4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Det er slått fast i samarbeidsforordninga at medlemslanda pliktar å yta dei nødvendige ressursane og at vedkommande myndigheiter skal prioritere saker etter forordninga på lik linje med nasjonale saker, jf. høvesvis forordninga artikkel 4 nr. 7 og 11 nr. 1. Det følgjer også av artikkel 15 at vedkommande myndigheiter som hovudregel ikkje kan krevje godtgjersle for ytt bistand etter samarbeidsføresegnene.
Forpliktingane og oppgåvene for oppfylling av forordninga vil truleg ikkje medføre ei markert auke i saksmengde innanfor den delen av Lotteritilsynet sitt forvaltningsområde som er omfatta av forordninga. I tillegg til sakshandsaming skal tilsynet som vedkommande myndigheit også foreta nødvendig rapportering etter artiklane 7, 9, 16 og 17 og setje seg i stand til bruk av den felles databasen.
Forbrukarombodet er sentralt kontaktorgan for saker som er knytt til forordninga. Dette inneber i hovudsak at Lotteritilsynet og Forbrukarombodet må etablera rutinar for mottak og vidaresending (samordning) av førespurnader om gjensidig bistand i høve til samarbeidsforordninga. Ombodet har ei koordinerande rolle når det gjeld nasjonale rapportar, jf. Ot.prp. nr. 102 (2005-2006) pkt. 3.8.2.
Gjennomføringa av forordninga vil truleg ikkje medføre vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar for Lotteritilsynet.
Endringsforslaget vil truleg heller ikkje å få vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar av for private, sidan forordninga gjeld handheving av regelverk som alt er på plass.
Merknader til dei enkelte føresegnene o.a.
Til lovens tittel
Departementet nyttar høvet til å fremje forslag om ein ny offisiell korttittel for lotterilova ved at ein tek inn « (lotteriloven) » i overskrifta for lov 24. februar 1995 nr. 11. Denne korttittelen er i samsvar med det som er normal nemning av lova.
Til kapittel III overskrifta
I praksis har ein lagt til grunn at Lotteritilsynet skal føre kontroll med at forbodet i lotterilova § 16 vert overhalde og at sanksjonsføresegnene i kapittel III gjeld overfor ulovleg pyramidespill, jf. formuleringa «bestemmelser … gitt i … denne lov» i §§ 4, 14 a og 14 c. Ut frå lotterilova si oppbygging, jf. særleg overskrifta til kapittel III, vil det kunne argumenterast for at sanksjonsføresegnene i §§ 14 a flg. ikkje kan nyttast overfor ulovleg pyramidespill. For å unngå at overskrifta til kapittel III skal verke villeiande på dette punkt, føreslår departementet ei meir spesifikk tilvising til sanksjonsføresegnene i kapitlet ved at « Sanksjonar » vert teken inn i overskrifta.
Til § 12 nytt fjerde ledd
Føresegna er i hovudsak i samsvar med høyringsforslaget § 12 tredje ledd ny bokstav c. Innhaldet i føresegna avviker frå høyringsforslaget ved at det er tatt inn ei presisering av at det må vere « rimelig grunn til mistanke om overtredelse av § 16 » før undersøking kan finne stad. Dette er gjort av rettssikkerheitsomsyn og klarleiksomsyn, slik at minstekravet går direkte fram av granskingsheimelen. Departementet legg til grunn at vurderinga av om det ligg føre «rimelig grunn» vil måtte bli omtrent den same som ved spørsmål om iverksetjing av etterforsking, jf. straffeprosesslova § 224 første ledd, jf. Ot. prp. nr. 60 (2004-2005) pkt. 4.5.3 side 43-44.
Ved gransking og synfaring bør det være høve til å ta kopi av dokumentasjon som vert funnen interessant. Dersom dokumentasjon og funn som vert gjort i seg sjølv skal verte tatt med for vidare undersøking krev dette enten samtykke frå den som blir kontrollert, eller vedtak om beslag etter straffeprosesslova. Som ledd i gransking på staden bør kontrollorganet kunne krevje fullt innsyn i elektronisk lagra informasjon. Kontrollorganet bør kunne kopiere slik informasjon over på eige elektronisk lagringsmedium slik at informasjonen kan medbringast for vidare gransking, jf. omtale ovanfor under pkt. 3.3.
Til § 16 nytt fjerde ledd
Føresegna er i samsvar med høyringsforslaget § 16 fjerde ledd. Ei skriftleg opphørstilsegn skal syne at overtredaren på eit gitt tidspunkt har vore klar over det aktuelle forbodet og er kjend med kontrollorganet si tolking av forbodet. Dette vil vere av betyding for kontrollorganet sitt vidare arbeid med saka, og for eventuelle seinare saker mot same person eller verksemd. Dokumentet vil også kunne ha bevismessig betyding ved ei eventuell straffeforfølging av brot på lotterilova § 16. Det er likevel ikkje eit siktemål med føresegna at opphørstilsegn ut over ovannemnde skal regulera høvet mellom overtredaren og enkeltsubjekt, t.d. i saker om heving og erstatning.
Kontrollorganet må i den enkelte saka foreta ei konkret vurdering av om offentliggjering av innhenta opphørstilsegn vil være i strid med tilsynet si teieplikt i høve til forvaltningslova § 13 første ledd nr. 2.