3 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Proposisjonen foreslår korleis direktiv 2004/38/EF kan gjennomførast i norsk rett. Dette inneber framlegg til nødvendige lovheimlar i 2008-lova både for retten til opphald og for dei administrative ordningane. Den nærmare reguleringa av dei administrative ordningane, til dømes om innhaldet og kva for eit forvaltningsorgan som skal ha ansvaret for dei, blir foreslått regulert i forskrift.
Direktivet gir ikkje ei uttømmande regulering av dei rettane og pliktene som i dag følgjer av EØS-avtalen. Sidan det er behov for eit heilskapleg regelverk for denne gruppa utlendingar i ny lov, inneheld forslaget også andre endringar i tråd med pliktene våre. Mellom anna tek departementet omsyn til framlegg frå Utlendingslovutvalet (NOU 2004:20 Ny utlendingslov) og også enkelte innvendingar som EFTAs overvakingsorgan (ESA) har mot dei gjeldande reglane.
Ei av endringane direktivet fører til er innføringa av ei varig opphaldsrett for EØS-borgarar og familiemedlemmene deira etter fem års lovleg opphald. Vidare inneber direktivet at familiemedlemmer som hovudregel får sjølvstendige rettar etter fem års lovleg opphald, utan omsyn til statsborgarskap. Føresetnaden er at dei har hatt avleidde rettar gjennom familietilhøyrsla til EØS-borgaren i den føregåande femårsperioden. Retten til varig opphald for familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar, gjeld berre i vertslandet og gir ikkje rett til å ta opphald i eit anna EØS-land.
Ei anna sentral endring som inneber administrative forenklingar, er at det noverande kravet om opphaldsløyve ved opphald utover tre månader blir erstatta av ei enklare registreringsordning for EØS-borgarar. Å la vere å registrere seg vil ikkje påverke sjølve opphaldsretten. Registreringa vil bli oppfatta som eit bevis for den opphaldsretten som følgjer av reglane i EØS-avtalen. Opphaldsretten kan eventuelt prøvast i ei sak om bortvising.
For familiemedlemmer som er EØS-borgarar, blir det eit krav om registrering som for hovudpersonen. Familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar, må søkje om opphaldskort der dokumentasjonskravet vil vere meir likt det som gjeld i dag ved opphaldsløyve. Det same gjeld tredjelandsborgarar som er i landet på grunnlag av tenesteyting eller etablering.
Gjeldande reglar om opphald i inntil tre månader utan registrering blir førte vidare. Det same gjeld ordninga for arbeidssøkjarar som kan opphalde seg her i inntil seks månader, men dei må melde seg etter tre månaders opphald. Reglane om utvising og bortvising fører i stor grad vidare gjeldande rett, men gir eit betre utvisingsvern for EØS-borgarane og familiemedlemmene deira enn i dag.