Ot.prp. nr. 62 (2001-2002)

Om lov om oppheving av lov om erverv av næringsverksemd

Til innhaldsliste

8 Grunngivinga for forslaget om å oppheve ervervslova

8.1 Innleiing

Departementet gjer i dette kapitlet greie for grunngivinga for å oppheve ervervslova. Synspunkta frå høyringsinstansane på forslaget om ei oppheving, vil bli kommenterte. Andre omsyn som til dels har vorte sikra gjennom ervervslova vil òg bli omtala, og korleis ein skal sørgje for at dei blir tekne vare på om lova fell bort.

8.2 Behovet for ervervslova

8.2.1 Kontroll med eigarskifte i norsk næringsliv

8.2.1.1 Høyringsbrevet

I høyringsbrevet frå departementet vart det gjort grundig greie for kvifor departementet meiner at det ikkje lenger er eit reelt behov for norske styresmakter å kontrollere eigarskifte i norsk næringsliv. Grunnlaget var den evalueringa departementet hadde gjort på bakgrunn av erfaringane med ervervslova dei siste sju åra, men òg erfaringane frå kontroll med eigarskifte i norsk næringsliv gjennom fleire tiår.

I førearbeida til ervervslova var eit hovudargument for å innføre lova at styresmaktene hadde behov for kontroll med eigarskifte i norsk næringsliv. Det var òg bakgrunnen for dei tidlegare konsesjonsreglane. Av det totale talet på saker som har vore behandla etter ervervslova, drygt 2100, er det berre 13 som har vore oppe til nærmare prøving. Dette er saker som departementet har gått grundigare inn i fordi vi har meint at det har vore grunn til å tru at erverva kunne få vesentlege negative verknader for føretaket, bransjen eller samfunnet elles. Erfaringane tilseier at styresmaktene har eit lite reelt behov for å kontrollere eigarskifte i næringslivet. Vår erfaring er at det sjeldan skjer dramatiske endringar i samband med eigarskifte. Dei store strukturelle endringane med reduksjon i og nedlegging av verksemd er først og fremst knytte til endringar i marknadssituasjonen og andre faktorar av økonomisk innverknad for bedriftene som skjer uansett og uavhengig av eigarskapen. Også norske bedrifter er nøydde til å omstille verksemda for å kunne halde ved lag ei lønnsam verksemd, som igjen kan vere med på å sikre arbeidsplassar. Omstillingstakten i næringslivet har auka, og endringar i andre lands økonomiar påverkar også og får i større grad innverknad for norsk næringsliv. Eit system med eigarskiftekontroll viser seg derfor å vere lite treffsikkert fordi det først og fremst er andre forhold som utløyser dei strukturendringane som styresmaktene har vilja fange opp gjennom ervervslova. Det er uansett vanskeleg å sjå at det er ei myndigheitsoppgåve å skulle overprøve vurderingane til bedriftene og eigarane deira når det gjeld strategiske forhold og driftsgrunnlag for bedrifta.

I høyringsbrevet vart det trekt fram at lova, i følgje førearbeida, ikkje skulle hindre fornuftige omstillingar i næringslivet, og at det har gitt departementet den nødvendige fleksibiliteten til å praktisere lova slik at norsk næringsliv òg skulle få den nødvendige handlefridommen for å kunne utvikle og tilpasse seg til dei økonomiske rammevilkåra som til kvar tid gjeld.

Med bakgrunn i desse erfaringane meinte departementet at det var vanskeleg å sjå det reelle behovet for framleis å skulle ha ein eigarskiftekontroll i næringslivet.

8.2.1.2 Høyringsfråsegn

Dei fleste høyringsinstansane er i all hovudsak samde i synspunkta våre. Til dømes uttalar Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) følgjande:

«Ved at oppkjøp av hele eller deler av virksomheter er underlagt myndighetskontroll, gir loven føringer på at andre hensyn enn de bedriftsøkonomiske tillegges vekt ved vurderingen av om ervervet skal aksepteres. Selv om loven er praktisert slik at ingen oppkjøp er nektet godkjent, vil lovens eksistens kunne føre til at nødvendige og riktige oppkjøp og omstruktureringer i næringslivet ikke skjer. Dette vil på sikt kunne hemme verdiskapingen ved å hindre kapital og arbeidskraft i å arbeide i de «riktige» bedriftene...Lovens system medfører at både investor/aktuelt kjøpsobjekt og myndighetene legger betydelig arbeid og kostnader ned i en søknadsprosess som i den tid loven har eksistert, ikke har medført inngrep. Denne perioden har ikke vært preget av lav oppkjøps- og omstillingshastighet i næringslivet - tvert imot. Alt skulle derfor tilsi at dersom loven har sin berettigelse, ville erverv blitt nektet i denne perioden.»

Frå Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH) har vi fått desse synspunkta:

«...Som det påpekes i høringsnotatet er erfaringene med loven at det reelle kontrollbehovet med eierskifter er lite, og at bedriftsetableringer- og flyttinger i liten grad kan styres ved hjelp av lovparagrafer,...representerer ervervsloven en type myndighetsregulering og kontroll som tiden har løpt fra,...det er grunn til å anta at loven virker bremsende på en ønskelig omstrukturering og omstilling i norsk næringsliv, og påfører bedriftene en konkurranseulempe i forhold til konkurrenter i utlandet og til det internasjonale kapitalmarkedet... Vi slutter oss til de hensyn og argumenter for opphevelse av loven som er påpekt fra departementets side.»

Landsorganisasjonen (LO) er derimot ikkje samd i forslaget om å oppheve lova, og dei meiner dette:

«LO er uenig både i de vurderinger som ligger til grunn for forslaget og i selve forslaget om å oppheve ervervsloven. LO ønsker å styrke og videreføre ervervsloven. LO mener det er en fornuftig næringspolitikk at myndighetene har systematisk informasjon om og mulighet til kontroll av eierskifter av en viss størrelse, og beklager at det politiske elementet av styring ønskes avviklet. En rekke saker viser at slik offentlighet på ulike måter har medvirket til prosesser der så vel næringsmessige som lokale interesser blir nærmere vurdert, blant annet sysselsetting, og senere finner sin løsning mellom partene.»

Også Norges Ingeniørorganisasjon (NITO) meiner at lova ikkje bør opphevast. Dei seier blant anna dette:

«NITO mener ervervsloven ivaretar viktige rettigheter for norske arbeidstakere. I tillegg har loven etter NITOs syn næringspolitisk betydning. Den bidrar til at myndighetene får informasjon om og kontroll av eierskifter av en viss størrelse, og kan bidra til å unngå useriøse investeringer og fiendtlige oppkjøp i norsk næringsliv.»

Yrkersorganisasjonenes Sentralforbund (YS) meiner at ervervslova ikkje har mykje å bidra med når det gjeld å gjere Noreg til eit attraktivt land for investeringar, men at lova må erstattast av noko anna, som til dømes ein aktiv næringspolitikk med mål om å behalde og vidareutvikle industriell verksemd i Noreg. Dei meiner at ei forbetring av rammevilkåra er ei føresetnad for å oppheve ervervslova.

