7 Rett og plikt til opplæring
7.1 Gjeldande rett
7.1.1 Rett og plikt til opplæring i grunnskolen
Den lovreguleringa vi i dag har av opplæringsplikta, er knytt til gsl. § 13 nr. 1, som slår fast at «born og ungdom har rett og plikt til å gå i grunnskolen, dersom dei ikkje på annan måte får tilsvarande undervisning». Regelen byggjer på ein føresetnad om at opplæringsplikta også kan oppfyllast på andre måtar, til dømes gjennom private skoletilbod eller gjennom heimeopplæring.
Gsl. § 13 nr. 2 og 3 slår fast at skoleplikta tek til det året barnet fyller seks år, og varer til eleven har gått det tiande skoleåret. Det er likevel opna for at ein kan utsetje skoleplikta eitt år etter søknad frå foreldra, og det er mogleg for eleven å bli friteken for skoleplikt det siste skoleåret.
Gsl. § 13 nr. 3 andre leddet inneheld ein generell rett til å frita elevar frå opplæringsplikt dersom dei ut frå ei sakkunnig vurdering har så alvorlege funksjonshemmingar at opplæringsplikta verkar urimeleg.
For ein del barn og unge blir opplæringsplikta oppfylt ved at dei går i private grunnskolar eller ved at foreldra sjølv underviser barna heime. For private grunnskolar går det fram av gsl. § 14 nr. 2 at dei i hovudsak er bundne av reglane i grunnskolelova om lengda og omfanget av opplæringa. Desse reglane gjeld ikkje utan vidare for heimeopplæring. I uttrykket «tilsvarande undervisning» i gsl. § 13 nr. 1 ligg det likevel at det også for slik opplæring blir stilt krav til lengd og innhald.
Gsl. § 13 nr. 11 slår fast at dersom ein elev er borte frå den pliktige grunnskoleopplæringa, kan foreldra eller «dei som er i staden», straffast med bøter. Sidan det her er tale om ei plikt til dagleg å sørgje for at barna kjem på skolen, har regelen vorte tolka slik at der foreldra bur kvar for seg, er det den av foreldra som barnet bur hjå, som regelen først og fremst gjeld for. Formuleringa «dei som er i staden» dekkjer tilfelle der andre enn foreldra har den daglege omsorga for eleven. Regelen omfattar både tilfelle der foreldre aktivt held barna borte frå opplæringa og der fråværet kjem av at foreldra er passive. Foreldra kan likevel ikkje straffast dersom årsaka til fråværet ikkje er manglande aktivitet frå foreldra, men andre utanforliggjande forhold, til dømes sjukdom. Det same gjeld dersom foreldra har vore uvitande om fråværet og ikkje kan lastast som aktlause. Kommunen må krevje påtale dersom saka skal forfølgjast, jf. gsl. § 13 nr. 11.
Den same regelen som pålegg barn og unge opplæringsplikt - gsl. § 13 - gir også rett til grunnskoleopplæring.
Prinsippet om at offentleg grunnskoleopplæring skal vere gratis, er slått fast i gsl. § 37 nr. 4. Det vil seie at kommunen ikkje kan ta skolepengar eller betaling for skolemateriell. Dette går også fram av gsl. § 10 nr. 3, som slår fast at kommunane «skal halde elevane med lære- og lesebøker, skrive- og teiknesaker og anna undervisningsmateriell».
Med heimel i gsl. § 8 nr. 7 har departementet gitt ei forskrift om rett til opplæring for høyrselshemma, jf. § 2-4 i grunnskoleforskrifta. Etter forskrifta har høyrselshemma barn som har teiknspråk som førstespråk, rett til opplæring både i og på teiknspråk, og rett til fritak frå sidemålsopplæringa. Etter det nye læreplanverket (sjå forskrift av 16.07.1997 nr. 791 om læreplanverka for grunnskolen og Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen) skal elevar som får teiknspråkopplæring, ha fleire timar enn dei andre elevane. Det kan gjerast unntak frå timeramma etter grunnskoleforskriften § 2-4 nr. 3. Høyrselshemma barn under opplæringspliktig alder skal få tilbod om opplæring i teiknspråk, jf. § 2-4 nr. 4. Kommunen kan etter grunnskoleforskrifta § 2-4 nr. 5 velje å gi teiknspråkopplæring på ein annan stad enn på heimeskolen.
Etter gsl. § 13 nr. 9 har elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, rett til fri dei dagane trussamfunnet har heilagdag. Også i andre tilfelle kan elevane få permisjon etter søknad, jf. § 2-1 nr. 5 i grunnskoleforskrifta. Foreldra til elevane har plikt til å sørgje for nødvendig undervisning i permisjonstida. Grunnskoleforskrifta inneheld også reglar om kven som avgjer søknaden i kommunen.
Særskilde rettar for elevar med særlege behov er omtalte i kapittel 8 om opplæring for barn, unge og vaksne med særlege behov.
7.1.2 Fritak frå religiøse aktivitetar i grunnskolen m.m.
Lovvedtak 19.06.1997 nr. 83 fastsette nye reglar om kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Etter dei nye reglane skal faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering vere ein del av den obligatoriske opplæringa i grunnskolen, jf. gsl. § 7 nr. 2. Faget skal etter gsl. § 7 nr. 4 vere eit ordinært kunnskapsfag, og undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.
