5 Hovudtrekk ved utviklinga i norsk næringsliv
Etterkrigstida har vore ein periode med økonomisk vekst i Noreg, som i resten av den vestlege delen av verda. Det har til dels samanheng med liberaliseringa av verdshandelen. Utanlandsk kapital har hatt ei sentral rolle i oppbygginga av norsk industri, også i denne perioden.
Det har skjedd store endringar i næringsstrukturen i den norske økonomien. Målt i prosentdel av samla sysselsetjing har det vore ein markert nedgang i primærnæringane. Veksten har vore særleg kraftig i dei tenesteytande næringane. I første del av perioden var veksten i privat tenesteyting særleg kraftig, mens han auka sterkast i offentleg sektor i andre halvdel.
Utviklinga i Noreg dei siste 30 åra er prega av framveksten av olje- og gassverksemda, noko som har ført til at norsk økonomi og næringsliv på fleire område skil seg frå utviklinga i dei andre vesteuropeiske landa i denne perioden. Motstykket til auken i oljesektoren har først og fremst vore at anna konkurranseutsett verksemd har vorte mindre viktig. Mellom anna viser norsk industriproduksjon ei klart svakare utvikling enn industri i OECD-Europa elles i denne perioden.
Eit trekk ved det private næringslivet i Noreg er at små og mellomstore bedrifter (SMB) dominerer. Dersom ein set grensa for SMB ved 100 tilsette, omfattar denne gruppa 99 prosent av alle private norske bedrifter. Vel 90 prosent av alle private norske bedrifter har mindre enn 20 tilsette. Over 70 prosent av sysselsetjinga i privat sektor er i SMB 1.
Tilgang til kapital er ein viktig føresetnad for vekst og sysselsetjing i næringslivet. Eigenkapital er eit sentralt element i dette. For norsk næringsliv, ikkje minst for dei større bedriftene, er det av stor verdi å bringe inn eigarar som i tillegg til kapital også kan tilføre industriell kompetanse, kunnskap, tilgang til marknader, verdikjeder og nettverk.
I samband med oppkjøp av norske verksemder vil ei lovregulering som ervervslova gjere dei mindre føreseieleg for kjøparane, og også bidra til å forseinke ein kjøpsprosess. Dette kan etter departementet si meining gjere det vanskeleg å trekkje nødvendig kapital til norsk næringsliv.
Dei siste 15 - 20 åra har dereguleringar i valuta- og finansmarknadene, utviklinga av IT og nye finansielle instrument gjort det mogleg med ei stadig tettare samanveving av dei globale kapitalmarknadene og auka kapitalmobilitet over landegrensene. Næringslivet i Noreg konkurrerer om kapitalen med næringsverksemd i andre land i den internasjonale kapitalmarknaden. Kvar kapitalen går, er i stor grad avhengig av kvar avkastninga er høgast. I seinare tid har det vorte auka merksemd rundt tendensar til geografisk konsentrasjon av næringsverksemd. Det kan representere ei ekstra utfordring for land i den geografiske periferien. Ein kan vanskeleg motverke slike krefter ved hjelp av regelverk som har som formål å «låse» bedrifter inne i landet.
På same måte som det er både naturleg og ønskjeleg at norske bedrifter investerer i utlandet, er det naturleg og ønskjeleg med innslag av utanlandsk kapital i norskbasert næringsliv. Det er alt eit monaleg innslag av utanlandsk kapital i norske bedrifter; til dømes er om lag ein tredel av verdiane på Oslo Børs på utanlandske hender. I tillegg til kapital kan aktive utanlandske eigarar som nemnt tilføre industriell kompetanse, kunnskap, tilgang til marknader osv. Det er viktig for selskap som opererer i ein internasjonalt marknad prega av sterk konkurranse, og der evna til og kravet om raske omstillingar/omstruktureringar blir stadig viktigare for å lykkast.
Tabell 5.1 viser utviklinga i norske direkte investeringar 2 i utlandet og tilsvarande utanlandske direkte investeringar i Noreg (transaksjonstal). Det er store variasjonar i tala for direkte investeringar frå år til år. Tala i tabellen gir ikkje grunnlag for å påstå at det er ein systematisk ulikskap mellom dei utanlandske investeringane til norske bedrifter, og investeringane frå utanlandske bedrifter i Noreg.
Tabell 5.1 Direkte investeringar1, transaksjonstal2 i mill. kroner
1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | |
Norske netto direkte investeringar i utlandet | 14 806 | 19 890 | 38 213 | 37 903 | 16 850 | 47 111 | 74 464 |
Utanlandske netto direkte investeringar i Noreg | 19 154 | 14 135 | 20 669 | 31 081 | 29 385 | 62 966 | 54 954 |
1 Ei direkte investeirng over landegrensene der investor har planar om å opprette eit varig økonomisk samband og ha innverknad på verksamda i investeringsobjektet.
2 Transaksjonstal og behaldningstal for utanlandske direkte investeringar er baserte på ulike kjelder, og kan ikkje samanliknast. M.a. reflekterer transaksjonstala marknadsverdiar, mens behaldningstala er baserte på bokførte verdiar.
Kjelde: Kjelde: Noregs Bank
Enkelte empiriske undersøkingar kan indikere at Noreg i liten grad trekkjer til seg såkalla «rotlause næringar», dvs. næringar som lokaliserer seg der kostnadene er lågast, sett i forhold til nivået på produktiviteten 3.
Av figur 5.1 ser vi at nordmenns behaldning av direkteinvesteringar i utlandet har vore større enn direkteinvesteringar frå utlandet til Noreg f.o.m. 1994.
Tabell 5.2 Behaldning av direkte investert kapital, næringsfordelt
Til Noreg | Frå Noreg | |||
(pr. 31.12.98) | (pr. 31.12.98) | |||
mrd. kroner | pst. | mrd. kroner | pst. | |
Oljeutvinning og bergverksdrift | 85,0 | 42,9 | 80,8 | 33,7 |
Industri | 37,3 | 18,8 | 55,8 | 23,3 |
Byggje- og anleggsverksemd | 3,0 | 1,5 | .. | .. |
Tenesteytande næringar ekskl. off. forv. | 70,1 | 35,4 | 93,1 | 38,8 |
Andre | 2,8 | 1,4 | 10,2 | 4,3 |
Totalt | 198,2 | 100,0 | 201,1 | 100,0 |
Kjelde: Kjelde: Noregs Bank
Tabell 5.2 viser at investeringsprofilen til nordmenn i utlandet i stor grad fell saman med utlendingars investeringsprofil i Noreg, ved at investeringane i hovudsak er retta mot petroleumssektoren og tenesteytande næringar.