Om regjeringa vil arbeide vidare med forslaget om å oppheve ervervslova, legg arbeidstakarorganisasjonane, som har markert motstand mot forslaget om å oppheve lova, til grunn at regjeringa vil setje i gang eit arbeid for å sikre at arbeidstakarane og dei tillitsvalde får tilsvarande rettar som i ervervslova i anna lovverk.

8.2.1.3 Departementets vurdering

Departementet er nøgd med at dei aller fleste av høyringsinstansane støtter forslaget om å oppheve ervervslova og er samde i grunngivinga vår. Heller ikkje dei kan sjå at det framleis er eit reelt kontrollbehov med eigarskifte i norsk næringsliv. Dette visar at vi har fått brei støtte for oppfatninga vår om at tida har løpt frå ervervslova som eit effektivt virkemiddel for norske styresmaktar i næringspolitikken. Departementet merkjer seg motstanden mot å oppheve lova frå arbeidstakarorganisasjonane. LO og NITO til dømes er ikkje samd i forslaget om ei oppheving av lova og ønskjer framleis å ha ein kontroll med eigarskifte av ein viss storleik, dette av omsyn til dei tilsette. Departementet har lagt stor vekt på å sikre at dei tilsette sine rettar framleis skal ivaretakast. Forholdet til dei tilsette blir nærmare omtala i kapittel 8.5. Vi kan ikkje sjå at det frå desse organisasjonane har kome fram nye argument som talar for å oppretthalde lova når det elles viser seg å ikkje vere behov for ho. Heller ikkje forholdet til dei tilsette kan innebere at ervervslova framleis skal oppretthaldast. Vi er samd med YS i at det er særs viktig å sørgje for at vi stadig arbeider med å forbetre dei norske rammevilkåra for å halde på og også trekkje nyetableringar av verksemd til Noreg. Når det gjeld andre og meir detaljerte kommentarar frå høyringsinstansane viser vi til kommentarane til dei enkelte punkta nedanfor.

8.2.2 Den preventive effekten av lova og sanksjonssystemet i lova

8.2.2.1 Høyringsbrevet

I høyringsbrevet gjorde departementet greie for den såkalla preventive effekten av å ha ein oppkjøpskontrollordning med eigarskifte i norsk næringsliv. I førearbeida til ervervslova vart det lagt til grunn at lova hadde ein såkalla preventiv effekt i den forstand at ho «skrelte» bort dei kjøparane som berre var ute etter å kjøpe opp bedrifter for så å leggje dei ned (reine «slakteoppkjøp»). Det kan til dømes vere aktuelt ved kjøp av marknadsdelar der det er kjøp av marknadstilgang som er viktig, og ikkje nødvendigvis bedrifta som produserer varene. Det same kan gjelde ved kjøp av varemerke. Gjennom dei sju åra lova har eksistert, har departementet ikkje sett døme på slike reine «slakteoppkjøp». Det kan ha samanheng med at lova eksisterer, og at investorar med slike planar har vorte skremde bort alt før eller i salsforhandlingane. På den andre sida vart det trekt fram at det har vore døme på saker der kjøparane har lagt fram planar om framleis verksemd på dei eksisterande produksjonsanlegga i Noreg, men der det etter kort tid viser seg at planane endrar seg. Departementet vil ikkje sjå bort frå at dette utan ervervslova kunne ha vore «reine» slaktekjøp med nedlegging i samband med verksemdsovertakinga, men at det ikkje var mogleg å seie noko sikkert om den preventive effekten av ei lov, heller ikkje av ervervslova. Departementet meiner at det uansett ikkje kunne forsvarast å halde fast ved ei lovregulering som den ervervslova innebar, sjølv om lova eventuelt kunne ha ein preventiv effekt.

Departementet la vidare i høyringsbrevet vekt på at den preventive effekten av lova må sjåast i samanheng med sanksjonssystemet i lova («ris bak spegelen»-funksjonen). Sanksjonen i kapittel 8 i lova har ikkje vore utforma for å fange opp tilfelle der det skjer nedleggingar som følgje av endra marknadsforhold osv. Det går klart fram av førearbeida til ervervslova at lova ikkje skulle hindre fornuftige omstillingar i næringslivet. Departementet trakk vidare fram at dei hadde vurdert fleire saker om nedlegging etter § 20. Ein føresetnad for at § 20 skal nyttast, er at det er gitt uriktige eller ufullstendige opplysningar i samband med ervervsbehandlinga. Vurderinga må derfor knytast opp mot dei opplysningane ervervaren gav i ervervsmeldinga. I høyringsbrevet vart det peikt på at det var vanskeleg i praksis å føre bevis for at det alt på ervervstidspunktet låg føre planar om å leggje ned verksemda i Noreg. Departementet har derfor så langt ikkje brukt den formelle sanksjonen med pålegg om tvangssal av bedrifta. I ein del saker har departementet erfart at det var etterfølgjande endringar i marknadsforholda osv. som var grunnen til at ei verksemd blei nedlagd i Noreg og flytt til andre land. I ein del saker var det derfor først på eit langt seinare stadium at planane om nedlegging kom opp. I slike tilfelle var det ikkje grunnlag for å bruke § 20.

8.2.2.2 Høyringsfråsegn

Få av høyringsinstansane har kome med merknader her. LO seier at:

«Bare det faktum at Noreg har et slikt system, har etter våre erfaringar bidratt til å holde useriøse aktører utenfor.»

NITO seier dette:

«...ervervsloven kan bidra til å unngå useriøse investeringer og fiendtlige oppkjøp i norsk næringsliv.»

8.2.2.3 Departementets syn

Det har ikkje kome fram noko vesentleg nytt frå høyringsrunden her bortsett frå at enkelte av høyringsinstansane legg til grunn at lova har ein preventiv effekt. Departementet meiner framleis at det er vanskeleg å seie noko sikkert om den preventive effekten av lova og sanksjonane i lova, anna enn det vi allereie har omtalt i høyringsbrevet. I denne samanheng kan det vere interessant å vise til dei svenske erfaringane då dei oppheva eit liknande regelverk på byrjinga av 1990-talet. Der har ein registrert få negative konsekvensar i form av bedriftsnedleggingar etter at konsesjonsregelverket blei oppheva. Uansett kan ein mogleg preventiv effekt ikkje forsvare at ervervslova framleis skal oppretthaldast.

