Tilråing
Kultur- og kyrkjedepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om lov om endringar i lov 24. februar 1995 nr. 11 om lotterier m.v. (handheving av forbodet mot pyramidespill).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjera vedtak til lov om endringar i lov 24. februar 1995 nr. 11 om lotterier m.v. (handheving av forbodet mot pyramidespill) i samsvar med eit vedlagt forslag.