6 Økonomiske og administrative konsekvensar
Endringane av straffelova kan gje påtalemakta nokre fleire internasjonale saker. Slike saker er generelt ressurskrevjande. Justisdepartementet legg likevel til grunn at det berre vil vere eit lite tal saker om bestikking av utanlandske offentlege tenestemenn i internasjonale forretningshøve. Samla vil lovframlegget difor ikkje vil føre med seg nemneverdige økonomiske og administrative verknader for det offentlege.