8.2.3 Fastsetjing av vilkår ved eigarskifte

8.2.3.1 Høyringsbrevet

Ei oppheving av ervervslova inneber òg at departementet ikkje lenger kan setje vilkår ved eigarskifte. Dette vart det også gjort greie for i høyringsbrevet, og departementet omtala spesielt dei sakene som har vore oppe til nærmare prøving. I dei fleste av desse sakene er det stilt vilkår for overdraginga, mellom anna salsvilkår, sjå ervervslova § 17 tredje ledd. Salsvilkåret går ut på at dersom heile eller vesentlege delar av bedrifta skal leggjast ned, kan departementet påleggje eigaren å leggje forholda til rette for forhandlingar om sal til reelle interessentar. Ei eventuell overdraging skal skje på kommersielle vilkår slik at bedrifta ikkje skal seljast på «billigsal». Det gjekk fram av høyringsbrevet at departementet opp gjennom åra (salsvilkåret vart første gong sett i 1989 med heimel i industrikonsesjonslova av 1917) har hatt fleire nedleggingssaker der salsvilkår er påhefta bedrifta. I dei tilfella der salsvilkåret etter tidlegare gitte konsesjonar har vorte utløyst, har gjennomførte sonderingar og forhandlingsrundar gjennomgåande vist at heller ikkje nye potensielle eigarar ser grunnlag for vidare drift under same føresetnader som eksisterande eigarar. Salsvilkåret har derfor i praksis vist seg å ha liten effekt, og det har berre i liten grad vore med på å sikre norske arbeidsplassar, slik intensjonen bak innføringa av salsvilkåret var.

8.2.3.2 Høyringsfråsegn

Det er berre NHO av høyringsinstansane som har kome med merknader til punktet om vilkårsfastsetjing etter ervervslova. Med deira kjennskap til dei vilkåra som er sette, meiner dei at vilkåra ikkje framstår som inngripande eller styrande for utviklinga av føretaket, og at det derfor ikkje er naudsynt å oppretthalde ei lov berre for å kunne fastsetje vilkår.

8.2.3.3 Departementets syn

Sidan det berre er NHO som har merknader til vilkårsfastsetjing i medhald av ervervslova legg departementet til grunn at høyringsinstansane ikkje er usamd i oppfatninga vår om at dei vilkåra som har blitt sette i medhald av ervervslova, i praksis ikkje har vist seg å vere effektive verkemiddel for å sikre arbeidsplassar i Noreg. Ein treng derfor heller ikkje å oppretthalde lova av denne grunn.

8.2.4 Dialog- og påverkarrolla til Nærings- og handelsdepartementet

8.2.4.1 Høyringsbrevet

I høyringsbrevet peika departementet på at ervervslova har medført at Nærings- og handelsdepartementet har vore ein aktør ved større eigarskifte i norsk næringsliv. Meldepliktsystemet i ervervslova inneber at departementet får melding om eigarskiftet og skal godkjenne det. Lova gir dessutan høve til å kunne kommunisere med kjøparen og vere i ein prosess rundt oppkjøpet for å avdekkje og til ein viss grad påverke kva for verknader oppkjøpet kan få for bedrifta. Dersom lova blir oppheva, vil oppkjøp i utgangspunktet kunne skje utan nokon kontakt med departementet. I ein del tilfelle kjem det likevel til å vere kontakt med andre styresmakter, som til dømes Konkurransetilsynet. I større oppkjøpssaker vart det sagt at Nærings- og handelsdepartementet og næringsministeren uansett lovgrunnlag vil ha ei politisk plattform som kan gi grunnlag for ein dialog med aktørane.

8.2.4.2 Høyringsfråsegn

Nokre av høyringsinstansane har kommentert dette. LO seier til dømes:

«En rekke saker viser at slik offentlighet på ulike måter har medvirket til prosesser der så vel næringsmessige som lokale interesser blir nærmere vurdert, blant annet sysselsetting, og senere finner sin løsning mellom partene.»

NHOtrekkjer fram eit anna synspunkt:

«Vi slutter oss til departementets vurdering av at slik informasjon uansett vil tilflyte myndighetene i saker hvor det er viktig at myndighetene får slik informasjon. Det er ulike interessegrupper som, hver for seg eller sammen, vil være interessert i å rette myndighetenes oppmerksomhet mot kjøpet; ansatte, lokale myndigheter, interesseorganisasjoner og lignende.»

8.2.4.3 Departementets syn

Departementet har merka seg at det er noko ulikt syn på om vi treng ervervslova for å ha kontakt med føretaka både for å føre ein dialog med selskapa og for å kunne påverka dei. Vi meiner at det framleis er mogleg å ha meir uformelle kontaktar som langt på veg kan erstatte den formelle rolla departementet har hatt som følgje av ervervslova. Vi trur også at dei forskjellige interessegruppene kan kome til å kontakte departementet ved enkelte eigarskifte eller andre store endringar i føretaket sjølv utan at ervervslova ligg i botn som «kontaktpunkt», som NHO har peika på. Dei forskjellige synspunkta og interessene som gjer seg gjeldande i ei aktuell sak, vil derfor framleis kunne bli lagt fram for styresmaktene.

For å halde seg oppdatert om utviklinga i næringslivet kan departementet òg på eiga hand spele ei meir aktiv og oppsøkjande rolle i forhold til næringslivet for å følgje med på utviklinga i norske bedrifter og dei forskjellige bransjane. Dette bør ikkje berre skje ved eigarskifte, men på eit meir generelt grunnlag. Ein slik kontakt er både i bedriftene og departementet si interesse, og departementet kan dermed halde fast ved si rolle som «påverkar» i slike prosessar.

8.3 Beredskapsomsyn og tryggleiksomsyn

8.3.1 Høyringsbrevet

I høyringsbrevet gjekk det frem at i beredskapssamanheng er Nærings- og handelsdepartementet eit av dei sentrale forsyningsdepartementa, med fagansvar for dei næringslivssektorane som ligg innanfor virkeområdet til departementet. Det vil i praksis seie industriell produksjon, omsetning av varer og tenester, bygg- og anleggsverksemd og utanriks skipsfart. Departementet har òg eit særskilt koordineringsansvar for matvareberedskap.

Ervervslova har vore brukt både i forhold til førehandsplanlagde forsyningstiltak i samarbeid med bedrifter og for å få informasjon om eigarskifte. Ervervslova er ein av dei kanalane der departementet har fått presentert kva for planar den nye eigaren har for bedrifta og dermed fått kjennskap til kva for beredskapsmessige verknader eigarskiftet truleg kom til å få. I tillegg har ervervslova vore brukt for å prøve å halde ved lag eit alt etablert beredskapsnivå i tilknyting til enkelttiltak. Ved oppkjøp av bedrifter som departementet har beredskapsopplegg med, som til dømes lageravtale, krisehandelsavtale og konsesjonsvilkår, har den nye eigaren vorte spurd om han er villig til å føre vidare aktuelle beredskapsplikter. I tilknyting til konsesjonsvilkår etter tidlegare konsesjonslovgiving har også andre departement i nokre få saker vore inne i biletet som «brukarar» av lova i samband med ervervssaker der det har vore gjennomført revisjon/oppdateringar av beredskapsvilkår.

Dersom ein opphevar ervervslova, mister departementet sjansen til å ta seg av dei nemnde beredskapsformåla gjennom dette lovverket. Men beredskapsaspektet har ikkje vore den avgjerande grunnen til å etablere ervervslova. Ervervslova er ikkje noko fullgodt alternativ når ein skal løyse problematikken i samband med å halde ved like innanlandsk bransjekompetanse, noko som er viktig for forsyningsberedskapen i Noreg. Slike omsyn bør i staden innarbeidast i det normale beredskapslovverket.