Etter gsl. § 13 nr. 10 har elevane fått ei rett til "fritak frå dei delar av undervisninga ved den einskilde skolen som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn." Reglane om fritak gjeld for heile grunnskoleopplæringa.
Forarbeida legg opp til at det skal vurderast om fritak er rimeleg (Innst. O. nr. 95 (1996-97)):
«Fleirtalet meiner elevane skal få fritak frå dei delar av undervisninga ved den einskilde skolen som det ut frå deira eigen religion eller eige livssyn er rimeleg å oppleve som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn.»
Når eleven har rett til fritak, skal kommunen så langt råd er, tilby differensiert undervisning innanfor læreplanen, jf. gsl. § 13 nr. 10 andre leddet tredje punktum.
Etter fylte 15 år kan eleven sjølv kreve fritak.
Dei nye lovreglane om kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering og avgrensa fritak tek til å gjelde saman med Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen, jf. kgl. res. 27.06.1997.
Dei tidligare reglane i gsl. § 13 om fritak frå heile den pliktige kristendomsopplæringa gjeld framleis for dei elevane som ikkje har tatt i bruk Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen.
7.1.3 Vidaregåande opplæring
Med Reform 94 vart det innført rett til tre års vidaregåande opplæring. Opplæringa skal normalt føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse, dokumentert delkompetanse eller ei anna avslutta vidaregåande opplæring, jf. lvgo. § 3 første ledd. Lvgo. § 8 inneheld nærmare reglar om kven som er omfatta av retten, og om omfanget og innhaldet av retten. Det ligg ikkje føre noka plikt til å ta vidaregåande opplæring.
Etter lvgo. § 8 første ledd har alle som fyller vilkåra i lvgo. § 7 (det vil normalt seie dei som har gått gjennom ni års grunnskole eller tilsvarande), etter søknad rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring. Departementet har i lvgo. § 7 tredje leddet og § 8 sjette leddet fått heimel til å gi forskrifter om inntak, også om inntak av søkjarar med annan bakgrunn enn gjennomført 9-årig grunnskole. Slike reglar er gitt i forskrift 10.11.1993 nr.1164 om inntak til vidaregåande opplæring og formidling av lærlingar til bedrifter (inntaksforskrifta). I forskrifta er det gitt nærmare reglar om vilkåra for inntak for søkjarar med og utan lovfest rett til vidaregåande opplæring, om inntaksrekkjefølgja og om utrekning av poeng, om sakkunnig vurdering og om prioritert inntak til grunnkurs og inntak til vidaregåande kurs. Dessutan fastset forskrifta at søkjarar til vidaregåande opplæring som har fylt 15 år, søkjer på eiga hand.
Normalt må ein ta ut retten til vidaregåande opplæring innan fire år etter at ein har fullført grunnskolen, jf. § 8 første ledd. I uttrykket «normalt» i lova ligg det ei opning for å dispensere frå kravet i særtilfelle. Dersom opplæringa heilt eller delvis blir gitt i ei lærebedrift med heimel i lov om fagopplæring i arbeidslivet, er ramma utvida til fem år, jf. lvgo. § 8.
Lvgo. § 8 andre leddet slår fast at søkjarane har krav på å komme inn på eitt av tre alternative grunnkurs. Det vil seie at søkjaren må setje opp tre kurs av i alt 13 moglege og prioritere mellom dei. Dersom det er fleire søkjarar enn det er plassar på kurset, avgjer i regelen poengsummen utrekna på grunnlag av karakterane frå grunnskolen, jf. § 4-1 i inntaksforskrifta.
Etter at eleven har gjennomført grunnkurset, har han rett til to års vidaregåande kurs som byggjer på grunnkurset, jf. lvgo. § 8 andre leddet.
Det nærmare innhaldet og timeramma for opplæringa på dei enkelte grunnkursa og vidaregåande kursa er fastsett av departementet med heimel i lvgo. §§ 5 og 10.
Det er verken i lov om vidaregåande opplæring eller i fagopplæringslova innført nokon rett til læretid i bedrift. Det er også i utgangspunktet opp til den enkelte bedrifta om ho vil ta inn lærlingar. Dersom eleven ikkje får læreplass, har han krav på å få sluttopplæringa i skole, jf. lfa. § 1b andre leddet. I lfa. § 3 andre leddet har departementet fått heimel til å gi nærmare forskrifter om framgangsmåten for å formidle elevar til lærebedrifter. Slike reglar er gitt i inntaksforskrifta.
I lvgo. § 35 tredje ledd er det presisert at fylkeskommunen ikkje kan ta skolepengar. Departementet tolkar regelen slik at elevane ikkje skal dekkje driftskostnadene ved vidaregåande opplæring, men at dei sjølv skal halde seg med nødvendig undervisningsmateriell, sjå rundskriv F-115/85. Skolen kan krevje betaling for kopiering og liknande når det dreier seg om undervisningsmateriell som ein kan påleggje elevane sjølv å halde.
Det går også fram av forskrift 18.08.1978 nr. 2 at ordensreglementet ved skolen skal innehalde reglar om den plikta elevane har til å skaffe seg det undervisningsmateriellet som undervisninga krev, og som skolen ikkje held.
