1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
I proposisjonen føreslår Kultur- og kyrkjedepartementet lovendringar som gir auka fullmakter til Lotteritilsynet ved handheving av forbodet mot visse pyramideliknande omsetningssystem i lotterilova § 16. I praksis vert det føreslått å gi Lotteritilsynet uttrykkeleg lovheimel for gransking og synfaring i høve til selskap og personar som kan mistenkast for å drive ulovleg pyramideverksemd. Det vert også føreslått at Lotteritilsynet skal kunne krevje skriftleg stadfesting på at påviste overtredingar vil opphøre.
Forslaget vert framsett for å sikre at Lotteritilsynet er kompetent til å fungere som tilsynsorgan i samsvar med dei krav som vert stilt i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 2006/2004 (27. oktober 2004) om samarbeid mellom nasjonale myndigheter med ansvar for håndheving av forbrukervernlovgivning (samarbeidsforordninga) . Det vert teke sikte på å innføre dei føreslåtte endringane innan 12. desember 2007.