8.3.2 Høyringsfråsegn

Berre to høyringsinstansar har hatt konkrete kommentarar knytt til beredskaps- og tryggleiksomsyn.

Forsvarets overkommando - Sikkerhetsstaben (FO/S) viser i si fråsegn til at det er naudsynt av omsyn til rikets tryggleik og vitale nasjonale tryggingsinteresser å kunne føre kontroll med overtakingar av føretak som har skjermingsverdig informasjon eller eig/kontrollerer skjermingsverdige objekt ved overtakinga. Slike omsyn vert tekne vare på i tryggingslova og føresegner gitt med heimel i denne. Lova gjeld i utgangspunktet ikkje andre rettssubjekt enn leverandørar til forvaltningsorgan. Den auka tendensen i seinare tid til privatisering og konkurranseutsetjing i offentleg sektor gjer det naudsynt å utvide verkeområdet til tryggingslova. I samband med dette seier FO/S at:

«Denne utviklingen kan gjøre det nødvendig at sikkerhetsloven gis anvendelse overfor private rettssubjekter. I en slik situasjon vil det etter FO/S sin oppfatning være behov for en hjemmel til å føre kontroll med erverv av foretak som besitter skjermingsverdig informasjon og/eller objekter. Dette gjelder uansett virksomhetens størrelse.

Ervervsloven med sine begrensninger mht. når meldeplikt inntrer kan således fremstå som mindre egnet til å ivareta sikkerhetsmessige hensyn. FO/S antar at også denne type ervervskontroll faller noe på siden av hva ervervsloven primært skal ivareta, og såleis mest hensiktsmessig bør reguleres i eller med hjemmel i sikkerhetsloven.

Ervervsloven kan imidlertid i noen utstrekning tjene som en «sikkerhetsventil» inntil annet tilstrekkelig regelverk er gitt. Det bør derfor vurderes om opphevelse bør utstå i påvente av dette.»

Forsvarsdepartementet uttaler at ein i hovudsak deler vurderingane til FO/S, men i motsetnad til FO/S ser ikkje Forsvarsdepartementet at det er behov for å utsetje opphevinga av ervervslova.

Direktoratet for sivilt beredskap (DSB) seier i si fråsegn at:

«Fra et beredskapsmesig ståsted er det uheldig at ervervsloven oppheves fordi departementet mister muligheten til å ivareta sine beredskapsformål gjennom denne loven. Sikring av disse må derfor søkes ivaretatt gjennom annen lovgivning.

I sitt høringsnotat nevner departementet en rekke argumenter for å oppheve loven. Selv om en opphevelse av ervervsloven vil være negativ sett fra en beredskapsmessig synsvinkel, mener vi at de argumenter som NHD har fremlagt til støtte for sitt syn, må tillegges slik vekt at direktoratet gir sin tilslutning til forslaget om å oppheve ervervsloven.»

Justisdepartementet er samd i vurderinga til DSB.

8.3.3 Departementets vurdering

På bakgrunn av høyringssvara meiner departementetat det ut frå beredskaps- og tryggleiksomsyn ikkje er komme fram avgjerande grunnar som tilseier at ervervslova ikkje kan opphevast. Departementet viser til at beredskapsaspektet ikkje var den avgjerande grunnen til å etablere ervervslova. Ervervslova vil derfor langt frå vere noko fullgodt alternativ når ein skal løyse problematikken som høyringsinstansane peikar på. Slike omsyn bør, slik FO/S og DSB tek til orde for, i staden innarbeidast i og bli tatt omsyn til i samband med ein framtidig revisjon av tryggleiks- og beredskapsregelverket. Departementet meiner derfor at det ikkje føreligg tungtvegande grunnar til å avvente opphevinga av ervervslova til anna regelverk på området er komme til.

8.4 Næringsøkonomiske vurderingar

8.4.1 Høyringsbrevet

I høyringsbrevet uttalte departementet at lova verkar inn på dei potensielle gevinstane som er knytte til det å overta ei verksemd og dermed på prisinga av norske bedrifter. Dette knyter seg til dei direkte og indirekte kostnader som kravet om melding av eit eigarskifte inneber.

Særnorske reglar for overtaking av bedrifter kan føre til auka kapitalkostnader for norske selskap, og kan i visse tilfelle påverke i kva grad ein vel å investere i norske verksemder. Sjølv om det reelt sett kan vere små kostnader i tilknyting til sjølve meldeplikta, kan vissa om at det eksisterer ei slik regulering, skade Noregs omdømme som ein næringsvennleg økonomi, og føre til at elles lønnsame prosjekt ikkje blir realiserte. Det verkar negativt på verdiskapinga i norsk økonomi. Ervervslova kan nok ha vorte oppfatta som eit større reelt hinder enn det ho faktisk har vist seg å vere, fordi dei aller fleste erverva har vorte godkjende utan nærmare prøving, og ingen av erverva har vorte nekta. Lova fører likevel til usikkerheit for investorane og også forseinkingar i gjennomføringa av transaksjonen. Norsk næringsliv konkurrerer på lik linje med andre land om kapital og investeringar i næringslivet, og vi kan ikkje sjå bort ifrå at ervervslova kan vere eit investeringshinder som medfører at Noreg ikkje blir valt som investeringsland.

Vidare er det direkte og indirekte kostnader i samband med at konkurransen og likviditeten i den innanlandske marknaden blir redusert. Reglane kan medverke til at ein vel gjeldsfinansiering der det hadde vore ønskjeleg med eigenkapitalfinansiering. Norske investorar og finansinstitusjonar kan på denne måten bli pålagde å bere høgare total risiko. Dessutan kan norske bedrifter få redusert tilgang til utanlandske produktmarknader fordi ein mister den marknadstilgangen som ein oppnår gjennom internasjonal eigarskap, ved at ein tilhøyrer internasjonale marknadsaktørar.

Næringspolitikk må ikkje vurderast i eit statisk perspektiv. Det er ein sentral del av dynamikken i økonomien at nye verksemder blir etablerte og lite lønnsame verksemder blir lagde ned eller kjøpte opp. Vi snakkar gjerne om kor viktig det er med «omstilling» og «omstillingsevne». «Omstilling» betyr mellom anna nettopp nedlegging av eksisterande verksemd og oppretting av ny. Verksemd som ikkje er tilstrekkeleg lønnsam, blir lagd ned, og ressursane kan brukast i andre, meir lønnsame verksemder. Det er på denne måten vi kan oppnå og halde ved lag eit effektivt og konkurransedyktig næringsliv. Sjølv om nedlegging av verksemd kan opplevast som ein tung og vanskeleg prosess for dei involverte, kan det derfor vere ein kortsiktig og kostbar strategi å halde hjula i gang når verksemda har vist seg å ikkje vere livskraftig lenger.

I høyringsbrevet konkluderte departementet med at det ut frå ei samla samfunnsøkonomisk vurdering vil kostnadene knytte til lova vere høgare enn nytten.

8.4.2 Høyringsfråsegn

Departementet har fått brei støtte frå høyringsinstansane også til dette punktet.

