7 Forholdet til folkerettslege avtalar
7.1 EØS-avtalen
I høyringsbrevet frå departementet vart det gjort greie for forholdet mellom lov om erverv av næringsverksemd og EØS-avtalen. EØS-avtalen får følgjer for lov om erverv av næringsverksemd, først og fremst gjennom føresegnene om retten til fri etablering av verksemd i artikkel 31 til 35 og retten til fri flyt av kapital i artikkel 40.
Artikkel 31 bestemmer mellom anna:
I samsvar med bestemmelsene i denne avtale skal det ikke være noen restriksjoner på etableringsadgangen for statsborgere fra en av EFs medlemsstater eller en EFTA-stat på en annen av disse staters territorium. Dette skal gjelde også adgangen til å opprette agenturer, filialer eller datterselskaper for så vidt angår borgere fra en av EFs medlemsstater eller en EFTA-stat som har etablert seg på en av disse staters territorium.
Rett til å etablere verksemd er ein grunnleggjande fridom etter EØS-avtalen. Omgrepet etablering er vidt og dekkjer mellom anna oppstart av ny verksemd, oppretting av filial eller dotterselskap og oppkjøp av heile eller delar av eksisterande verksemd. Omsynet bak etableringsreglane er å sikre fri rett til etablering innanfor EØS-området. Det inneber at ein person frå eit land innanfor EØS, eller eit selskap som er etablert i ein EØS-stat, fritt skal kunne etablere seg i eit anna EØS-land på linje med landet sine eigne borgarar. Det er på det reine at eit meldepliktig erverv etter ervervslova er ei etablering i same tyding som artikkel 31.
Artikkel 40 bestemmer:
Innen rammen av bestemmelsene i denne avtale skal det mellom avtalepartene ikke være noen restriksjoner på overføring av kapital tilhørende personer bosatt i EFs medlemsstater eller EFTA-statene og ingen forskjellsbehandling på grunn av partenes nasjonalitet, bosted eller stedet for kapitalanbringelsen. Vedlegg XII inneholder de bestemmelser som er nødvendige for å gjennomføre denne artikkel.
Tydinga av omgrepet «overføring av kapital» går ikkje fram av ordlyden i artikkel 40. Omgrepet er nærmare definert i ordforklaringa (nomenklatur) til Direktiv 88/361/EEC der det mellom anna står at omgrepet òg omfattar andre underliggjande transaksjonar som direkte investeringar ved erverv av aksjar og fast eigedom, i tillegg til reine overførsler av kapital. Erverv som er meldepliktige etter ervervslova, fell derfor òg inn under omgrepet «overføring av kapital» i artikkel 40.
Formålet med artikkel 31 og artikkel 40 var opphavleg å hindre diskriminerande restriksjonar, dvs. avgrensingar direkte retta mot borgarar eller verksemder frå andre land. Då Noreg vedtok EØS-avtalen, vart det lagt til grunn at føresegnene berre inneheldt forbod mot diskriminerande restriksjonar.
EFTAs overvakingsorgan (EFTA Surveillance Authority) har i opningsbrev datert 24. mars 2000 hevda at ervervslova er i strid med EØS-avtalen. ESA hevdar at det har skjedd ei utvikling innanfor EF-retten, og at artikkel 31 og artikkel 40 no må tolkast som at dei òg inneheld eit reint restriksjonsforbod. Eit restriksjonsforbod omfattar òg nasjonale, ikkje diskriminerande reglar som hindrar eller gjer det vanskeleg å utøve dei grunnleggjande fridommane, mellom anna etablering og fri flyt av kapital. Slike nasjonale reglar kan etter ESAs meining berre godtakast dersom dei er grunngitt ut frå tvingande allmenne omsyn, og ikkje er i strid med proporsjonalitetsprinsippet.
Noreg hevda i sitt svarbrev til ESA at EØS-reglane ikkje forbyr andre restriksjonar enn dei som inneber forskjellsbehandling på grunnlag av nasjonalitet. Noreg hevda vidare at dersom det blir lagt til grunn at det ligg føre eit restriksjonsforbod i artikkel 31 og artikkel 40, så kan ein grunngi at lova eksisterer ut frå tvingande allmenne omsyn.
Enkelte av høyringsinstansane har knytt kommentarar til forholdet mellom ervervslova og EØS-avtalen. NHO seier dette:
«NHO mener, i likhet med ESA, at ervervsloven er i strid med EØS-avtalens bestemmelser om fri flyt av kapital, selv om den er nasjonalitetsnøytral... Det er viktig at Norge overholder EØS-avtalens forpliktelser, og ikke beholder lover som er i strid med dennes grunnleggende prinsipper om fri flyt... »
Etter NITOs syn er det ikkje dekning for å hevde at lova er i strid med EØS-avtalen, og dei seier mellom anna dette:
«... Lov om erverv stiller like vilkår til oppkjøp, enten det er nasjonale eller utenlandske investorer, og innebærer derfor ingen diskriminering... »
Med utgangspunkt i departementets konklusjon om at lova bør opphevast fordi ho har utspelt rolla si som eit næringspolitisk verkemiddel, har vi ikkje sett det som nødvendig å vurdere verken merknadene frå ESA eller høyringsinstansane vidare.
7.2 Forholdet til OECD (Organization for Economic Cooperation and Development)
OECD gjennomfører jamleg eksaminasjonar av medlemslanda sine. Komitéen for investeringar og multinasjonale selskap (CIME) hadde førre eksaminasjon av Noreg i 1996 - 97. Sjølv om komitéen konkluderte med at norske styresmakter brukte ervervslova på ein måte som ikkje diskriminerte utanlandske oppkjøp i forhold til nasjonale oppkjøp, vart lova til ein viss grad kritisert som eit mogleg investeringshinder.
Høyringsinstansane har ikkje kommentert dette, og departementet legg til grunn at OECD ser på forslaget om oppheving av ervervslova som ei positiv utvikling.