6 Gjeldande rett
6.1 Innleiing
Særlege reglar i kapittel 8 i 1988-lova og forskrift 21. desember 1990 nr. 1028 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsforskrifta) gjennomfører pliktene etter EØS-avtalen og EFTA-konvensjonen til å la arbeidstakarar o.a. ferdast fritt, jf. kapittel 4.
I utgangspunktet kan berre borgarar i EØS- og EFTA-landa og familiemedlemmene deira, utan omsyn til statsborgarskap, gjere gjeldande rettar etter desse reglane. Tredjelandsborgarar elles er som hovudregel viste til dei allmenne reglane i 1988-lova. I ei viss utstrekning vil likevel ein tredjelandsborgar kunne hevde rettar etter reglane i kapittel 8 i lova og forskrifta, jf. avsnitt 6.4 om fri etablering og tenesteyting.
6.2 Generelle føresegner
Kravet om opphaldsløyve
Utlendingsregelverket byggjer på eit system med opphaldsløyve. Krav om opphaldsløyve blir berre stilt for opphald som varer lenger enn tre månader. Eit vilkår for å få eit slikt løyve, er at utlendingen fell inn under ein av dei kategoriane som er nærmare omtalt i avsnitt 6.4.
Sjølv om det er krav om opphaldsløyve for opphald utover tre månader, fell ikkje retten til opphald automatisk bort dersom personen ikkje har løyve. Opphaldsløyvet er berre ei formalisering av opphaldsretten, og det avgjerande vil vere om personen oppfyller dei materielle vilkåra for opphaldsretten.
Det blir alltid gitt opphaldsløyve og ikkje arbeidsløyve. Dette skil seg frå omgrepsbruken i dei allmenne reglane i 1988-lova, men materielt sett speler det inga rolle.
Pendlarar er underlagde særskilde reglar. Utlendingar som arbeider i Noreg, og som hovudregel returnerer til bustad i eit anna EØS/EFTA-land, er unnatekne frå kravet om opphaldsløyve sjølv om dei oppheld seg her i landet utover tre månader. I staden krev ein at dei må melde seg for politiet innan ei veke etter at dei har byrja i arbeid.
Kven er omfatta?
Det er for det første klart at borgarar av eit EØS/EFTA-land er dekte av kapittel 8 i 1988-lova og forskrifta.
Tredjelandsborgarar som fyller vilkåra for opphald på grunnlag av familiesamanføring, blir også omfatta.
Andre tredjelandsborgarar enn familiemedlemmer til ein EØS/EFTA-borgar vil til ein viss grad vere omfatta av reglane i kapittel 8. Føresetnaden er at dei oppheld seg i landet i samband med ei tenesteyting eller etablering på vegner av ei verksemd som held til i eit anna EØS/EFTA-land.
Nordiske borgarar er som borgarar av eit medlemsland omfatta av EØS-avtalen. Sidan kravet om opphalds- og arbeidsløyve i Noreg ikkje gjeld for dei, vil dei likevel ikkje ha løyve i medhald av kapittel 8. I saker som gjeld familiesamanføring med nordiske borgarar, blir regelverket praktisert slik at dersom den nordiske borgaren fyller vilkåra for opphaldsrett etter kapittel 8, kan familiemedlemmene velje å bli vurderte anten etter kapittel 8 eller etter dei allmenne reglane i 1988-lova.
Eit særleg spørsmål er om norske borgarar kan hevde rettar etter reglane i kapittel 8. Dette vil vere aktuelt i samband med familiesamanføring. Utgangspunktet er at borgarar av landet ikkje kan gjere gjeldande rettar etter EØS-avtalen fordi avtalen ikkje er meint å skulle regulere interne forhold. Det må likevel leggjast vekt på at formålet med avtalen er å sikre fri mobilitet. Dersom innanlandske borgarar nyttar seg av den frie mobiliteten – altså har utøvd rettar etter avtalen i eit anna medlemsland – vil han eller ho ha rett til å halde fram med å utøve rettane sine etter å ha vendt tilbake til heimlandet. Dette blir ofte kalla kravet om at det må liggje føre eit grenseoverskridande element.
6.3 Rett til opphald i inntil tre månader
Inntil tre månader
Utlendingar som er omfatta av EØS-avtalen eller EFTA-konvensjonen, har rett til å reise inn i landet og ta opphald eller arbeid her utan opphaldsløyve. Denne opphaldsretten er avgrensa til tre månader. Det blir ikkje stilt vilkår, og det er nok å leggje fram gyldig identitetskort eller pass. Det er heller ikkje krav om meldeplikt.
Det er ikkje krav om at utlendingen ikkje må utgjere ei urimeleg byrde for velferdssystemet i vertslandet for å få rett til opphald i inntil tre månader.
Utrekning av perioden på tre månader er sentral. Kravet til opphaldsløyve tek til å gjelde etter tre månader frå tidspunktet for innreisa.
Opphaldstid i andre Schengenland får ikkje noko å seie for utrekninga. Dette gjeld også ved opphaldstid i eit anna nordisk land, jf. 1988-lova § 50.