NHO meiner at lova hemmer nødvendig omstilling og omstrukturering og uttaler følgjande om dette:

«Ved at oppkjøp av hele eller deler av virksomheter er underlagt myndighetskontroll, gir loven føringer på at andre hensyn enn de bedriftsøkonomiske tillegges vekt ved vurderingen av om ervervet skal aksepteres. Selv om loven er praktisert slik at ingen oppkjøp er nektet godkjent, vil lovens eksistens kunne føre til at nødvendige og riktige oppkjøp og omstruktureringer i næringslivet ikke skjer. Dette vil på sikt hemme en fornuftig og nødvendig omstrukturering av norsk næringsliv. Dette vil kunne hemme verdiskapingen ved å hindre kapital og arbeidskraft i å arbeide i de «riktige» bedriftene.»

NHO meiner at lova òg vil medføre konkurranseulempe og prisreduksjon på norske bedrifter og uttaler at:

«Konkurranse om kapital er virkeligheten for de fleste bedrifter med vekst og ekspansjonsplaner i dagens globaliserte verden. For mange bedrifter er lokaliseringsvalg ikke avhengig av geografisk plassering - bedriftene etablerer seg eller etablerer/kjøper datterselskaper der rammebetingelsene for øvrig er gode. Et eksempel på slike rammebetingelser er kompetent og høyt kvalifisert arbeidskraft, som Norge og andre europeiske land kan tilby. Særlig for slike bedrifter medfører ervervsloven en konkurranseulempe; den er et forsinkende element (behandlingstid i departementet) som medfører kostnader for partene, den medfører usikkerhet mht. om kjøpet materialiserer seg, den medfører ekstra kostnader mht. utarbeidelse av melding m.v. I sum er dette forhold som medfører at tilsvarende bedrifter, for eksempel i de øvrige nordiske land, vil fremstå som mer attraktive å investere i. Dette gjelder også særlig fordi loven omfatter delkjøp av virksomheter.

Fordi en investor i et norsk foretak som rammes av loven må forholde seg til ovennevnte usikkerhets- og forsinkelsesmomenter, vil disse forhold etter all sannsynlighet påvirke den pris som kan oppnås for et kjøp i foretaket, i forhold til den pris en tilsvarende investering i et utenlandsk foretak som ikke er underlagt slike bestemmelser, ville gitt.»

Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH) støtter òg forslaget om å oppheve ervervslova. FNH sluttar seg til dei omsyna og argumenta som departementet har trekt fram, og meiner òg at lova bør opphevast så raskt som mogleg.

FNH uttaler følgjande:

«Etter FNHs oppfatning representerer ervervsloven en type myndighetsregulering og kontroll som tiden har løpt fra. Loven påfører næringslivet direkte og indirekte kostnader som ikke på noen måte motsvares av nytteffekten på samfunnets side. Det er grunn til å anta at loven virker bremsende på en ønskelig omstrukturering og omstilling i norsk næringsliv, og påfører bedriftene en konkurranseulempe i forhold til konkurrenter i utlandet og til det internasjonale kapitalmarkedet. Næringslivet påføres ved dette høyere kapitalkostnader enn nødvendig.»

Fråsegna frå Oslo Børs går i same retning, og dei trekkjer fram at:

«Ervervsloven har bidratt til unødig komplisering av restruktureringer som er gjort gjennom aksjemarkedet. Ved å skape formell usikkerhet knyttet til aksjeoverdragelser, er aksjemarkedet tilført usikkerhet som må antas priset inn i aksjene. Det betyr at erververe av meldepliktige aksjeposter vil kunne ha lavere betalingsvillighet hvilket kan gi selgere lavere kurs på sine aksjer. Dernest har problemstillinger knyttet til at erververen ikke har fulle aksjonærrettigheter i meldeplikts- og prøvingsperioden i enkelte tilfelle bidratt til forsinkelse av selskapsovertagelsen, uten tilsynelatende fornuftig grunn. I ett tilfelle bidro dette også til usikkerhet knyttet til børsnotering.»

Norges Forskningsråd har ut frå sin ståstad innan forsking, utvikling og kompetanseutvikling kome med følgjande fråsegn til høyringsbrevet:

«Norge er et lite land med åpen økonomi, og vi er helt avhengig av internasjonale kontakter og forbindelser. Utenlandske eiere bringer ofte nye dimensjoner til en virksomhet, som for eksempel forbedret produktivitet, nye kontakter også på FoU-siden, nye markedsmuligheter og ny kunnskap og erfaring. Vi ser også situasjoner der det er viktig å være stor i et nasjonalt marked, kanskje dominerende. Dette for å ha nok ressurser til kostbar og langsiktig utviklingsaktivitet, som igjen ofte er nødvendig for å kunne hevde seg i et globalt marked, der norske aktører som regel alltid vil være relativt små.»

Når det gjeld kostnadssida meinar NITO at kostnadane ikkje kan vere spesielt store, spesielt sett i lys av kva lova kan sikre med omsyn til å unngå useriøse investeringar/fiendtlege oppkjøp. Frå bedrifta si side vil kostnadene til ervervsmelding utgjere særs lite (omlag 50 000 kroner pr. melding i følgje NITO) sett i forhold til dei andre utgiftene ei bedrift har i samband med eit oppkjøp. NITO meiner òg at det ikkje er indikasjonar på at ervervslova er skuld i at Noreg er eit mindre attraktivt land å investere i. Det vil vere ei rekkje andre tiltak som kan gjennomførast for å gjere Noreg til eit meir attraktivt land å investere i og som kan føre til større kapitaltilgang. NITO set spørsmålsteikn ved om den tida det tek å behandle eit oppkjøp er ei vesentleg ulempe. Dei meiner det er høgst usikkert kor tungt dette veg når ein tek investeringsbeslutningar, og viser til at det vanlegvis tek lenger tid å vurdere eit oppkjøp etter konkurranselovgivinga.

8.4.3 Departementets vurdering

Ut frå dei mottekne høyringsfråsegnene legg departementettil grunn at det er brei semje om at dei næringsøkonomiske vurderingane tilseier at lova vert oppheva. Fråsegnene frå næringsorganisasjonane stadfester etter departementets oppfatning at kostnadene ved lova er høgare enn nytten, sjølv om fråsegna frå NITO går i motsatt lei. Etter ei samla vurdering legg departementet til grunn at lova også ut frå ein næringsøkonomisk synsvinkel bør opphevast.

8.5 Forholdet til dei tilsette

8.5.1 Innleiing

I høyringsbrevet frå departementet vart det gjeve ei oversikt om kva for rettar dei tilsette har ved eigarskifte etter gjeldande rett, mellom anna retten i medhald av ervervslova til informasjon om kva for verknadar eigarskiftet kan få for dei tilsette. Departementet ynskte å få klarlagt i høyringsrunden om det var behov for å gi fleire reglar om dette i fall ervervslova vart fjerna. Departementet ba derfor om innspel frå høyringsinstansane for å klarleggje dette.