Etter lvgo. § 15 tredje leddet og lfa. § 12 nr. 2 har eleven eller lærlingen plikt til å vere aktivt med i opplæringa for å nå målet med opplæringa. Elevane skal vere med i opplæringa i den forma ho blir gitt, jf. lvgo. § 15 fjerde leddet. Elevane og lærlingane har rett til å få opplæring i samsvar med læreplanane, jf. lvgo. § 15 andre leddet og lfa. § 12 nr. 1.
Særskilde rettar for elevar med særlege behov er omtalte i kapittel 8 om opplæring for barn, unge og vaksne med særlege behov.
7.1.4 Retten til opplæring for vaksne
Gjennom vol. § 4 andre leddet og § 5 andre leddet har ungdom i alderen 16-20 år og vaksne over 21 år rett til spesialundervisning på grunnskolenivå dersom dei har særleg behov for dette. Nokon tilsvarande rett finst ikkje for den vidaregåande skolen eller for vaksne utan særlege opplæringsbehov.
Sjå kapittel 8 om opplæring for barn, unge og vaksne med særlege behov.
7.2 Framlegget frå opplæringslovutvalet
7.2.1 Grunnskolen
Utvalet går inn for å føre vidare dei grunnleggjande reglane om rett og plikt til grunnskoleopplæring. Utvalet meiner at lova framleis må opne for at opplæringsplikta også kan oppfyllast gjennom opplæring i private skolar eller som heimeopplæring.
Som følgje av lovvedtak av 09.09.1994 nr. 58, inneber framlegget frå utvalet at retten og plikta til grunnskoleopplæring gjeld frå seks års alder og varer i ti år. Kommunen kan vedta at enkeltelevar i særlege tilfelle, etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra, skal ta til eitt år seinare.
Etter lovutkastet frå utvalet skal elevar som har særleg behov for grunnskoleopplæring ut over ti år, ha rett til eitt ekstra år i grunnskolen. I vurderinga skal det leggjast avgjerande vekt på den verdien dette har for det seinare utbyttet eleven får av vidaregåande opplæring.
Det nærmare innhaldet i og omfanget av opplæringsretten må sjåast i samanheng med dei andre reglane i lova. For å vise denne samanhengen gjer utvalet framlegg om at det av regelen om rett og plikt skal gå fram at elevane har rett og plikt til opplæring i samsvar med reglane i lova og forskrifter gitt med heimel i lova. Dessutan gjer utvalet framlegg om lovfest plikt til å aktivt vere med i den opplæringa skolen gir. Reglane er ikkje meinte å vere til hinder for at enkeltelevar på grunn av sjukdom eller funksjonshemming blir fritekne for visse delar av opplæringstilbodet eller får det i ei anna form.
Sidan undervisninga blant anna skal vere i samsvar med forskriftene om læreplan, gjer lovutkastet frå utvalet både mål og middel rettsleg bindande. Rettsleg bindande mål vil seie at undervisninga, medrekna dei rammevilkåra ho blir driven under, skal vere eigna til å gjere elevane i stand til å nå måla. Lovutkastet frå utvalet er ikkje meint å vere nokon garanti for å nå måla. Derimot gir ei bindande regulering av midla eit innhald i undervisninga som elevane skal få.
Utvalet framhevar at retten også skal omfatte reglane i forskriftene om fag- og timefordelinga og om vurdering. Retten må likevel avkortast ved kortare sjukefråvær, eller fråvær eleven eller foreldra sjølv er skyld i. Utvalet har ikkje funne grunn til å ta inn ein særskild lovregel om slik avkorting.
Utvalet finn ikkje grunn til å føre vidare regelen i gsl. § 13 nr. 3 om rett til fritak det siste året i grunnskolen, og meiner at ein generell regel om heilt eller delvis fritak for opplæringsplikt der ho verkar urimeleg, bør vere nok.
Lovutkastet fører vidare heimelen for å gi bøter til den som ikkje sørgjer for at barna får pliktig opplæring. I tråd med ordninga av i dag går utvalet inn for at skyldkravet skal vere aktløyse, jf. § 40 andre leddet i straffelova.
Utvalet gjer framlegg om å føre vidare retten til spesialundervisning, sjå kapittel 8 om opplæring for barn, unge og vaksne med særlege behov.
7.2.2 Vidaregåande opplæring
Utvalet gjer ikkje framlegg om vesentlege endringar i ordninga av i dag når det gjeld rett til vidaregåande opplæring. Det blir gjort framlegg om ein lovfest rett til opplæring i samsvar med lov og forskrifter også for elevar og lærlingar i den vidaregåande opplæringa, sjå nærmare under grunnskolen ovanfor. Forskriftene skal kunne fastsetje at rett til vurdering i den vidaregåande opplæringa er avhengig av eit visst oppmøte.
Lovutkastet frå utvalet fastset også at elevar og lærlingar har plikt til aktivt å vere med i opplæringa i den forma ho blir gitt, sml. lvgo. § 15 tredje og fjerde leddet og lfa. § 12 nr. 2. Reglane skal ikkje vere til hinder for at elevar og lærlingar på grunn av sjukdom eller funksjonshemming blir fritekne for visse delar av opplæringstilbodet eller får det i ei anna form.
Utvalet gjer framlegg om ein eksplisitt regel om utsetjing eller avbrot i opplæringa. Departementet får heimel til å gi forskrifter om forhold som skal gi rett til utsetjing eller avbrot.
