Sametinget skal nemne opp styra for dei statlege samiske vidaregåande skolane. Det blir vist til at Sametinget ikkje har den same faglege kompetansen som Samisk utdanningsråd og departementet. Dessutan er ikkje Sametinget representativt for andre enn Norske Samers Riksforbund.
Samisk høgskole meiner at lovutkastet totalt sett gir ein betre opplæringssituasjon for samar. Høgskolen sluttar seg i hovudsak til utvalsframlegget frå fleirtalet, og understrekar særleg verdien av at lova definerer «samiske distrikt». Samisk høgskole meiner også at elevane ikkje skal kunne velje bort samisk i 8. klasse. Samisk høgskole er negativ til at kommunen skal stå fritt til å plassere samiskopplæringa og ønskjer eit lågare tal for å krevje eigen krins.
22.4.3 Departementa
Kommunal- og arbeidsdepartementet (KAD) støttar framlegget om individuell rett til opplæring i samisk. KAD merkar seg elles at lovfesting av samisk dimensjon i læreplanane synest å kunne sikre alle norske barn ein viss grad av opplæring i samisk kultur og historie, uavhengig av skiftande regjeringar. KAD meiner at kompetanse til å fastsetje læreplanar kan sikre Sametinget den nødvendige innverknaden på opplæringa for samiske elevar. Det blir likevel peikt på at dette heng saman med heile spørsmålet om den rolla Sametinget skal ha i utdanningssektoren, og at det derfor må vurderast i denne samanhengen.
Finansdepartementet peiker på at det er gjort framlegg om å gi omgrepet «same» ein vid definisjon i lovutkastet og understrekar at det må gjerast grundige berekningar av dei økonomiske konsekvensane før framlegga blir vurderte nærmare. Finansdepartementet går ut frå at kostnadene er store og går av den grunn imot framlegget om individuell rett til opplæring i samisk. Uavhengig av dei økonomiske konsekvensane meiner Finansdepartementet at det i alle tilfelle er lite formålstenleg å føre inn individuelle rettsreglar så lenge det i praksis truleg er uråd å innfri alle individuelle krav om slik opplæring.
Finansdepartementet finn det mest formålstenleg å fastsetje kva for område som skal vere samiske distrikt i sjølve lova, og går imot å overlate det til forskrifter.
Barne- og familiedepartementet støttar framlegget frå utvalet om samisk opplæring, blant anna også framlegget om individuell rett til opplæring i samisk.
22.4.4 Kommunane
Somme kommunar i Finnmark, Troms og Nord-Trøndelag har uttalt seg om samisk opplæring. Reaksjonane er i det store og heile positive til lovutkastet om samisk opplæring, men enkelte gjer også framlegg om ytterlegare kompetanse overført til Sametinget og formuleringar om samisk opplæring i formåls- og innhaldsparagrafar. Nokre kommunar har kommentert at undervisningstimetalet for samisk verkar lite i forhold til den nye fag- og timefordelingsplanen. Det blir også peikt på behovet for lærarar med relevant kompetanse.
22.4.5 Andre
Lærarutdanningsrådet meiner utvalsframlegget frå fleirtalet totalt sett gir ein betre opplæringssituasjon for samar og støttar lovutkastet om samiske distrikt og individuelle rettar. Lærarutdanningsrådet meiner likevel at kravet om minst ti elevar for å krevje opplæring på samisk utanfor samiske distrikt må reduserast, og at valretten i 8. klasse bør takast ut. Rådet understrekar at tiltak for å styrkje tilgangen på samiske lærarar er ein føresetnad for å gi dei nye reglane om samisk opplæring reelt innhald.
Også somme andre høyringsinstansar uttrykkjer støtte til framlegga frå fleirtalet i utvalet. Finnmark fylkeskommune peiker på at framlegga krev ei kraftig statleg satsing på å skaffe lærekrefter.
Høgskolen i Nord-Trøndelag meiner at «samisk distrikt» i lovutkastet bør bytast ut med «samisk busetjingsområde», som samane sjølv definerer innanfor dei områda samisk tradisjonelt har vore talt og blir talt.