Vidare er det spørsmål om korleis perioden utan krav til løyve blir avbroten, og når han eventuelt kan starte på nytt. I dei tilfella personen søkjer og får innvilga opphaldsløyve, blir perioden avbroten. Perioden tek til å gå på nytt etter at løyvet er gått ut og ikkje fornya, og/eller når utlendingen ikkje lenger fyller vilkåra for eit opphaldsløyve.
Perioden blir òg avbroten om personen reiser ut av landet. Det gjeld ingen karanteneregel som krev at ein må opphalde seg ei viss tid utanfor Noreg før ein kan reise inn og starte på ein ny periode på tre månader. I teorien kan ein person derfor stadig starte nye tremånaders opphald berre ved å forlate landet ei kort tid.
Særleg om arbeidssøkjande
Personar som har tenkt å arbeide, men som ikkje har noko konkret tilbod om arbeid og derfor søkjer arbeid, har rett til innreise og opphald. Medlemslanda har høve til å avgrense perioden ein kan opphalde seg i landet for å søkje arbeid. Tidsfristen må setjast slik at det er god nok tid til å undersøkje arbeidsmarknaden og leggje fram søknaden. EF-domstolen har avvist ein frist på tre månader og i eit anna tilfelle godteke seks månader. I norsk rett er fristen sett til seks månader, jf. 1988-lova § 50. Fristen på seks månader skal praktiserast liberalt.
I praksis blir det lagt til grunn at denne retten også gjeld når utlendingen har avslutta eit arbeidsforhold (er frivillig arbeidslaus) og derfor ikkje fyller vilkåra for opphaldsløyve som arbeidstakar. I utgangspunktet gjeld dette tilsvarande for arbeidsløyse ein sjølv ikkje er skuld i, men denne situasjonen er regulert direkte slik at opphaldsløyvet til ein viss grad kan fornyast sjølv om at arbeidsforholdet er avslutta, jf. avsnitt 6.6.
Reglane om utrekning av opphaldstida gjeld òg for utrekning av perioden på seks månader for arbeidssøkjande.
6.4 Rett til opphald i meir enn tre månader
Generelt
Opphaldsretten gjeld særlege definerte persongrupper, og det nærmare innhaldet er avhengig av kva for ein kategori utlendingen høyrer til.
Regelverket skil mellom EØS/EFTA-borgarar som er arbeidstakarar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytarar, tenestemottakarar, personar med midlar, studentar, familiemedlemmer og personar med rett til opphald når dei har avslutta yrkeskarrieren sin i Noreg. Opphaldsretten byggjer på at utlendingen på ein eller annan måte har eiga økonomisk dekning for opphaldet sitt. Opphaldsløyvet gir som hovudregel generelt høve til å opphalde seg og ta arbeid eller drive sjølvstendig næringsverksemd i landet. Løyvet kan fornyast, men det kan ikkje vere grunnlag for varig opphald.
Arbeidstakarar frå EU/EØS-land
Retten til arbeid og opphald er nærmare regulert i 1988-lova § 51 og forskrifta §§ 174 og 175.
Arbeidstakaromgrepet er ikkje nærmare definert i EØS-avtalen eller i 1988-lova, men det er gitt rettleiing om omgrepet gjennom praksis ved EF-domstolen. Nasjonale styresmakter kan ikkje sjølve definere omgrepet da det følgjer av praksis ved EF-domstolen at omgrepet må tolkast fellesskapsrettsleg for å sikre like reglar i medlemslanda. Av domstolspraksis følgjer det at sentrale moment som taler for at eit forhold kan reknast som eit arbeidsforhold, er om ein person produserer ytingar mot vederlag for ein annan, og om det mellom partane ligg føre eit overordnings- og underordningsforhold. Dersom det ikkje ligg føre noko slikt forhold med instruksjonsmyndigheit for arbeidsgivaren, vil ein i staden karakterisere det som sjølvstendig næringsverksemd som anten kjem inn under reglane om fri etableringsrett eller fri mobilitet av tenester.
Til spørsmålet om det kan stillast visse minstekrav til omfanget av arbeidet for å gi opphaldsløyve, har EF-domstolen slått fast at det berre kan krevjast at personen skal utøve ei faktisk og reell sysselsetjing. Arbeidstid eller inntekt er ikkje avgjerande for vurderinga. Dette gjeld sjølv om inntekta ikkje er stor nok til å dekkje eige underhald. Desse tolkingane viser at ein ikkje skal forstå arbeidstakaromgrepet snevert, men derimot gi det ein vid definisjon.
EFTAs overvakingsorgan (ESA) har understreka at det er i strid med EØS-retten å setje som eit vilkår for opphaldsløyve som arbeidstakar at ein har tilbod om minst halv stilling. Det er berre arbeid som står fram som marginalt, som kan falle utanfor. Det er heller ikkje høve til å leggje vekt på om arbeidet er av eit slikt omfang at tilstrekkeleg underhald er sikra. Norsk praksis er endra slik at han samsvarer med EØS-retten.
Arbeidstakarar frå «nye» EU/EØS- land - overgangsordningar
I samband med EU- og EØS-utvidinga i 2004 kunne dei «gamle» EU- og EØS-landa innføre såkalla overgangsordningar overfor åtte av dei ti nye medlemslanda. Dette gjeld Estland, Latvia, Litauen, Polen, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia og Ungarn. Ved den seinare utvidinga vart overgangsordningar også innført for Bulgaria og Romania frå 1. januar 2007.