Utvalet går også inn for at departementet - i tråd med ordninga i dag - får heimel til å fastsetje forskrifter om inntak til vidaregåande opplæring og formidling av elevar til lærebedrifter.
Endeleg gjer utvalet framlegg om å lovfeste forskriftsregelen av i dag om at søkjarar til vidaregåande opplæring som er over 15 år, søkjar på eiga hand.
Særskilde rettar er omtalte i kapittel 8 om opplæring for barn, unge og vaksne med særlege behov.
7.2.3 Gratisprinsippet
Utvalet går inn for å føre vidare prinsippet om gratis grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring.
Utvalet går dessutan inn for at pålegg til elevar eller lærlingar i vidaregåande opplæring om å skaffe seg undervisningsmateriell og utstyr, skal ha klar lovheimel. Lovframlegget tek ikkje sikte på å utvide heimelen for fylkeskommunane til å krevje at elevane eller lærlingane sjølv skaffar seg materiell og utstyr i forhold til ordninga i dag. Med uttrykket «til vanleg» i lovregelen peiker utvalet på at regelen berre skal omfatte ordinært utstyr og materiell som ein i dag ventar at elevane sjølv held seg med.
7.2.4 Om plikt til å ta mot kristendomsopplæring og rett til alternativ religions- eller livssynsundervisning
Lovutkastet frå utvalet fører vidare retten til fritak frå kristendomsundervisninga, slik denne retten var utforma da utvalet leverte innstillinga si 4. juli 1995. Lovutkastet fjernar likevel kravet om at minst éin av foreldra ikkje er medlem av Den norske kyrkja. Dessutan går utvalet inn for at det i ei ny opplæringslov blir gjort klart at elevar over 15 år som ikkje er medlemmer av Den norske kyrkja, sjølv kan velje om dei vil ha kristendomsopplæring i grunnskolen.
I tilknyting til fritak frå kristendomsundervisninga meiner utvalet at det også bør gå fram av lova at fritekne elevar har plikt til å følgje alternativ livssynsundervisning der det ligg føre eit slikt tilbod.
Utvalet har i lovframlegget ikkje fastsett meir detaljerte reglar om korleis retten til fritak reint praktisk skal handterast på kommunenivå, og reknar med at kommunane sjølv fastset slike rutinar på den mest formålstenlege måten.
Ettersom framlegga i NOU 1995: 9 Identitet og dialog, om eit nytt kristendomsfag i grunnskolen og avgrensa rett til fritak, enno ikkje hadde vore på høyring, og ettersom framlegga ikkje var behandla i departementet da utvalet leverte innstillinga si, har utvalet i vurderingane sine ikkje bygt på at desse framlegga vart følgde opp.
Endeleg går utvalet inn for å fjerne retten til fritak for religionsundervisning i den vidaregåande skolen for elevar som er medlemmer av ikkje-kristne trussamfunn, jf. lvgo. § 5 tredje leddet. Bakgrunnen er at religionsfaget i den vidaregåande opplæringa i dag har eit slikt innhald at det ikkje er nødvendig med fritak.
7.3 Høyringsinstansane
7.3.1 Kommunane
Rundt ein tidel av kommunane har uttalt seg om fritak frå kristendomsundervisninga. Fråsegner som stiller seg positivt til fritak, er i fleirtal. Fleire kommunar meiner likevel at når kristendomsfaget blir utvida, bør det gjelde for alle utan rett til fritak. Somme kommunar uttaler seg positivt til klargjering av 15 års aldersgrense og bortfall av krav om utmelding for begge foreldra. Andre vil ha plikt til å tilby alternativ opplæring.
Nokre kommunar har uttalt seg om retten til 11 års grunnskoleopplæring for somme grupper. Dei fleste av fråsegnene er i utgangspunktet positive til ein slik rett, men set som krav at det blir gitt full statleg kompensasjon, eller at fylkeskommunen framleis skal vere økonomisk ansvarleg for ordninga.
7.3.2 Andre
Rådet for funksjonshemma, Norges Døveforbund og Norges Blindeforbund støttar framlegget frå utvalet om rett til eitt ekstra år i grunnskolen.
Norges Gymnasiastsamband er ueinig i at fylkeskommunen skal kunne påleggje eleven å betale undervisningsmateriell. Sambandet meiner også at lovutkastet frå utvalet opnar for ein mykje større grad av eigendelar og eigenbetaling for elevar i den vidaregåande skolen. Norsk Elevorganisasjon peiker på at økonomi ikkje må vere nokon avgjerande faktor for kva for type utdanning ungdomar vel.
Kyrkjerådet støttar framlegget om at elevar som har fylt 15 år og som sjølv har meldt seg ut av Den norske kyrkja, sjølv kan krevje fritak for heile eller delar av kristendomsundervisninga, men rådet går imot å oppheve kravet om at éin av foreldra skal vere utmeld av Den norske kyrkja. Kyrkjerådet og biskopen i Oslo peiker også på at eit eventuelt fritak for kristendomsundervisninga må knytast til rett og plikt til anna supplerande undervisning.
Human-Etisk Forbund støttar framlegget om 15-årsgrense og bortfall av kravet om at éin av foreldra skal vere utmeld av Den norske kyrkja. Retten til fritak må også gjelde for heile det nye kristendomsfaget, og det må vere plikt og rett til alternativ undervisning.