22.5 Vurderingar og framlegg frå departementet
22.5.1 Rett til opplæring i og på samisk
Departementet er i hovudsak samd i vurderingane og framlegga frå opplæringslovutvalet når det gjeld rett til opplæring i og på samisk i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa, men har framlegg til enkelte endringar. Det blir i den samanhengen også vist til at kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i drøftinga av St.meld. nr. 29 (1994-95) Om prinsipper og retningslinjer for 10-årig grunnskole - ny læreplan, har gitt uttrykk for at samiske barn utanfor dei samiske distrikta bør få opplæring i samisk der det er praktisk mogleg (Innst. S. nr. 15 (1995-96)).
Departementet vil innleiingsvis peike på at framlegget frå utvalet også tek omsyn til samisk befolkning i nærområda til det samiske forvaltningsområdet, dels ved framlegget om at Kongen i statsråd skal kunne fastsetje at kommunar eller delar av kommunar utanfor det samiske forvaltningsområdet skal reknast som samisk distrikt. Dessutan er det gjort framlegg om å vidareføre regelen om at minst ti elevar i kommunar utanfor samisk distrikt har rett til opplæring på samisk dersom dei krev det.
På same måten som utvalet går departementet inn for å føre vidare regelen i § 40 a nr. 2 i grunnskolelova om at kommunar i samiske distrikt kan gjere vedtak om at alle barn i kommunen eller delar av kommunen skal ha opplæring i samisk. Når ei slik plikt gjeld alle barn i et geografisk område og ikkje berre samiske barn, meiner departementet at ein slik regel ikkje strir mot artikkel 3.1 i rammekonvensjonen frå Europarådet av 01.02.95 om vern av nasjonale minoritetar. Departementet går i den samanhengen inn for at plikta får det same innhaldet for barn med samisk og norsk talemål, i motsetnad til ordninga i § 40 a nr. 2 i grunnskolelova i dag. Omfanget og innhaldet av plikta er fastsett i dei allmenne forskriftene frå departementet om læreplanar og fag- og timefordeling i grunnskolen, sjå forskrift av 16.07.1997 nr. 791 om læreplanverka for grunnskolen som inneheld mellom anna Det samiske læreplanverket for den 10 -årige grunnskolen. Slik det nye læreplanverket er utforma vil kommunen kunne påleggje opplæring i faget samisk språk og kultur. Elevane skal likevel kunne velje samisk som førstespråk eller samisk som andrespråk i staden for det obligatoriske faget, jf. St.meld. nr. 15 (1995-96) Om fag- og timefordelingen i den 10-årige grunnskolen, s. 14.
Departementet meiner at retten til opplæring i samisk i den vidaregåande skolen ikkje bør vere avhengig av om eleven har teke imot opplæring i samisk i grunnskolen. Departementet meiner at alle samar bør ha rett til slik opplæring dersom dei ønskjer det. På same måten som for grunnskolen kan det likevel her bli praktiske problem når det gjeld å skaffe kvalifisert undervisningspersonell. Departementet går derfor inn for at det også her kan givast forskrifter om alternative former for slik opplæring der det er påkravd.
Samisk utdanningsråd meiner i si høyringsfråsegn at reglane om fritak for sidemål for elevar med opplæring i samisk bør endrast, slik at det klart går fram av reglane at det berre er elevar med opplæring i samisk av eit visst omfang som har rett til slikt fritak. Departementet finn det mest naturleg at slike reglar blir gitt i forskrifter og gjer framlegg om heimel til å gi slike forskrifter.
22.5.2 Innhaldet i den samiske opplæringa
Når det gjeld innhaldet i den samiske opplæringa, er departementet samd med utvalet i at det er viktig å sikre den samiske folkegruppa medråderett. Departementet viser her til St.meld. nr. 52 (1992-93) om norsk samepolitikk s. 16, der det er slått fast at eit av måla for Regjeringa sin samepolitikk er at samane sjølve skal ha innverknad på innhaldet i den samiske opplæringa, m a gjennom å medverke til utforminga av læreplanar. Departementet meiner likevel at å overføre retten til å fastsetje læreplanar for den samiske opplæringa må sjåast i samband med omsynet til einskapsskolen og det likeverdige skoletilbodet. Departementet peiker dessutan på at å dele styresmakta til å fastsetje læreplanar etter dei linjene utvalet gjer framlegg om, kan skape avgrensingsproblem.