Overgangsordningane er nasjonale reglar som legg visse restriksjonar på retten til arbeid for arbeidstakarar som er borgarar av dei nye medlemslanda. Overgangsordningar kan berre gjerast gjeldande overfor arbeidstakarar, ikkje overfor personar som er tenesteytarar eller sjølvstendig næringsdrivande. Overgangsordningane får ikkje noko å seie for retten til opphald i inntil tre månader eller inntil seks månader som arbeidssøkjande. Det er berre retten til å ta arbeid som blir innskrenka. Heller ikkje høvet til å ta med seg familiemedlemmer blir avgrensa av overgangsordningane.
Overgangsordningane er å rekne som eit unntak frå dei allmenne reglane om fri personmobilitet i medhald av EØS-avtalen.
Noreg valde å innføre overgangsreglar som eitt av fleire tiltak for å førebyggje sosial dumping og redusere det forventa presset på velferdsordningane. Reglane er gjennomførte nasjonalt i 1988-lova § 58 a og forskrifta § 175 andre ledd og § 192.
Arbeidstakarar frå dei nye medlemslanda må søkje om eit opphaldsløyve før dei starter å arbeide. Det må som hovudregel vere heiltidsarbeid. Det blir godteke at heiltidskravet blir oppfylt ved hjelp av arbeidstilbod frå fleire arbeidsgivarar. Lønns- og arbeidsvilkår må vere i samsvar med gjeldande tariffavtale, regulativ eller det som elles er normalt for vedkommande stad og yrke.
Overgangsreglane inneber altså strengare vilkår for å ta arbeid i Noreg enn dei vanlege EØS-reglane. Det følgjer av ein såkalla stand-still-klausul i utvidingsavtalen at vilkåra ikkje kan vere meir restriktive enn dei reglane som galdt da avtalen vart underteikna. Vilkåra er mindre strenge enn det som gjeld for tredjelandsborgarar etter det allmenne regelverket.
Overgangsordningane kan berre gjelde for ein avgrensa periode. Ordningane frå 2004 vart først gitt for ein periode på to år fram til 1. mai 2006. Deretter vart det vedteke å forlengje ordningane med inntil tre år fram til 1. mai 2009. Grunngivinga for forlenginga var i hovudtrekk at ordningane fungerer slik dei er meinte. Dei medverkar til å sikre ryddige forhold for individuelle arbeidstakarar, og ordningane hindrar ikkje tilgangen til nødvendig arbeidskraft frå dei nye medlemslanda. Styresmaktene har høve til å forlengje ordningane ytterlegare to år etter 2009, men berre dersom det på det tidspunktet ligg føre ein alvorleg ubalanse i arbeidsmarknaden, eller det er fare for at det kan bli slik ubalanse. Dei tilsvarande ordningane for Bulgaria og Romania gjeld i første omgang fram til 1. januar 2009, men kan så forlengas i inntil tre år og eventuelt ytterlegare to år.
I praksis viser det seg at i nokså mange saker som gjeld søknad om ny opphaldsløyve utanfor overgangsreglane, har vilkåra – i regelen heiltidskravet og lønnskravet for det føregåande løyvet –ikkje vore oppfylte. Utlendingsmyndigheitene kontrollerer dette ved at dei får lagt fram lønns- og trekkoppgåver for den aktuelle perioden. For å hindre at utlendingen fell utanfor overgangsreglane på urett grunnlag, er det etablert ein praksis med å kalle tilbake løyvet når det ligg føre brot på føresetnadene for det føregåande løyvet. Det må vere misferd eller misleghald av eit visst omfang før løyvet kallast tilbake. Dersom den nye søknaden gjer det sannsynleg at vilkåra vil vere oppfylte for den kommande perioden, blir nytt løyve innvilga i medhald av overgangsordningane.
Sjølvstendig næringsdrivande
Etableringsretten gir borgarar av EØS/EFTA-landa rett til å etablere seg i eit anna EØS/EFTA-land. Etableringsretten er regulert i 1988-lova § 51 og forskrifta § 176. I 1988-lova er omgrepet «skal drive ervervsvirksomhet» nytta. Reglane tek sikte på varig næringsverksemd. Denne formuleringa inneber ei avgrensing mot personar som ikkje skal drive med økonomiske aktivitetar, og mot arbeidstakarar og tenesteytarar. Av praksis frå EF-domstolen følgjer det at etableringsomgrepet skal tolkast vidt. Ein borgar skal på stabil og vedvarande måte delta i det økonomiske livet i eit medlemsland. Det er tida og ikkje kva for aktivitet som skil etableringsretten frå tenester. Grensa mellom etableringsretten og tenester er ikkje berre avhengig av kor lenge ytinga varer, men også av kor ofte, kor regelmessig og kor samanhengande ho er. Det er presisert i rettspraksis at kontorfasilitetar i seg sjølve ikkje er nok til å kalle det ei etablering. Etableringsretten gjeld både for sjølvstendig næringsdrivande, legar, advokatar, tannlegar osv., og for juridiske personar, selskap o.a., til dømes ved oppretting av filialar og oppkjøp av føretak.