Buddhistforbundet er positivt til at det ikkje lenger skal krevjast at éin av foreldra er utmeld av Den norske kyrkja for at eleven skal bli friteken for kristendomsundervisning. Det bør dessutan vere ein rett, og ikkje ei plikt, til alternativ religions- og livssynsundervisning. Norsk Skolelederforbund er samd i at kravet om utmelding av Den norske kyrkja går ut og vil ha rett og plikt til alternativ undervisning.
Når det gjeld fritaksreglane for kristendomsfaget, presiserer Foreldreutvalget for grunnskolen (FUG) at jamvel om innhaldet i kristendomsundervisninga skal ha karakter av kunnskapsformidling, kan delar av stoffet i seg sjølv ha karakter av bodskap og appell til elevane. FUG understrekar at det må visast forståing for dei heimane som meiner at faget kan gi elevane ein identitet som kjem i konflikt med religiøse eller eventuelt ikkje-religiøse holdningar som elevane har med seg heimafrå. Ut frå foreldreretten og prinsippet om religionsfridom må det derfor vere fritak for dei delane av faget som foreldre har problem med å godta for barna sine.
Norsk lærerakademi meiner det må vere rett til fritak i forhold til heile det nye kristendomsfaget. Kristent Pedagogisk Forbund og Sosialistisk Ungdom tek eit liknande standpunkt. Sosialistisk Ungdom gjer også framlegg om rett til alternativ religions- eller livssynsopplæring når minst fire elevar på eit klassetrinn krev det.
Institutt for Kristen Oppseding vil ikkje la 15-åringar avgjere sjølv om dei skal fritakast frå kristendomsundervisninga. Fritaksretten skal vere knytt til eventuelle samvitsproblem hjå foreldra.
Kommunal- og arbeidsdepartementet støttar fjerning av retten til fritak for religionsopplæringa i den vidaregåande skolen.
7.4 Vurderingar og framlegg frå departementet
7.4.1 Rett og plikt til grunnskoleopplæring
Departementet sluttar seg i hovudsak til framlegget frå utvalet om rett og plikt til grunnskoleopplæring, og til dei vurderingane som ligg til grunn for framlegget.
Departementet sluttar seg blant anna til framlegget frå utvalet om fritak frå opplæringsplikta der omsynet til eleven tilseier det. Departementet sluttar seg også til dei vurderingane som ligg til grunn for framlegget. Departementet understrekar at det berre skal givast fritak i heilt spesielle unntakstilfelle. Normalt bør alle elevar - utan omsyn til evner og føresetnader - gå ti år i grunnskolen.
Departementet går inn for ei noko større adgang til å utsetje skolestart eitt år, og at ei slik adgang blir ei rett for den enkelte. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er kommet tilstrekkelig langt i utviklinga si til å starte i skolen, skal barnet ha rett til å utsetje skolestarten eitt år dersom foreldra krev det. Departementet viser til at dette er betre i samsvar med foreldreretten.
Departementet har - i motsetnad til utvalet - ikkje funne grunnar som taler for å innføre rett til eitt ekstra år i grunnskolen, slik utvalet gjer framlegg om. Med den endringa som har skjedd i den vidaregåande opplæringa i og med Reform 94, bør også dei elevane det her er tale om, gå over i vidaregåande opplæring etter ti år i grunnskolen. Departementet viser i den samanhengen til at elevar med særskilde opplæringsbehov etter lovframlegget har same rett til spesialundervisning i vidaregåande opplæring som i grunnskolen. Departementet viser også til Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen, som legg opp til 10-årig grunnskole også for høyrselshemma. Læreplanverket har utvida timeramme for elevar med teiknspråk som førstespråk.
Ei anna sak er at kommunane etter søknad kan velje å gi ein elev høve til å gå eit ekstra år i grunnskolen dersom det i det enkelte tilfellet er formålstenleg. Sidan retten til vidaregåande opplæring er knytt til fullført grunnskole og ikkje til eit visst tal på år eller eit visst alderstrinn, går eit slikt ekstra år ikkje ut over den retten eleven har til vidaregåande opplæring.
Utvalet har i innstillinga si gitt uttrykk for at den heimelen det er gjort framlegg om til å gi forskrifter om innhaldet i opplæringa, også gir heimel til å gi forskrifter om opplæring i teiknspråk. Det er uklart om lovutkastet frå utvalet gir heimel til å fastsetje opplæring på teiknspråk.
Departementet meiner at regelen i § 2-4 nr. 1 i grunnskoleforskrifta om rett til opplæring i og på teiknspråk for høyrselshemma grunnskoleelevar bør takast inn i den nye opplæringslova. Departementet viser til at teiknspråk i dag må oppfattast som eit fullverdig språk, på linje med norsk og samisk.
Departementet gjer vidare framlegg om at § 2-4 nr. 5 i grunnskoleforskrifta om at kommunen kan velje å gi teiknspråkopplæring på ein annan stad enn på heimeskolen, blir teken inn i lova. Både omsynet til at elevane skal få opplæring i eit teiknspråkmiljø og behovet for å utnytte ressursinnsatsen på beste måte, gjer at departementet meiner at denne regelen bør førast vidare.
