Tilråding
Justis- og politidepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit fremlagt forslag til proposisjon til Stortinget om lov om endringar i straffelova m m (gjennomføring og samtykke til ratifikasjon av OECD-konvensjonen 21 november 1997 om motarbeiding av bestikking av utanlandske offentlege tenestemenn i internasjonale forretningshøve).
Vi HARALD, Norges Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak til lov om endringar i straffelova m m (gjennomføring og samtykke til ratifikasjon av OECD-konvensjonen 21 november 1997 om motarbeiding av bestikking av utanlandske offentlege tenestemenn i internasjonale forretningshøve) i samsvar med eit framlagt forslag.
Tilråding frå Justis- og politidepartementet ligg ved.