EFTAs overvakingsorgan (ESA) har teke opp at Noreg i for stor grad stiller krav til detaljert dokumentasjon ved sjølvstendig næringsverksemd. Etter at saka vart teken opp av ESA, er praksis endra. Ein krev no berre ei utgreiing om verksemda og helst dokumentasjon frå Brønnøysund om at verksemda er registrert.
Sjølvstendig næringsdrivande - tredjelandsborgarar og retten til fri etablering
Når juridiske personar etablerer seg, ønskjer føretaket ofte å rekruttere arbeidstakarar som leiarar og andre nøkkelpersonell, frå andre land. Særleg når desse arbeidstakarane er tredjelandsborgarar, oppstår spørsmål om det er mogleg for føretaket å tilsetje dei utan å setje vilkår i strid med prinsippa om proporsjonalitet og ikkje-diskriminering.
Eit slikt føretak må få det same høvet til å tilsetje tredjelandsborgarar som det selskapa i mottakarlandet sjølv har. I gjeldande rett er dette sikra gjennom reglane om arbeidsløyve til tredjelandsborgarar i det allmenne regelverket. Praksis frå EF-domstolen tyder på at ein òg må gi ein vidare rett, det vil seie færre restriksjonar enn det som elles gjeld for tredjelandsborgarar for eit slikt føretak til å tilsetje nøkkelpersonell frå eit tredjeland. Med nøkkelpersonell meiner ein personar med spesiell kompetanse som er avgjerande for at føretaket skal kunne etablere seg i eit anna medlemsland.
Denne problemstillinga er ikkje nærmare regulert i gjeldande rett eller nedfelt i praksis.
Tenesteytarar
Det sentrale med ei tenesteyting er at ho skal vere mellombels. Dersom ytinga har ein meir varig karakter, er det reglane om fri etablering som gjeld. Om ytinga er varig eller mellombels, må ein vurdere konkret frå sak til sak. Når det gjeld grensa mot reglane om fri mobilitet av arbeidskraft, er det på same måten som ved reglane om fri etablering avgjerande om tenesta som skal utførast, er eit sjølvstendig arbeid eller arbeid mot lønn under instruksjon frå ein annan person.
I nasjonal rett regulerer 1988-lova § 51 og forskrifta § 176 opphaldsretten til tenesteytarar. Av forskrifta går det fram at tenesta må vere av mellombels karakter, at hovudformålet med opphaldet er sjølve ytinga og at ho blir utført for å skaffe seg inntekt.
EFTAs overvakingsorgan (ESA) har teke opp at Noreg i for stor grad stiller krav til detaljert dokumentasjon ved tenesteytingar. Etter at saka vart teken opp frå ESA, er praksis endra slik at ein ikkje lenger krev dokumentasjon om arten av tenesteyting, berre ei stadfesting på eit konkret oppdrag.
Tenesteytarar - tredjelandsborgarar og fri mobilitet av tenester
Fri mobilitet av tenester inneber i regelen at fysiske personar gjer arbeid i eit anna EØS-land, til dømes at arbeidstakarar i eit føretak som er etablert i eit anna EØS-land, blir sende til Noreg som tenesteytarar.
Det følgjer av prinsippet i EØS-avtalen om fri mobilitet av tenester at føretaket som leverer tenester, har rett til å bruke eigne tilsette som ledd i tenesteytinga, uavhengig av statsborgarskapen til dei tilsette. Dette inneber at vertslandet ikkje kan leggje hindringar for denne bruken av arbeidskraft, til dømes ved eit krav om at desse arbeidstakarane må ha arbeidsløyve før dei får arbeide i vertslandet. Tredjelandsborgarar kan altså hevde rettar i medhald av fellesskapsretten på dette området. Av vedlegg K i EFTA-konvensjonen følgjer det at tenesteytarar, uavhengig av nasjonalitet, får rett til opphald i inntil 90 dagar per kalenderår utan andre krav til opphaldet enn at utlendingen skal yte tenester.
I norsk praksis legg ein til grunn at ein utsend arbeidstakar blir rekna som tenesteytar når arbeidstakaren blir send frå eit firma i eit anna EØS-land til Noreg for å yte ei teneste, for så å vende attende til firmaet når tenesteytinga er slutt. Dette er i tråd med definisjonen av utsending og utsend arbeidskraft i § 1-7 i lov 27. juni 2005 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven). Utsending av arbeidskraft kan skje på fleire måtar, til dømes ved at ei norsk verksemd leiger inn arbeidskraft frå ei utanlandsk verksemd, anten ei produksjonsbedrift eller ei bemanningsbedrift.
Det kan vere spørsmål om innleige frå ei bemanningsbedrift skal reknast som ei tenesteyting, eller om ein slik innleigd person må reknast som ein arbeidstakar. Spørsmålet var særleg aktuelt da ein innførte overgangsreglar for nye EØS-land. Det er fast praksis i Noreg å rekne innleige frå bemanningsbedrifter som tenesteyting, jf. definisjonen i arbeidsmiljølova § 1-7. Noreg meiner altså, som dei fleste andre landa, at denne gruppa ikkje er omfatta av overgangsreglane.
I 1988-lova § 50 og forskrifta § 172, går det fram at tredjelandsborgarar må behandlast på same måten som EØS/EFTA-borgarar på dette området. Retten til å yte tenester er avgrensa til 90 dagar per kalenderår. For denne perioden krev ein ikkje opphaldsløyve. For lengre periodar må tredjelandsborgarane søkje eit arbeidsløyve etter dei allmenne reglane i 1988-lova kapittel 2. Desse reglane opnar ikkje utan vidare for slike løyve for denne søkjargruppa.