Nærmare reglar om innhaldet i teiknspråkopplæringa (læreplanar) kan bli gitt med heimel i den regelen i framlegget som går på innhaldet i opplæringa, sjå kapittel 11 om innhaldet i opplæringa og vurdering av elevar og lærlingar. Departementet tek også sikte på å føre vidare forskrifter om at elevar med teiknspråk som førstespråk får rett til fritak frå sidemålsopplæringa, jf. kapittel 12 om målformer i skolen.
Når det gjeld retten til teiknspråkopplæring for førskolebarn, viser departementet til eiga drøfting nedanfor.
På same måten som utvalet går departementet inn for å føre vidare retten til å kunne bøteleggje foreldre eller andre føresette dersom ein elev utan lov er borte frå den obligatoriske opplæringa. I motsetnad til utvalet meiner departementet at skyldkravet bør gå fram av lovregelen. Ordlyden i regelen er elles noko endra samanlikna med regelen av i dag i gsl. § 13 nr. 11, med sikte på å klargjere det som er rettstilstanden i dag.
Lovutkastet frå utvalet fører ikkje vidare særskilde reglar om permisjon frå den pliktige opplæringa, jf. gsl. § 13 nr. 9 og grunnskoleforskrifta § 2-1 nr. 5.
Departementet meiner at praktiske omsyn gjer det formålstenleg at lova fører vidare kompetansen for kommunen til å gi permisjon til enkelte elevar i inntil to veker. Etter departementet sitt syn bør det gjerast klart at slik permisjon berre kan bli gitt når det er forsvarleg ut frå omsynet til opplæringa til den enkelte eleven. I ei slik vurdering må det blant anna leggjast vekt på om og i tilfelle kva for opplæring eleven får i permisjonstida.
Departementet meiner dessutan at regelen om rett til fri på heilagdagar for elevar frå trussamfunn utanfor Den norske kyrkja framleis er nødvendig av omsyn til likestillinga mellom trussamfunna.
Når det gjeld fritak frå religiøse aktivitetar m.m. i grunnskolen og lovreglar om det nye faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, viser departementet til lovvedtak 19.06.1997 nr. 83, jf. Innst. O. nr. 95 (1996-97). Lovutkastet frå departementet fører vidare dei lovreglene som er vedtekne om fritak frå religiøse aktivitetar m.m. i grunnskolen og det nye faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.
7.4.2 Rett til vidaregåande opplæring
Departementet sluttar seg også i hovudsak til framlegget frå utvalet om rett til vidaregåande opplæring, og til dei vurderingane som ligg til grunn for framlegget. I denne samanhengen støttar også departementet framlegget frå utvalet om å lovfeste retten til å søkje på eiga hand for søkjarar som har fylt 15 år.
Departementet gjer - i motsetnad til utvalet - framlegg om ein heimel til å gi nærmare forskrifter om kva for utgifter som kan krevjast dekte av eleven eller lærlingen i den vidaregåande opplæringa. Departementet viser til den uvissa departementet har registrert når det gjeld kva fylkeskommunen kan rekne som materiellpengar, spesielt for kopiering. For å redusere denne uvissa og for å skape meir likskap mellom elevar frå ulike fylke kan det vere behov for meir detaljerte nasjonale reglar om dette spørsmålet. Sjå også vurderingar frå departementet i kapittel 15 om skoleanlegg og læremiddel.
Stortinget gjorde følgjande vedtak 17.06.1997, i samsvar med Innst. S. nr. 275 (1996-97):
«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endringer i lovverket for videregående skole slik at hørselshemmet ungdom får lovfestet rett til å velge videregående opplæring på tegnspråk i et tegnspråklig miljø eller videregående opplæring med bruk av tolk i et norskspråklig miljø.»
Departementet arbeider no med å følgje opp vedtaket.
Departementet viser elles til lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna § 27 a som slår fast at elevar som ikkje høyrer til Den norske kyrkja, har rett til fri frå skolen i samband med religiøse høgtider etter vedkommande sin religion. Denne regelen bør få konsekvensar for forskrifta om føring av fråvær i vidaregåande opplæring. Departementet vil derfor endre forskrifta på dette punktet.
7.4.3 Særleg om høyrselshemma førskolebarn med behov for opplæring i teiknspråk
Departementet gjer framlegg om at regelen i § 2-4 nr. 4 i grunnskoleforskrifta om rett til teiknspråkopplæring for barn under opplæringspliktig alder, blir ført vidare i den nye opplæringslova. Departementet bør ha heimel til å gi nærmare forskrifter.
Departementet viser til Innst. O. nr. 28 (1994-95) om barnehagelova, der familie-, kultur- og administrasjonskomiteen uttaler:
«Komiteen vil peike på dei spesielle problema døve barn i barnehage står overfor i samband med opplæring i teiknspråk. Komiteen ber Regjeringa kome attende til Stortinget med framlegg til løysingar på dette.»
Dessutan viser departementet til Innst. S. nr. 170 (1994-95) om dok. 8:45 (1994-95) Framlegg frå stortingsrepresentant Erling Folkvord om å sikre retten for høyrselshemma førskolebarn til opplæring i teiknspråk som førstespråk, der fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen uttaler:
«Fleirtalet ser behovet for at born vert sikra eit minimum av opplæring i eige språk før skulealder, uavhengig av kompetanse i dette spesielle spørsmålet i den einskilde kommune og kortsiktige økonomiske vurderingar. Ut frå dette ynskjer fleirtalet å få utgreidd betalingsordningar mellom kommunar og mellom kommunane og stat som er mest mogleg nøytrale i høve til kva tilbod ein vel.
