6 Kommune 2313 sokkel/utland - utpantingsrett for skatteoppkrevaren i heile riket
6.1 Innleiing
Sentralskattekontoret for utanlandssakar har ansvaret for sentral likning av alle utanlandske næringsdrivande, utanlandske arbeidstakare på kontinentalsokkelen, utanlandske sjømenn og utanlandske verksemder som ikkje driv varig verksemd i Noreg. Ordninga med sentral likning av skattytarar utan varig tilknyting til riket blei etablert ved lov av 18. desember 1987 nr 79. Etter skattebetalingslova § 48 nr 1 er det kemneren i Stavanger som er skatteoppkrevar for dei skattane som sentralskattekontoret skriv ut. Ein brukar omgrepet kommune 2312 Sokkel/Utland (sokkelkommunen), som kreditor for disse skattane.
Innkrevjing av skattekrav frå skattytarar som vert likna ved Sentralskattekontoret for utanlandssaker er vanskeleg fordi desse skattytarane opererar i ein internasjonal arbeids- og oppdragsmarknad, og ofte ikkje lenger har opphald i Noreg når skatten skal krevjast inn.
Riksrevisjonen har i anteikningane til statsrekneskapa (Dokument 3:1 1995-96) peikt på at innkrevjinga av sokkelskatt framleis er for dårleg, sjølv om ein har merka seg at situasjonen er vesentleg forbetra dei seinare åra. Departementet er einig med Riksrevisjonen i at det er viktig å prioritere høgt arbeidet med å effektivisere innkrevjinga.
6.2 Departementet si vurdering og framlegg
Etter skattebetalingslova § 36 kan Kongen «bemyndige skatteoppkreveren til å holde forretning for utleggspant for krav som omhandlet i denne lov.» Slik lova vert praktisert er skatteoppkrevaren sin rett til å halde forretning for utleggspant etter skattebetalingslova § 36 avgrensa til oppkrevaren sitt eige distrikt. Dette inneber at oppkrevaren berre kan halde forretning for utleggspant i sin eigen kommune. Om oppkrevaren vil halde slik forretning utanfor eigen kommune må han nytte annan oppkrevar eller lokal namsmann.
I samanheng med lovendringa om sentral likning av skattytarar utan varig tilknyting til riket, heiter det i Ot prp nr 12 (1987-88) at kemneren i Stavanger blir kommunal skatteoppkrevar for to kommunar (både Stavanger kommune og sokkelkommunen). Departementet si oppfatning er at skatteoppkrevaren sitt distrikt sokkelkommunen i denne samanheng omfattar heile riket. Det at skatteoppkrevarfunksjonen er lagt til kemneren i Stavanger har såleis ikkje noko å seie for sokkelkommunen sin rett til å halde forretning for utleggspant andre stader i landet. Skatteoppkrevaren sin rett til å halde forretning for utleggspant er såleis ikkje geografisk avgrensa til Stavanger distrikt.
Kemneren i Stavanger har skipa praksis i samsvar med denne tolkinga av skattebetalingslova § 36. Denne praksisen sparar kemneren for mykje arbeid i høve til om han hadde vore vist til å nytte ein annan lokal oppkrevar eller namsmann. Praksisen sparar og kemneren for tid fordi forretning for utleggspant kan haldast på kemneren sitt kontor, utan å måtte gå vegen om den lokale oppkrevar på pantestaden. Dette er viktig fordi dei aktuelle skattytarane ofte har oppdrag på kort sikt, og kravet ofte fyrst kjem opp i avslutninga av oppdraget.
Kemneren i Stavanger har opplyst at i 1995 blei det halde i alt 146 utleggsforretningar, og av desse var 56 utanfor Stavanger. Forretningane utanfor Stavanger henta inn omlag 54 millionar kronar av i alt omlag 142 millionar kronar.
Kemneren i Stavanger har til departementet peika på at den tolkinga av lova som ligg til grunn for praksis ikkje har kome klårt til uttrykk i ordlyden. Kemneren tilrår ei klår lovfesting av retten til å halde forretning for utleggspant i heile riket. Kemneren må svare på mange spørsmål frå skattytarar og andre kemnerar om rekkjevidda av retten til å halde utleggsforretning, og ser det som ein fordel å kunne vise til ein uttrykkeleg lovheimel.
Departementet meiner det vil vere ein klår fordel at retten til å halde utleggsforretning i heile riket for kommune 2312 Sokkel/Utland vert presisert i skattebetalingslova. Ei slik lovfesting vil minska faren for tvil og tvistar. Utleggsforretningane er utøving av offentlig tvang overfor uvillige skattebetalarar, og heimelen for dette bør vere klårast mogleg.
Ein syner til utkast til endring av skattebetalingslova § 36 (nytt andre ledd).