6 Merknadar til endringane i dei enkelte føresegnene
6.1 Legemiddelloven
Til § 6
Forslaget frå departementet sikrar at det går tydeleg fram av ordlyden i lova at det er stegprismodellen som skal liggje til grunn for å fastsetje prisar på generiske lækjemiddel. Sjå nærare under kapittel 2 i proposisjonen.
Til § 10 tredje ledd
Endringa i § 10 tredje ledd er ei endring av teknisk karakter for å bringe ordlyden i lova i samsvar med gjeldande retningsliner for gebyr- og avgiftsfinansiering. Sjå nærare under kapittel 5 andre og tredje avsnitt i proposisjonen.
Til § 16 fjerde ledd
Sjå kapittel 5 siste avsnitt.
Til § 18
Sjå kapittel 5 femte avsnitt.
Til § 28 femte ledd
Sjå under punkt 4.4 siste avsnitt.
Til § 33
For å sikre ei mest mogleg effektiv inndriving av tvangsmulkter pålagt med heimel i legemiddelloven og apotekloven, blir oppgåva lagt til Statens innkrevjingssentral. Sjå nærare under punkt 4.4 i proposisjonen.
6.2 Lov om medisinsk utstyr
Til § 9
Sjå punkt 3.5 i proposisjonen.
Til § 12
Heimelen som gir rett til å gi tvangsmulkt for ikkje å innfri pålegg fastsette med heimel i lov om medisinsk utstyr, er tatt inn for å bringe lova i samsvar lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr § 13. Sjå nærare under punkt 3.1 i proposisjonen.
6.3 Apotekloven
Til § 9-4
Avgjerda viser til § 33 i legemiddelloven, og same grunngjeving gjer seg gjeldande. Sjå nærare under kapittel 4 i proposisjonen.