Forslag til lov om oppheving av lov om erverv av næringsverksemd
§ 1 Oppheving
Lov 23. desember 1994 nr. 79 om erverv av næringsverksemd vert oppheva.
§ 2 Forholdet til eldre konsesjonar og vilkår
Løpande, tyngjande vilkår og føresetnader som tidlegare er fastsette i vedtak av Industridepartementet, Næringsdepartementet, Nærings- og energidepartementet og Nærings- og handelsdepartementet med heimel i lov 14. desember 1917 nr. 16 kapittel III, jf. kap. V, lov 31. mai 1974 nr. 19 og lov 23. desember 1994 nr. 79, vert oppheva.
Andre vilkår kan etter søknad opphevast av departementet.
§ 3 Endringar i andre lover
Lov 31. mai 1974 nr. 19 om konsesjon og om forkjøpsrett for det offentlige ved erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) § 2 femte ledd vert oppheva.
§ 4 Ikraftsetjing
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.