10 Økonomiske og administrative konsekvensar
10.1 Innleiing
Ei oppheving av ervervslova inneber store positive økonomiske og administrative konsekvensar både for næringslivet og for det offentlege. Næringslivet slepp monalege direkte og indirekte kostnader når meldeplikta fell bort. Det offentlege, særleg representert ved Nærings- og handelsdepartementet, får frigjort ressursar ved opphevinga. Likevel vil, som det går fram av kapittel 6.3, ei oppheving av ervervslova føre til at nokre av dei meldepliktige erverva i ein periode framover vil bli konsesjonspliktig etter konsesjonslova av 1974, medan dei fleste truleg vil sleppe konsesjonsbehandling. For desse erverva vil det framleis vere knytt kostnader for næringslivet i samband med innsending av søknader og for styresmaktene i samband med behandlinga av desse.
10.2 Konsekvensar for det offentlege
Ei oppheving av ervervslova får ikkje negative økonomiske og administrative konsekvensar for det offentlege. Dersom lova blir oppheva, blir det slutt på at Nærings- og handelsdepartementet behandlar ervervsmeldingar, og ressursane som det har vore nødvendig å avsetje til det, blir frigjorde.
Når departementet har behandla ervervsmeldingar, har det vore behov for å leggje dei fram for fagdepartement til fråsegn. I tillegg blir alle ervervsmeldingane rutinemessig sende til Konkurransetilsynet til orientering. Når ei melding blir teken opp til nærmare prøving, sendes ho på høyring til dei kommunane og fylkeskommunane der det erverva føretaket har verksemd, og til dei tilsette til fråsegn før departementet fattar vedtak i saka.
Dersom ervervslova blir oppheva, får dei involverte fristilt dei ressursane som dei i dag bruker på å følgje opp lova.
Ei oppheving av ervervslova vil vekkje til live att konsesjonsplikta etter konsesjonslova, og konsesjonsstyresmaktene vil kunne få nokre fleire konsesjonssøknader enn tidlegare. Det vil mest sannsynleg vere tale om eit fåtal saker som ikkje vil innebere særleg kostnadsauke for konsesjonsmyndigheitene. Dei auka kostnadane det vil medføre vil på langt nær vere like store som reduksjonen i dei administrative og økonomiske kostnadene som har vore knytt til behandlinga av ervervsmeldingane. Samla sett vil ei oppheving av ervervslova derfor medføre mindre kostnader for det offentlege.
10.3 Konsekvensar for private
Dei direkte kostnadene næringslivet har hatt som følgje av ervervslova, er først og fremst utgifter til advokathjelp ved utarbeiding av sjølve ervervsmeldinga. Det er vanskeleg å talfeste kor store dei faktisk er, men ECON har, basert på intervju-undersøkingar, rekna ut at kostnader til advokathjelp varierer frå 10 000 til 300 000 kroner pr. melding. Kor stort beløpet er, varierer mellom anna med storleiken på den oppkjøpte verksemda, og kor mykje av den nødvendige informasjonen som, uavhengig av meldinga, er skaffa fram i samband med ervervet.
Det er vanskeleg å anslå gjennomsnittlege kostnader med å utarbeide ei ervervsmelding. Dersom ein går ut frå at ei gjennomsnittleg ervervsmelding kostar kr. 50 000, gir det ein årleg kostnad på ca. 15 mill. kroner og ca. 100 mill. kroner totalt i perioden 1995 til i dag.
I tillegg til det er det òg indirekte kostnader knytte til innsending og behandling av ervervsmeldingar. Mellom anna fører det til at gjennomføringa av overdraginga blir utsett, noko som kan få negative følgjer for avgjerder og prosessar som er viktige for verksemda. Inntil meldinga er ferdigbehandla, er det ein uavklart situasjon som kan påføre ervervar auka økonomisk risiko i forhold til kundar og leverandørar. Det er rett nok vanskeleg å talfeste desse indirekte kostnadene, men det er ikkje urimeleg å tru at dei indirekte kostnadene er like store som dei direkte kostnadene. Det vil seie at dei samla kostnadene kan kome opp i omlag 30 mill. kroner pr. år. Dei totale kostnadene (direkte og indirekte) for næringslivet for perioden 1995 til i dag kan ha utgjort omlag 200 mill. kroner.
Sidan opphevinga av ervervslova vekkjer til live att konsesjonsplikta etter konsesjonslova, vil det føre til at nokre meldepliktige erverv vil bli konsesjonspliktige etter konsesjonslova. Sjølv om konsesjonsplikta vert aktualisert for nokre av dei meldepliktige erverva, vil kostnadene for næringslivet likevel bli monaleg mindre.