Fleirtalet ynskjer og utgreidd spørsmål om ev. foreldrebetaling for teiknspråkopplæring.
Fleirtalet ser at det kan vera vanskeleg å etablera ordningar som sikrar det einskilde barn og samstundes er praktisk gjennomførbare for det ganske land, og vil påpeike at rammer og retningsliner derfor må romma stor grad av fleksibilitet.
Fleirtalet ser det som naturleg at kompetansesentra for døve og tunghøyrde og audiopedagogane som er tilsette ved Statens utdanningskontor, får ei sentral rolle i planlegging, rådgjeving og gjennomføring av tiltak som sikrar desse borna opplæring i eige språk i førskulealder.
Fleirtalet vil på denne bakgrunn be departementet greia ut og kome med framlegg til rammer og retningsliner for å sikre døve førskuleborn rett til opplæring i teiknspråk, seinast i samband med opplæringslovene.»
Ein samla komité meiner at målet må vere at døve og høyrselshemma barn får tilbod om opplæring i teiknspråkmiljø, slik at barna er på det same nivået som andre jamgamle når dei tek til på skolen. For å nå dette målet vedtok departementet 17.11.1994 § 2-4 nr. 4 i grunnskoleforskrifta:
«Høyrselshemma born under opplæringspliktig alder, som får spesialpedagogisk hjelp, skal få tilbod om opplæring i teiknspråk.»
Forskrifta vart sett ikraft 01.07.97, samtidig som grunnskolereforma blei innført.
Dessutan har departementet saman med Barne- og familiedepartementet bede om utgreiingshjelp frå Vestlandet kompetansesenter for høyrselshemma og Skådalen kompetansesenter for høyrselshemma. Vestlandet kompetansesenter har arbeidd ut ei fagleg utgreiing og Skådalen kompetansesenter ei fakta- og kostnadsutgreiing.
Vestlandet kompetansesenter oppsummerer den faglege utgreiinga slik:
«Barn er født med kapasitet og behov for å lære språk og finne sin plass i en kultur. Barn som vokser opp uten et naturlig språk blir alvorleg hemmet i sin utvikling.
Døve småbarn er forhindret fra å tilegne seg det talte språket.
Hørselshemming hemmer umiddelbart barnets sosialisering og ubesværede informasjonstilgang, begrepsutvikling og talespråksutvikling. Ved tidlig diagnostisering som følges opp av tidlig konsistent bruk av kommunikasjon tilpasset barnets fungerende sanser, kan det hørselshemmede barnet få mulighet til å tilegne seg et språk før skolestart gjennom naturlig læringsprosess.
Forskning og erfaring viser nå at tegnspråket kan gi det døve barnet samme utviklingsmuligheter som talespråket gir et hørende barn.
Foreldre til hørende barn vet at deres barn blir instruert og snakket til i barnehage/skole på et språk som de kan ha mulighet til å tilegne seg. Det eneste språket døve småbarn kan tilegne seg på en naturlig måte, er tegnspråk. Ved å ta i bruk den sensitive periode for språkinnlæring og gi det døve barnet tilgang til tegnspråk så snart som mulig og senest fra 1 års alder, er erfaringene fra fagfeltet at det kan oppnås en utvikling i pakt med barnets forutsetninger. For å hindre at det døve barnets totale utvikling blir hemmet, anses det som avgjørende at forholdene legges til rette for tidligst mulig tilgang til et tegnspråklig miljø.»
Skådalen kompetansesenter for høyrselshemma har blant anna på grunnlag av opplysningar frå fylkesaudiopedagogane kartlagt tilbodet til høyrselshemma førskolebarn.
381 barn under skolealder var registrerte ved fylkesaudiopedagogtenesta, av dei hadde 186 behov for opplæring på teiknspråk. Dei 186 barna fordelte seg slik: 31 ved førskoleavdeling ved kompetansesenter, 92 i barnehage for høyrselshemma, 38 aleine høyrselshemma i vanleg barnehage, 11 i vanleg barnehage der to-tre barn er høyrselshemma og 14 i kombinerte tilbod aleine og i barnehage for høyrselshemma.
Utgreiinga viser dessutan at høyrselshemma førskolebarn har eit svært ulikt tilbod når det gjeld spesialpedagogisk tilrettelegging og teiknspråkleg miljø.
Dei fleste barna med behov for opplæring i teiknspråk er i særskilde barnehagar for høyrselshemma og har i dei fleste tilfella eit godt tilrettelagt miljø. I barnehagane er det personale med teiknspråkleg kompetanse.
Etter dei rapportane som er henta inn frå fylkesaudiopedagogane, er det likevel 49 barn med behov for opplæring i teiknspråk som bur i kommunar som ikkje har tiltak eller institusjonar med spesialpedagogisk og teiknspråkleg kompetanse i rimeleg reiseavstand. Det reelle talet kan vere noko høgare.
For barn utan plass i ein særskild barnehage for høyrselshemma er teiknspråkmiljøet svært avgrensa. Barna er likevel innmelde til kompetansesenteret i regionen, som gir tilbod om observasjon og utgreiings- og korttidsopphald. I tillegg blir det gitt kurs og rettleiing til foreldre, personalet i heimebarnehagen, PP-tenesta og andre samarbeidspartnarar. Slike tenester blir dekte av staten. Folketrygda gir utvida rett til sjukepengar for foreldre som er med i korttidsopphald, observasjonar, kurs og liknande. Kommunen dekkjer reiseutgiftene.