EFTAs overvakingsorgan (ESA) har retta kritikk mot Noreg på bakgrunn av krav i regelverket om arbeidsløyve etter 90 dagar. ESA peiker på at det ikkje er høve til å avgrense tidsperioden til 90 dagar. Det er rekna som ei ulovleg hindring av den frie mobiliteten å setje opp krav om arbeidsløyve for desse utsende arbeidstakarane. Det vil i realiteten hindre retten til fri tenestemobilitet eller i det minste gjere det vanskeleg for eit føretak som vil yte tenester og nytte sine eigne tilsette, uavhengig av statsborgarskapet deira. Desse spørsmåla vil bli løyste ved 2008-lova, jf. avsnitt 7.3.2.
Tenestemottakarar
Av ordlyden i artiklane 36 og 37 i EØS-avtalen følgjer det at reglane om fri mobilitet av tenester kan hevdast av teneste ytarar. Retten for teneste mottakarar til å nytte seg av reglane om fri tenestemobilitet går indirekte fram av sekundærlovgivinga og er fastslått uttrykkeleg i praksis ved EF-domstolen. Domstolen har peikt på at retten til tenestemottakarane var ein nødvendig konsekvens av rettane til tenesteutøvaren. Reglane om fri mobilitet også for tenestemottakarar sikrar med andre ord ein effektiv bruk av dei rettane reglane gir. Verken EØS-avtalen, sekundærlovgivinga eller domstolspraksis gir ein uttømmande definisjon av kven som skal reknast som tenestemottakar.
Den nærmare reguleringa er gjennomført i 1988-lova § 51 og forskrifta § 176. Ein EØS-borgar blir ikkje rekna som tenestemottakar i EØS-rettsleg forstand berre fordi vedkommande generelt mottar tenester. Det gjer normalt alle menneske. Borgaren må bruke eller reelt ønskje å bruke ein avgjerande del av si tid på å ta imot ein bestemt teneste. Eit eksempel på tenestemottakarar kan vere personar som mottar medisinsk behandling.
Det er krav om opphaldsløyve når opphaldet for å ta imot tenester varer utover tre månader. Det er ein føresetnad for løyve at tenestemottaket er hovudformålet med opphaldet, at personen yter vederlag for tenesta og at tenesta er avgrensa i tid.
Tilstrekkelege eigne midlar eller periodiske ytingar
Grunntanken bak reglane i EØS-avtalen om fri mobilitet er eit krav om økonomisk aktivitet. Formålet bak reglane er likevel ikkje berre av økonomisk karakter, men også ledd i ei sosial utvikling. Personar som ikkje er økonomisk aktive og dermed ikkje har rett til opphald etter nokre av dei andre reglane om fri mobilitet av personar, har likevel rett dersom dei tek imot periodiske ytingar eller har tilstrekkelege eigne midlar. Retten til opphald er nærmare regulert i direktiv 90/364/EØF om opphaldsrett. Direktivet er gjennomført i norsk rett i 1988-lova § 51 og forskrifta § 177. Det gjeld eit krav om opphaldsløyve ved opphald utover tre månader. Det er ein føresetnad for løyve at personen er dekt av ei sjukeforsikring og har tilstrekkelege midlar til å ikkje vere ei byrde for velferdsordningane i vertslandet.
Omgrepet «tilstrekkelege midlar» reiser tolkingsspørsmål. Forskrifta krev at det må dokumenterast midlar som minst svarer til full minstepensjon med særlege tillegg for einslege i folketrygda. EFTAs overvakingsorgan (ESA) har peikt på at dokumentasjonskravet reknast for å vere i strid med direktivet. Etter artikkel 1 i direktivet skal midlane reknast som tilstrekkelege dersom dei, når det blir teke omsyn til dei personlege forholda til søkjaren, overstig det nivået som i vertslandet gir rett til sosialstønad for eigne borgarar. Det er først dersom regelen om sosialhjelp ikkje blir nytta, at det er høve til å ta minstepensjonsnivået i vertslandet med i vurderinga. Det er ikkje høve til å krevje ein fast minstesum for å rekne midlane som tilstrekkelege. Noreg har endra praksis som no er i samsvar med EØS-retten, sjølv om ordlyden i forskrifta førebels ikkje er endra.
Studentar
Studentar får rett til opphald sjølv om dei har ikkje-økonomiske formål med opphaldet. Retten til opphald er nærmare regulert i direktiv 93/96/EØF. Direktivet er gjennomført i norsk rett i 1988-lova § 51 og forskrifta § 178. Det gjeld eit krav om opphaldsløyve ved opphald utover tre månader.
Det er ein føresetnad for å få løyve at personen skal ta yrkesretta utdanning ved godkjend lærestad. Forskrifta krev òg at det skal leggjast fram ein studieplan. Vidare er det eit krav at studenten har sjukeforsikring og tilstrekkelege midlar til å sikre sitt eige underhald. Etter lova må vedkommande leggje fram ei erklæring om dette, mens forskrifta krev at søkjaren gjer greie for korleis underhaldet er sikra.