8.5.2 Gjeldande rett

8.5.2.1 Ervervslova

Ervervslova er ei blant fleire lover som har føresegner om rettane dei tilsette har. Føresegnene i ervervslova kapittel 5 gir dei tilsette i den erverva verksemda rettar når eit erverv er meldepliktig etter lova. Ervervar må etter § 12 i lova informere dei tilsette om ervervet i eit informasjonsmøte. Dei tilsette har rett til å uttale seg til departementet, sjå § 11. Den retten må brukast innan 30 dagar etter at ervervsmeldinga kom til departementet.

8.5.2.2 Arbeidsmiljølova

Den generelle lovgivinga på dette feltet er arbeidsmiljølova og særleg kapittel XII A om rettar ved verksemdsoverdraging o.l.

Siktemålet bak kapittel XII A i arbeidsmiljølova er å verne om rettane og interessene til arbeidstakarane når verksemda blir overført til ein ny innehavar, jf. Ot. prp. nr. 71 (1991 - 92) s. 14. Formålet er å sikre at arbeidsforholda held fram uavhengig av overføringa, og at arbeidstakarane har uendra vilkår. Det er mellom anna føresegner om at rettar etter arbeidsavtalen skal overførast, og at overføringa ikkje skal føre til oppseiing i seg sjølv. Det er òg føresegner om informasjon og drøfting med dei tillitsvalde.

Medan det primære målet med ervervslova er dei involverte bedriftene og verksemdene som blir overdregne, er reguleringa i arbeidsmiljølova retta mot andre rettssubjekt, nemleg arbeidsgjevar og arbeidstakar. Føresegnene i arbeidsmiljølova gjeld når heile eller delar av verksemda vert overdregen, mens føresegnene i ervervslova gjeld når eit erverv er meldepliktig (både aksjekjøp og overtaking av aktiva er omfatta av ervervslova). Ervervslova slår fast at ervervar har ei plikt til å informere dei tilsette. I arbeidsmiljølova er det i motsetnad til ervervslova korkje informasjonsplikt eller fråsegnsrett ved kjøp av aksjepostar i selskapet som eig verksemda. Ein annan skilnad er at det heller ikkje er myndigheitskontroll av prosessen etter reglane i arbeidsmiljølova. Reglane byggjer på ein føresetnad om at heile eller delar av bedrifta/verksemda skal vidareførast ved overdraginga, og at rettane til arbeidstakaren vert sikra. Det er på det reine at lova legg plikter både på den nye og den tidlegare eigaren for å etablere prosessar mellom dei og dei tilsette.

8.5.2.3 Selskapslovgivinga

Det er reglar i aksjelova og allmennaksjelova som sikrar dei tilsette rettar ved fusjonar og fisjonar tilsvarande det som følgjer av arbeidsmiljølova kapittel XII A, jf. allmennaksjelova og aksjelova § 13-11 om fusjonar og § 14-4 tredje ledd i båe lover om fisjonar. Det følgjer av føresegnene at dei tillitsvalde i selskapa som skal fusjonere, skal få informasjon og ha rett til drøfting i samsvar med reglane i arbeidsmiljølova. I dei selskapa som har bedriftsforsamling, skal saka om fusjon leggjast fram før bedriftsforsamlinga, der også dei tilsette er representerte, til uttale.

Dei tilsette i både aksjeselskap og allmennaksjeselskap med fleire enn tretti tilsette (aksjelova og allmennaksjelova § 6-4) har krav på å vere representert i styret i selskapet. Representantane for dei tilsette i styret vil i eigenskap av å vere styremedlem få informasjon om eigarskifte ved aksjeoverdragingar. Hovudregelen i aksjelova er at styret, med mindre noko anna er fastsett i vedtektene, må godkjenne overføring av aksjar til ein ny eigar, jf. aksjelova § 4-16. Dette gjeld ikkje i allmennaksjeselskap der aksjane kan omsetjast fritt med mindre noko anna er fastsett i vedtektene, til dømes samtykke frå styret, jf. allmennaksjelova § 4-15. Ved kjøp av aksjar skal kjøparen straks sende melding om kjøpet til selskapet, jf. aksjelova § 4-12, medan det etter allmennaksjelova § 4-7 er tidlegare eigar som skal sende melding om aksjeeigarskiftet, og meldinga om dette skal sendast verdipapirsentralen. Nye eigarar må dessutan vere innførte i aksjeeigarboka, jf. aksjelova § 4-2, eller i aksjeeigarregisteret, jf. allmennaksjelova § 4-2 for å kunne utøve aksjonærrettar i selskapet. Registreringa er ikkje eit absolutt krav, dersom ervervet er godtgjort på annan måte. Desse reglane vil medverke til at dei tilsette vil få informasjon om eigarskifte i selskapet ved kjøp av aksjepostar.

8.5.2.4 Tariffavtaler (Hovudavtalen mellom NHO og LO)

I kapittel 9 i hovudavtalen mellom NHO og LO er det føresegner om informasjon og drøfting med dei tilsette. I motsetnad til føresegnene i arbeidsmiljølova gjeld den tariffbestemte drøftingsplikta ved dei fleste eigarskifte, uavhengig av korleis det skjer formelt rettsleg. Hovudavtalen gjeld ved fusjon, fisjon, heil eller delvis nedlegging av verksemda eller anna rettsleg omorganisering. Leiinga i føretaket skal så tidleg som mogleg drøfte dette med dei tilsette, jf. § 9-5 i avtalen, og ved eigarskifte også sørgje for at det blir halde eit møte mellom dei tillitsvalde og dei nye eigarane om overdraginga. I § 9-16 er det ei føresegn om at leiinga ved eigarskifte i aksjeselskap skal informere dei tillitsvalde om eigarskifte ved kjøp av meir enn 10% eller meir enn 1/3 av aksjane. Vidare følgjer det av føresegna at leiinga så raskt som mogleg skal gjere det dei kan for at den nye eigaren snarast mogleg kan fortelje dei tilsette om kva for planar han har for føretaket.

Hovudavtalen gjeld i bedrifter som er tilknytte NHO og LO.

8.5.2.5 Europeiske samarbeidsutval

I forskrift 28.07.2000 nr. 797 er det fastsett føresegner om oppretting/etablering av europeiske samarbeidsutval. Formelt er det ein avtale mellom NHO og LO om etablering av europeiske samarbeidsutval som har blitt gjort gjeldande for alle tilsettingsforhold gjennom forskriften, jf. § 1. Avtalen skal leggje til rette for at det i føretak med verksemd i fleire EØS-land skal vere kontakt og samarbeid med dei tilsette i konsernet. Oppretting av slike organ forutset at det må vere minst 1000 tilsette i konsernet, og at det innanfor minst to EØS-land må vere 150 tilsette i kvart av desse landa.

8.5.2.6 Direktiv om informasjon og konsultasjon av dei tilsette

Det er nyleg (18.02.2002) vedteke eit EU-direktiv om informasjon og konsultasjon med dei tilsette for alle føretak med fleire enn tjue tilsette. Dette er førebels ikkje ein del av det norske regelverket, men departementet legg til grunn at direktivet også vil bli ein del av norsk rett som følgje av EØS-avtalen. Direktivet har ei rekkje føresegner som skal sikre at dei tilsette får informasjon og også blir konsulterte om utviklinga i verksemda dei arbeider i.

