7 Endring av berekningsgrunnlaget for RISK-regulering av aksjar i kraftselskap
I selskapsskattelova §§ 5-5 og 5-6 er det gitt reglar om regulering av aksjane sin inngangsverdi med endring i selskapet sin skattlagde kapital. Endring i selskapet sin skattlagde kapital vert berekna for kvart inntektsår på grunnlag av likninga av selskapet (RISK-berekning). Det følgjer av selskapsskattelova § 5-5 nr 2 at endringa skal setjast til årets skattepliktige inntekt, fråtrukke avsett utbytte, utlikna skatt på selskapet si alminnelege inntekt etter frådrag av godtgjersle etter § 3-4, jf § 3-3, utlikna skatt etter petroleumsskattelova § 5 og refusjon etter skattelova § 31 femte ledd.
Etter skattelova § 19 A-4 skal skattepliktig som eig vasskraftverk eller som har rett til uttak av kraft, svare skatt til staten på grunnlag av ei grunnrenteinntekt som vert fastsett etter nærare reglar i føresegna nr 2 til 7. Skatt på grunnrenteinntekt vil på same måte som skatt på alminneleg inntekt redusere selskapet sin tilbakehaldne skattlagde kapital. Etter departementets sitt syn bør difor grunnrenteskatt takast med i RISK-berekninga. Særskatten innafor petroleumsskattesystemet er ivareteke i RISK-berekninga.
Departementet har vurdert om også utlikna naturressursskatt etter skattelova §§ 19 A-2 og 19 A-3 skal kome til frådrag i berekningsgrunnlaget for RISK. Naturressursskatten er imidlertid ei utgift for selskapet som ikkje kjem til frådrag i selskapet si alminnelege inntekt. Departementet vil kome tilbake til dette spørsmålet i samband med ei generell vurdering av om utgifter som ikkje kjem til frådrag i alminneleg inntekt og inntekter som ikkje er skattepliktige bør takast med i RISK-berekninga.
Departementet gjer med dette framlegg om endring i selskapsskattelova § 5-5 nr 2, slik at også utlikna skatt på grunnrenteinntekt etter skattelova § 19 A-4 skal trekkjast frå årets skattepliktige inntekt ved berekning av endring i selskapet sin tilbakehaldne skattlagde kapital.
Departementet gjer framlegg om at endringa skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1997. Ein syner til utkast til endring av selskapsskattelova § 5-5 nr 2 andre punktum.