EFTAs overvakingsorgan (ESA) har peikt på at kravet om både studieplan og ei slik utgreiing er i strid med direktivet. Praksis er no endra. Ein krev ikkje lenger at det blir lagt fram ein slik plan, og ein reknar det som tilstrekkeleg at søkjaren kjem med ei erklæring om at underhald er sikra.
Familiemedlemmer
Den sentrale rettsakta for opphaldsrett for familiemedlemmer er rådsforordning (EØF) 1612/68 om fri mobilitet for arbeidstakarar og familiemedlemmene deira.
Høvet til å bruke retten til fri mobilitet blir svært avgrensa dersom det ikkje er høve til å ta med nær familie. EØS-retten opnar derfor for det. Statsborgarskapen til familiemedlemmene er underordna. Familiemedlemmer som ikkje er statsborgarar av eit EØS/EFTA-land, får rett til opphald på grunnlag av familiesamanføring. Familiemedlemmer er ektefellar, barn under 21 år og slektningar i opp- eller nedstigande linje dersom dei blir forsørgde av EØS-borgaren. EØS-retten krev i utgangspunktet ikkje at EØS-landa definerer sambuarar eller personar som har inngått homofilt partnarskap, som familiemedlemmer. Av praksis ved EF-domstolen følgjer det at ein somme tider har opna opp for ein rett til familiesamanføring i slike saker. Prinsippet om at borgarar i andre medlemsland ikkje skal diskriminerast i forhold til eigne borgarar har vore nytta som grunngiving for utfallet.
Dei nærmare reglane om retten til opphald for familien til EØS-borgaren følgjer av 1988-lova § 52 med nærmare presiseringar i forskrifta §§ 179–180. Familiemedlemmer skal få opphaldsløyve etter søknad dersom dei legg fram reisedokumenta dei har reist inn med, og slektskapsforholdet blir stadfest med attest frå vedkommande myndigheit i heimlandet eller seinaste opphaldsland. Dersom det ikkje ligg føre omstende som gir grunn til å nekte vedkommande tilgang til Noreg, opphald eller arbeid av andre reglar i lova, skal familiemedlemmene få opphaldsløyve.
Det avgjerande for retten familiemedlemmer har til opphald i landet, er om hovudpersonen oppfyller vilkåra for opphald i lova og forskrifta. Dei har altså ikkje retten på sjølvstendig grunnlag, men ein avleidd rett knytt til opphaldsgrunnlaget til hovudpersonen. Dersom hovudpersonen reiser attende til heimlandet, mister familiemedlemmene retten til opphald med mindre dei kan etablere eit sjølvstendig opphaldsgrunnlag. Dersom EØS-borgaren døyr, får familiemedlemmene rett til vidare opphald på nærmare fastsette vilkår, jf. kommisjonsforordning (EØF) 1251/70.
Kva familierelasjonar som gir grunnlag for opphaldsrett, varierer med opphaldsgrunnlaget til hovudpersonen. Kva ytterlegare vilkår som gjeld for opphald, er altså avhengig av kva for ein kombinasjon av opphaldsgrunnlaget til hovudpersonen og typen familierelasjon det er snakk om. Det er eit krav at slektskapsforholdet blir stadfest av vedkommande myndigheit i heimlandet.
Dei ulike kategoriane med rett til opphald på grunnlag av familiesamanføring er:
Ektefelle eller sambuar til ein hovudperson, same kva opphaldsgrunnlag hovudpersonen har.
Slektningar i nedstigande linje til ein hovudperson som er arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar eller tenestemottakar, eller ektefellen til vedkommande, når slektningen er under 21 år eller faktisk blir forsørgd av hovudpersonen eller ektefellen.
Slektningar i nedstigande linje til hovudpersonar med eigne midlar, studentar og/eller ektefellen, når slektningen faktisk blir forsørgd av hovudpersonen eller ektefellen.
Slektning i oppstigande linje til ein hovudperson som er arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande tenesteytar eller tenestemottakar, personar med eigne midlar, studentar, eller ektefellen til vedkommande, når slektningen faktisk blir forsørgd av hovudpersonen eller ektefellen.
Registrert partnar til ein EØS-borgar høyrer ikkje med i oppramsinga fordi det følgjer av lov av 30. april 1993 nr. 40 om registrert partnarskap (partnerskapsloven) at reglar som gjeld ektefellar og ekteskap, også skal gjelde for registrerte partnarar og registrert partnarskap.
I dei tilfella der opphaldsgrunnlaget til hovudpersonen byggjer på andre grunnar enn økonomisk aktivitet, gjeld det som hovudregel eit krav om at underhaldet er sikra på ein slik måte at personen ikkje utgjer ei urimeleg byrde for velferdsordningane i vertslandet. I tillegg er det eit krav at vedkommande har sjukeforsikring. Det blir ikkje stilt krav til at familielivet blir praktisert i bestemte former, til dømes ved ei plikt til å bu saman. Når hovudpersonen er arbeidstakar, er det likevel sett krav om at vedkommande disponerer ein bustad.
Også andre familiemedlemmer enn dei som er nemnde ovanfor, kan vere omfatta dersom dei faktisk blir forsørgde av hovudpersonen eller kan dokumentere at dei høyrer til husstanden til hovudpersonen i heimlandet. Da kan det stillast krav om bustad og at dei har tilstrekkeleg sjukeforsikring.