8.5.2.7 Direktiv om det europeiske selskap

EU har vedteke ei forordning (EF 2157/2001 av 8.10.2001 om statutt for det europeiske selskap) om etablering av eit europeisk selskap. Det skal vere mogleg å etablere europeisk selskap frå og med oktober 2004. I samband med forordninga er det gjeve eit direktiv (2001/86/EF av 8.10.2001 om fastsettelse av supplerende bestemmelser for det europeiske selskap (SE) for så vidt angår medarbeiderinnflytelse) med føresegner om medverknad for dei tilsette i europeisk selskap. Forordninga og direktivet vil bli ein del av norsk rett.

8.5.3 Den rettslege stillinga til dei tilsette ved ei oppheving av ervervslova

8.5.3.1 Høyringsfråsegn

Som departementet ba om, har fleire av organisasjonane i høyringa kome med merknader om stillinga til dei tilsette ved ei oppheving av ervervslova. Departementet vel å trekkje fram synspunkta frå LO, NHO og Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Dei andre arbeidstakarorganisasjonane deler synspunkta frå LO.

LO seier følgjande:

«Dersom Bondevik II velger å gå videre i arbeidet med å oppheve ervervsloven, forutsetter LO at det parallelt foretas et arbeid for å sikre arbeidstakere og tillitsvalgte tilsvarende rettigheter i andre lover. Ervervsloven må opprettholdes inntil tilsvarende rettigheter er innført i annet lovverk. Ervervslovens krav til meldingens innhold må videreføres på en slik måte at de ansatte kan bli kjent med erververens virksomhet og økonomiske situasjon, begrunnelsen for og intensjonen med ervervet - herunder investeringsplaner og ervervets betydning for framtidig virksomhet og sysselsetting. Regelverket må også muliggjøre at slike opplysninger kan tvinges fram. I dag kan de ansatte og tillitsvalgte gjennom sin uttalerett være med på å påvirke at departementet innhenter ytterligere opplysninger om erververen og hans planer. LO ser ingen argumenter for og kan ikke akseptere at disse arbeidstakerrettighetene skal svekkes. Det må bety at den lov der reglene skal videreføres også får bestemmelser som muliggjør kontroll av at opplysningene er fullstendige og korrekte, samt at eventuelle brudd på reglene kan håndheves.»

NHO viser i høyringsfråsegna til omtala av arbeidstakarettane i høyringsnotatet frå departementet og har også sjølv gjort greie for fleire føresegner. Etter deira syn er forholdet til dei tilsette teke vare på både i anna lovverk og i avtaleverket mellom partane i arbeidslivet. Dessutan peiker dei på reglane som no er vedteke i EU og som etter kvart vil bli ein del av norsk rett. Dei kan derfor ikkje sjå at det trengst fleire reglar om dette.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet nemner for det fyrste at kravet etter ervervslova om informasjon til dei tilsette ikkje alltid vil dekkje dei tilfella der dei tilsette faktisk treng å bli informerte. Dette heng saman med at det ikkje er eit krav etter ervervslova om informasjon i samband med restruktureringar som skjer utanom eigarskifte, til dømes ein reduksjon i sysselsettinga fordi marknadsforholda blir endra. Vidare seier dei følgjande:

«Departementet er av den oppfatning at de ansattes rettigheter inntil videre ivaretas på en tilfredsstillende måte gjennom det regelverk vi for øvrig har i dag selv om ervervsloven oppheves. Videre er utviklingen av medbestemmelse og medinnflytelse for de ansatte på EU-nivå i sterk utvikling, noe som vil få direkte konsekvenser for norsk rett på området. AAD har nedsatt et lovutvalg med sikte på å foreslå ny arbeidslivslov. Utvalget skal blant annet foreta en bred gjennomgang av medbestemmelsesordningene slik de fungerer i dag. Omstillinger på arbeidsplassen vil da være et sentralt stikkord. Utvalget vil også måtte vurdere en eventuell videreføring av de ansattes rett til et informasjonsmøte med erververen ved aksjeerverv. Dersom en slik regel skal videreføres slik den er i dag, men inntatt i arbeidsmiljøloven, vil det i så fall bli uten den korresponderende retten til å uttale seg til en offentlig kontrollinstans...Departementet konkluderer med at det ikke er behov for å gjøre umiddelbare endringer i arbeidsmiljøloven for å erstatte reglene om informasjon til de ansatte. Medbestemmelse er en sentral del av Arbeidslivslovutvalgets utredning, og det vil være naturlig at de også ser hen til at ervervsloven blir opphevet når disse spørsmålene blir diskutert.»

8.5.3.2 Departementets syn

Ved ei oppheving av ervervslova er det fyrst og fremst ved aksjeoppkjøp at dei tilsette ikkje kjem til å ha den same rett til informasjon som dei har i dag etter ervervslova. Ervervslova kan ikkje haldast ved lag aleine av den grunn at tilsette mister retten til å bli informerte om eigarskifte ved desse aksjeoppkjøpa. Ei oppheving av lova reiser likevel spørsmålet om det bør vurderast å endre anna lovverk for å sikre dei tilsette rett til informasjon om eigarskifte ved aksjeoverdragingar.

Høyringsinstansane er ikkje samde her. LO og dei andre arbeidstakarorganisasjonane meiner det er naudsynt med endringar i anna lovverk, medan både NHO og AAD ikkje kan sjå at det trengst. Som departementet har gjort greie for tidlegare i kapitlet finst det eit omfattande og fragmentarisk regelverk om medverknad frå dei tilsette som også vil dekkje mange tilfelle av aksjeoppkjøp, men ikkje alle. Sjølv om ervervslova blir oppheva vil det framleis vere reglar både i selskapslovgivinga og i avtaleverket som langt på veg vil sikre at dei tilsette blir informerte om aksjeoppkjøp. Ei oppheving av ervervslova vil derfor på ingen måte føre til at dei tilsette vert sette på «bar bakke».

Regjeringa har tatt initiativ til at vi no får ein gjennomgang av reglane om medverknad for dei tilsette i arbeidslivet, og også om reglane bør samlast på ein stad. Det trengst ei samla vurdering for å fange opp alle sider av eit så omfattande emne. Ervervslova er eit døme som viser at ein treng ein samla gjennomgang av lovene på området for å få på plass ein god nok regulering som treff behova dei tilsette har for å medverke ved endringar på sin eigen arbeidsplass. Lova sikrar ikkje dei tilsette medverknad ved større endringar som finn stad utanom eigarskifte, men utelukkande ved eigarskifte. Det er noko usikkert når ein kan få på plass eit nytt regelverk her, men det blir arbeidd ut frå ein tidsplan om at ei ny lov kan vere på plass frå 1. januar 2005. I tida fram til dette meiner departementet at interessene til dei tilsette er tilstrekkeleg tekne vare på i gjeldande reglar. Det er ikkje ønskjeleg å lage ei mellombels løysing medan Arbeidslivslovutvalet arbeider med desse spørsmåla. I tillegg til at ein med dette kan leggje føringar for det arbeidet som skal skje i Arbeidslivslovutvalet, kan ein ikkje utan vidare berre flytte reglane om medverknad frå ervervslova rett over i anna lovverk. Ei ny føresegn vil skape problem både med omsyn til avgrensingar og også lovtekniske spørsmål. Ei innføring av ei føresegn om drøftings- og informasjonsplikt ved aksjekjøp i arbeidsmiljølova, krev ei nærmare vurdering og utgreiing som det er naturleg at Arbeidslivslovutvalet gjer. Departementet vil derfor ikkje tilrå at det blir laga ei mellombels føresegn og viser til at medverknad for dei tilsette, også ved aksjekjøp, vil bli behandla i Arbeidslivslovutvalet.