På bakgrunn av dei omsyna som er nemnde ovanfor, gjer departementet framlegg om at regelen om innhaldet i opplæringa deler ansvaret for å fastsetje læreplanar etter noka anna linjer enn lovframlegget frå utvalet.
Departementet er samd med utvalet i at Sametinget bør få rett til å kunne fastsetje delar av det læreplanverket som særskilt gjeld den samiske opplæringa. Dette gjeld faga samisk som 1.- og 2.-språk og faget samisk språk og kultur, og dei særskilde samiske faga i vidaregåande opplæring. Det vil likevel framleis vere behov for at også desse planane blir samordna med resten av læreplanverket når det gjeld spørsmålet om kva omfang desse faga skal ha i skolen når det gjeld tid og ressursar. Det blir derfor gjort framlegg om at departementet framleis skal kunne fastsetje dei tidsmessige og ressurmessige rammene for desse faga.
Det er utarbeidd særskilt tilpassa overordna prinsipp og retningslinjer for grunnskoleopplæringa i samiske distrikt, jf. forskrift av 16.07.1997 nr. 791 om læreplanverka for grunnskolen. Dessutan er det laga særskilt tilpassa planar for samiske distrikt i faga kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, duodji, engelsk, heimkunnskap, naturfag, samfunnsfag, musikk og norsk for elevar med samisk som 1.-språk.
Både dei tilpassa prinsippa og retningslinjene og dei tilpassa læreplanane for faga har utgangspunkt i dei som gjeld for norske elevar elles. Omsynet til einskapsskulen, den likeverdige opplæringa og det vidare opplæringsløpet for elevane tilseier at departementet framleis bør fastsetje desse delane av læreplanverket. For å sikre at Sametinget får innverknad på utforminga av også desse delane av læreplanverket, vil departementet gå inn for at det i lova blir slått fast at Sametinget i samarbeid med departementet skal utarbeide utkast, men at det er departementet som skal fastsetje dei.
Departementet er samd med utvalet i at nasjonale læreplanar bør innehalde stoff om den samiske folkegruppa og om samisk kultur, og peiker på at det også er i tråd med fråsegner frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i drøftinga av St.meld. nr. 29 (1994-95), sjå Innst. S. nr. 15 (1995-96).I motsetnad til utvalet meiner departementet at Sametinget bør få fastsetje det samiske lærestoffet i dei nasjonale læreplanane («samiske stolpar»). Departmentet har her lagt vekt på at det er viktig at samane sjølve fastset korleis deira eigen kultur m v skal bli formidla. Sidan dette er stoff som skal gå inn i det nasjonale læreplanverket, vil det sjølvsagt vere nødvendig at stoffet blir samordna med dei andre delane av læreplanverket. Departementet vil derfor gå inn for at Sametinget skal fastsetje dei samiske stolpane, men at dette skal skje innanfor rammer fastsette av departementet.
Departementet er ikkje samd med utvalet i at det bør lovfestast at dei nasjonale planane skal offentleggjerast samtidig på norsk og samisk. Departementet viser til at det er gitt ein eigen læreplan for samiske distrikt(Det samiske læreplanverket for den 10-årige grunnskolen). Denne planen er utgitt på samisk og norsk.
Etter framlegget frå departementet vil Sametinget få nye oppgåver når det gjeld å utarbeide og fastsetje læreplanar for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa for samiske elevar. Det vil da vere viktig at Sametinget får tilført ressursar og kompetanse til å løyse desse oppgåvene på ein god måte. Samtidig blir ein del av dei oppgåvene departementet til no har hatt i samband med samisk opplæring, borte. Departementet gjer derfor framlegg om at Samisk utdanningsråd og det tilhøyrande sekretariatet ikkje lenger skal halde fram som departementets særlege sakkunnige organ i spørsmål om samisk opplæring. I staden bør dei ressursane og den kompetansen dette representerer, overførast til Sametinget.
Departementet gjer - i motsetnad til utvalet - ikkje framlegg om at Sametinget skal få rett til å oppnemne styre for dei statlege samiske vidaregåande skolane. Spørsmål knytte til desse skolane bør vurderast seinare, etter at ein har vunne erfaringar med overføringa av Samisk utdanningsråd sin kompetanse og rådet sine oppgåver til Sametinget. Denne vurderinga vil departementet gjere i samarbeid med Sametinget.