Opphaldsløyve for familiemedlemmer gir rett til ta arbeid og drive sjølvstendig næringsverksemd.
6.5 Vidare opphald for EØS-borgarar og familiemedlemmer
Vidare opphald for EØS-borgarar
Som ei naturleg forlenging av reglane om fri mobilitet for arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande har personar i desse gruppene hatt ein viss rett til vidare opphald etter at yrkesaktiviteten er over. Sjå kommisjonsforordning (EØF) 1251/70 om retten arbeidstakarar og familien deira har til å bli buande på territoriet til eit medlemsland etter at dei har hatt arbeid der, og direktiv 75/34/EØF som gir sjølvstendig næringsdrivande og familien deira rett til å bli buande i det EØS-landet dei har vore etablerte i, sjå også direktiv 90/365/EØF. Tenesteytarar, tenestemottakarar og studentar er ikkje omfatta.
Forordninga og direktivet er gjennomførte i norsk rett i 1988-lova § 53 som gir heimel for forskrifter som dekkjer arbeidstakarar, sjølvstendig næringsdrivande og tenesteytarar. Forskrifta §§ 181–189 a omfattar likevel berre arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande.
Retten til vidare opphald er avhengig av kva som er grunnane til at yrkesaktiviteten er slutt. For hovudpersonen er det sett opp tre alternative grunnlag
oppnådd alder som gir grunnlag for norsk alderspensjon
varig arbeidsuførleik
avslutta yrkesaktivitet i Noreg, samstundes med vidare yrkesaktivitet i eit anna EØS-land.
Retten må som hovudregel hevdast innan to år frå det tidspunktet vilkåra for han er oppfylte.
Vidare opphald for familiemedlemmer
Retten arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande har til framleis å opphalde seg i eit vertsland etter at yrkesaktiviteten er avslutta, gjeld òg for familiemedlemmene deira. Opphaldsløyve for familiemedlemmer er avleidd av rettane til hovudpersonen og vil i utgangspunktet falle bort dersom opphaldsgrunnlaget til hovudpersonen ikkje lenger er til stades.
Reglane er gjennomførte i norsk rett i 1988-lova § 53 og forskrifta § 183.
Når hovudpersonen framleis er i live, må følgjande tre vilkår vere oppfylte for at familiemedlemmer skal ha rett til vidare opphald:
Hovudpersonen må sjølv ha rett til vidare opphald.
Retten gjeld berre for dei nærmaste familiemedlemmene.
Familiemedlemmene må bu saman med hovudpersonen.
Dersom hovudpersonen er død, har familiemedlemmene rett til opphald i tre ulike situasjonar:
Hovudpersonen var busett i Noreg i minst to år samanhengande før han eller ho døydde. Mellombels fråvær eller fråvær på grunn av verneplikt får ikkje følgjer for utrekning av butida.
Hovudpersonen døydde som følgje av arbeidsulykke eller yrkessjukdom.
Attlevande ektefelle er norsk statsborgar. Dette alternativet er berre aktuelt i dei tilfella der den avlidne hadde andre familiemedlemmer enn den norske ektefellen.
Akkurat som for hovudpersonen må denne retten hevdast innan to år frå det tidspunktet vilkåra for han er oppfylte.
6.6 Varigheit, fornying og tilbakekall
Desse forholda er nærmare regulerte i 1988-lova §§ 54–56 og forskrifta §§ 190–194.
Retten til opphald krev ikkje at det er gitt opphaldsløyve. Opphaldsretten fell derfor ikkje automatisk bort om løyvet går ut.
Avhengig av grunnlaget for opphaldet blir opphaldsløyvet normalt gitt for ein periode på anten eitt eller fem år, eventuelt for kortare tid dersom det dreier seg om eit mellombels opphald. Opphaldsløyve til familiemedlemmer blir gitt lik løyvet til hovudpersonen.
Opphaldsløyve kan fornyast for fem år når vilkåra framleis er oppfylte. Løyve til arbeidstakarar kan likevel fornyast for eitt år til første gong i dei tilfella søkjaren har vore ufrivillig arbeidsledig i meir enn dei siste tolv føregåande månadene.
Opphaldsløyve kan i utgangspunktet kallast tilbake i medhald av allmenne forvaltningsrettslege reglar. Det gjeld visse avgrensingar. Opphaldsløyvet kan ikkje kallast tilbake berre med den grunngivinga at personen ikkje lenger er yrkesaktiv, dersom årsaka til dette er mellombels arbeidsuførleik på grunn av sjukdom eller ulykke, eller personen ikkje sjølv er skuld i arbeidsløysa, og dette blir stadfest av Arbeids- og velferdsetaten. Opphaldsløyve til arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, tenestemottakar eller person med eigne midlar og student kan kallast tilbake ved opphald utanfor Noreg samanhengande i meir enn 6 månader, såframt grunnen til fråværet ikkje er verneplikt.
6.7 Utvising og bortvising
Innleiing
Medlemslanda i EØS har høve til på nærmare bestemte vilkår å utvise EØS-borgarar og familiemedlemmene deira. Utvising kan skje dersom ein kan grunngi dette i den offentlege orden, tryggleik eller folkehelsa.