Somme barn får også spesialpedagogisk hjelp frå andre ressursmiljø. Det gjeld tilbod ved Audiologisk avdeling ved sentralsjukehuset i Ålesund, Høyrselsannekset ved Namdalen sjukehus i Namsos og Spesialpedagogisk senter ved Nordland sentralsjukehus i Bodø.
Slik departementet vurderer det, står det enno att ein del praktiske hindringar før målet om nødvendig opplæring i teiknspråkmiljø kan oppfyllast for alle høyrselshemma barn i førskolealder. Mange kommunar slit med å få kvalifisert personale når det gjeld teiknspråkkompetanse. Teiknspråkmiljøet rundt det enkelte barnet er også i fleire tilfelle avgrensa.
I tillegg til å føre inn rettar kan også tiltak med sikte på å byggje opp kompetanse og styrkje teiknspråkmiljø vere ei hjelp i arbeidet med å oppfylle måla ovanfor.
Departementet viser til dei årlege statstilskota for drift av barnehagar, som blant anna omfattar øyremerkte tilskot til tiltak for barn med funksjonshemmingar. Tilskotet, som er ti prosent i tillegg til det samla, ordinære driftstilskotet, blir utbetalt til kommunen, som fordeler midlane til dei ulike barnehagane etter søknad. Tilskotet kan til dømes nyttast til ekstra personale, redusert foreldrebetaling, særskilt utstyr eller liknande. Frå og med budsjettåret 1996 er det klart at tilskotet også kan nyttast til kortvarige teiknspråkkurs for barnehagepersonell som har døve eller sterkt tunghøyrde barn i barnehagen. Dessutan blir det gitt tilskot til tospråklege assistentar som kan norsk og teiknspråk, noko som også er nytt frå og med budsjettåret 1996.
Det trengst både døve lærarar med teiknspråk som førstespråk og høyrande lærarar som har kompetanse i teiknspråk.
For å redusere mangelen på kompetent lærarpersonell har departementet teke initiativ til eit nasjonalt opplæringsprogram i teiknspråk på 10 vekttal for lærarar.
Høgskolen i Sør-Trøndelag har fått ein knutepunktfunksjon for allmenn- og førskolelærarutdanninga for døve. For førskolelærarutdanninga er føresetnaden eit nært samarbeid med Høgskolen Dronning Mauds Minne. I lærarutdanninga for døve inngår faga teiknspråk som førstespråk og norsk som andrespråk for døve.
Døve studentar kan også ta lærarutdanning ved andre høgskolar og få 10 vekttal teiknspråk som del av den valfrie delen av utdanninga.
Mot slutten av 1996 låg det føre ein omfattande opplæringspakke i teiknspråk, primært for foreldre til døve barn, men også tilpassa andre målgrupper. Det er utvikla opplærings- og undervisningsplanar og undervisningsmateriell for 40 vekers opplæring. Det blir gitt tilbod om opplæring til foreldre, i hovudsak ved statlege kompetansesenter for høyrselshemma og Ål folkehøgskole og kurssenter for døve. Sysken kan også få vere med på delar av opplegget. Opplæringspakken er såleis med på å styrkje teiknspråkmiljøet for døve barn.
Dessutan har departementet i samarbeid med Barne- og familiedepartementet gjeve ut ei eiga rettleiing om rettar og andre tiltak for høyrselshemma førskolebarn hausten 1996.
Departementet kjem gjennom fylkesaudiopedagogane ved statens utdanningskontor til nøye å følgje med i korleis kommunane praktiserer retten til teiknspråkopplæring. Departementet kjem i samarbeid med Barne- og familiedepartementet til heile tida å vurdere tiltak i tillegg til dei økonomiske og rettslege rammene som alt gjeld for teiknspråktilbodet.
7.4.4 Vidaregåande opplæring for innsette i fengsel
Straffedom og forvaring i fengsel fører som hovudregel ikkje til at ein taper dei sivile rettane sine. Ein person med rett til vidaregåande opplæring har altså ordinært framleis denne retten jamvel om han er i fengsel. Den faktiske konsekvensen av fengsling er likevel ofte at tilbodet om å velje opplæring blir sterkt avgrensa, avhengig av soningsstad, soningsform osv. På den måten kan ein seie at retten til vidaregåande opplæring blir avgrensa.
Ein elev eller lærling som blir fengsla når han er i gang med skole eller læretid i bedrift, har altså ikkje rett til å halde fram med den same opplæringa i fengslet. Han har heller ikkje rett til å få sett i verk eit tilbod straks. Ei påbyrja undervisning i fengslet for skoleåret eller for ein annan tidsperiode må kunne førast vidare som planlagt. Ein ny innsett med rett til vidaregåande opplæring kan såleis ikkje fortrengje opplæringa for elevar utan rett når denne undervisninga alt er sett i gang. I ein slik situasjon risikerer altså ein elev at det ikkje blir sett i verk opplæring før eit nytt skoleår eller ein annan opplæringsperiode tek til.
Sjå nærmare om det ansvaret fylkeskommunen har for fengselsundervisninga i kapittel 27 om ansvars- og finansieringsreglar.