Dersom ein ser arbeidsmiljølova, Hovudavtalen og aksjelovgivinga i samanheng, er dei tilsette med det eksisterande regelverket sikra informasjon og drøftingsrett i dei fleste situasjonar der verksemda blir overdregen eller byter eigarar.

8.6 Alternative lovreguleringar

8.6.1 Innleiing

I samband med evalueringsarbeidet og særleg på grunn av ESAs opningsbrev mot ervervslova gjennomførte departementet ei vurdering av behovet for framleis å ha ei lovregulering med myndigheitsgodkjenning av bedriftsoppkjøp i Noreg. Dei ulike alternativa blei omtala i høyringsbrevet, men departementet fann ikkje å kunne tilrå nokon av dei. Nedanfor gjer vi greie for alternativa som har vore vurderte.

8.6.2 Revisjon av den eksisterande lova

Vi har vurdert ein revisjon av ervervslova med heving av meldepliktsgrensene, forenklingar i dokumentasjonskrava og ei klargjering av dei skjønnsmessige kriteria i lova for når eit erverv kan takast opp til nærmare prøving og nektast. Ut frå vår erfaring om at den gjeldande lova ikkje fangar opp eit reelt kontrollbehov, kan vi ikkje tilrå ei «flikking» på eit lovverk som ikkje treffer noko særleg betre enn det eksisterande gjer. Det synest å vere ei lite eigna regulering, trass i enkelte lovendringar.

8.6.3 Distriktslov

Eit anna alternativ som har vore vurdert, er å innføre ei ervervslov innanfor avgrensa geografiske område for å fange opp erverv av «hjørnesteinsbedrifter». Det geografiske nedslagsfeltet for ei slik lov vil vere distriktsområda. Ein myndigheitskontroll med oppkjøp i distrikta kan gjere det vanskelegare med etableringar og investeringar i desse områda og gjere det enklare å investere i sentrale strøk og derfor truleg meir attraktivt, noko som høgst sannsynleg fører til at det blir vanskelegare å skaffe nye eigarar til føretak i distrikta. Ei distriktslov inneber dessutan ei vidareføring av ei regulering som i praksis har vist seg å vere eit lite eigna verkemiddel. Vår oppfatning er derfor at eit alternativ med å innføre ei distriktslov er klart uheldig. Også dette alternativet vil vi rå frå.

8.6.4 Informasjonspliktlov

Departementet har òg vurdert å lage ei lov som skal sikre oss informasjon om eigarskifte i næringslivet. Formålet med ei slik lov måtte vere å sikre at departementet får informasjon og moglegheit for dialog ved eigarskifte, og også ha sjanse til å kunne følgje med på utviklinga i selskapet i ettertid. Men ei eigarskiftelov fører til at departementet får informasjon om mange eigarskifte i norsk næringsliv som det i liten grad har behov for å bli informert om. Viktig informasjon om utviklinga i norsk næringsliv og dialogmoglegheita kan fangast opp via andre kanalar, som til dømes ved jamlege kontaktmøte mellom næringslivet og departementet. Vi kan derfor ikkje sjå at det er behov for å lovregulere dette, og kan ikkje rå til eit slikt lovforslag.

8.6.5 Høyringsfråsegn

Høyringsinstansane har ikkje kommentert desse alternativa spesielt, og det har såleis ikkje kome fram at høyringsinstansane ønskjer seg ei anna regulering enn den gjeldande ervervslova sjølv om LO er opptekne av behovet for å avhjelpe manglane i ervervslova.

8.6.6 Departementets syn

Departementeter nøgd med at høyringsinstansane også her synest å vere samde i at det ikkje er fornuftig å setje ei anna lovregulering i staden for ervervslova. Desse forslaga vil derfor ikkje bli omtala vidare.

8.7 Oppsummerande vurdering

Det er store utfordringar i ein open global økonomi som den norske. Departementet meiner det er viktig å leggje vekt på dei positive incentiva og å vere oppteken av å styrkje rammevilkåra for næringslivet, og syne fram Noreg som eit attraktivt investeringsland. Det er viktig både for å trekkje verksemd til å etablere seg i Noreg, men også for at ho skal bli verande her i landet. At det er viktig å ha eit slikt fokus i næringspolitikken har også høyringsinstansane peika på.

Både vår eiga erfaring med at behovet for å ha ein eigarskiftekontroll i norsk næringsliv har vore lite, og støtta frå dei fleste høyringsinstansane til forslaget om oppheving av lova, viser at det no er fornuftig å fremje eit forslag om å oppheve ei regulering som tida har gått i frå. Lova har ikkje vore eit effektivt verkemiddel for å sikre næringsverksemd i Noreg, slik intensjonen bak lova var. Lova har utspela si rolle i dagens samfunn med fri flyt av både kapital, verksemd og arbeidskraft på tvers av landegrensene. Ei særnorsk regulering på dette feltet kan ikkje seiast å ha hatt dei ynskte verknadene korkje for norske styresmakter eller for norsk næringsliv, inkludert norske arbeidstakarar.

I tillegg til at det reelle kontrollbehovet med eigarskifte i norsk næringsliv viser seg å vere lite, medfører lova eit unødvendig byråkrati. Lova er heller ikkje spesielt føreseieleg for investorane då det er knytt usikkerheit til om departementet vil gripe inn i ei sak. Lova påfører dessutan norsk næringsliv direkte og indirekte kostnader. Departementet vil òg peike på erfaringane frå Sverige, som oppheva eit tilsvarande lovverk først på 1990-talet. Der har ein registrert få negative konsekvensar i form av bedriftsnedleggingar etter at dette konsesjonslovverket vart oppheva. Andre omsyn som lova til dels har dekt, kan bli tekne vare på utan ervervslova. Mellom anna er rettane til dei tilsette ved eigarskifte, som til dels er regulerte i ervervslova, også regulert på ein god nok måte i anna lovverk.

I høyringsbrevet frå departementet vart det gjort greie for alternative lovreguleringar utan at dei vart anbefalte frå vår side. Desse forslaga har heller ikkje fått støtte frå høyringsinstansane. Departementet er nøgd med at det synast å vere semje om at det ikkje er behov for ei anna lovregulering til erstatning for ervervslova.

Med bakgrunn i både vår eiga oppfatning og tilrådingane frå høyringsinstansane er tida no moden for å foreslå at ervervslova blir oppheva.

Til forsida