Høvet til å utvise ein EØS-borgar er eit unntak frå den frie personmobiliteten. Det blir likevel gitt høve til ei slik avgrensing når ein må leggje meir vekt på andre ikkje-økonomiske omsyn enn omsynet til den frie mobiliteten. Nasjonale styresmakter kan ikkje einsidig fastleggje innhaldet i unntaket, og domstolen har slått fast at unntaksregelen må tolkast snevert. Grunnen til ei slik snever tolking er at prinsippet om fri mobilitet av personar og tenester står så sterkt at det skal mykje til før ein kan gjere unntak frå prinsippet. Praksis ved domstolen har vist at innanfor dei generelle rammene må medlemslanda fastleggje nærmare kva dei nasjonale omsyna tilseier. Omgrepet «utvising» i EØS-retten gjeld både når ein person må forlate vertslandet etter opphald der og får eit innreiseforbod, og til dømes tilfelle der ein person blir nekta tilgang til Noreg i samband med grensepassering.
EØS/EFTA-borgarar har eit utvida vern mot utvising og bortvising etter dei særlege reglane samanlikna med tredjelandsborgarar etter det allmenne regelverket. Prinsippet om ikkje-diskriminering tilseier at ein må ta omsyn til kva reaksjonar medlemslandet kan gjennomføre overfor eigne borgarar når ein skal vurdere i kor stor grad personar som er omfatta av EØS-avtalen eller EFTA-konvensjonen, kan utvisast eller bortvisast.
Utvising
Reglane om utvising i 1988-lova § 58 og forskrifta §§ 195 og 196 byggjer på EØS-avtalen og direktiv 64/221/EØF.
Med utvising meiner ein tiltak som inneber at utlendingen må forlate landet og mister høvet til å reise inn i Noreg att, og i regelen i andre Schengen-land.
For personar som er omfatta av EØS-avtalen eller EFTA-konvensjonen, er det sentrale kravet i regelverket at utvising må vere nødvendig av omsyn til offentleg orden og tryggleik. Sjølv om EØS-retten opnar for at eit slikt tiltak også kan setjast i verk av omsyn til folkehelsa, blir ikkje dette lenger gjennomført.
Vilkåret om at utvising må vere nødvendig av omsyn til offentleg orden og tryggleik, dekkjer i hovudsak kampen mot kriminalitet. Eit sentralt tema vil vere kor alvorleg ei kriminell handling er eller kan vere. Andre utvisingsgrunnar av omsyn til offentleg orden eller tryggleik kan gjelde personar som er avhengige av narkotiske stoff eller som har alvorlege psykiske lidingar.
Ein må grunngi utvising med dei personlege forholda til enkeltpersonen. I dette ligg det at utvising berre kan gjennomførast når det ligg føre personlege forhold som utgjer eit aktuelt og alvorleg trugsmål mot grunnleggjande samfunnsomsyn. Dette inneber til dømes at straffedommar aleine ikkje utan vidare kan grunngi ei utvising. Det er heller ikkje høve til å grunngi utvisinga med allmennpreventive omsyn eller omsynet til den allmenne rettskjensla. Det følgjer av domstolspraksis at den personlege åtferda ikkje kan reknast som eit tilstrekkeleg alvorleg trugsmål dersom det ikkje blir sett i verk tilsvarande streng straff for det same forholdet overfor eigne borgarar.
Skal eit straffbart forhold kunne grunngi utvising, må det vere av ein slik type at det støyter mot grunnleggjande samfunnsomsyn. I praksis reknar ein visse allmennfarlege brotsverk som eit trugsmål mot grunnleggjande samfunnsomsyn. Narkotika- og dopingbrotsverk, grov vald, sedskapsbrot og dei alvorlegaste brota på 1988-lova er nemnde, men opplistinga er ikkje uttømmande. Brot på reglane i straffelova om terrorhandlingar og finansiering av terrorhandlingar, er særskilt nemnde som grunnlag for utvising.
Dernest må det liggje føre individuelle forhold som tilseier at utlendingen vil gjere nye straffbare handlingar. Faren for nye brotsverk blir normalt vurdert mot same typen straffbare forhold.
Det EØS-rettslege proporsjonalitetsprinsippet inneber at tiltak til vern av den offentlege ordenen eller tryggleiken må balanserast mot andre omsyn. Det må vere eit rimeleg samsvar mellom tiltaket og formålet med det og mellom interessene til utlendingen og medlemslandet. Utvising kan berre setjast i verk dersom det ikkje er eit urimeleg tiltak overfor utlendingen eller dei nærmaste familiemedlemmene. I praksis legg ein vekt på kor alvorleg det straffbare forholdet er og den tilknytinga utlendingen har til Noreg. Ein tek omsyn til både strafferamma for det straffbare forholdet og den konkrete utmålte straffa. På den andre sida må ein leggje vekt på opphaldstida utlendingen har hatt i Noreg, om og eventuelt kor mange eller kor nære slektningar som er busette i Noreg, graden av integrering, om utlendingen kom til Noreg i ung alder, og tilknytinga til heimlandet.
Brot på 1988-lova, til dømes opphald utan at ein fyller vilkåra for opphaldsrett, er ikkje i seg sjølv grunnlag for utvising. Utvising vil først bli aktuelt dersom utlendingen er dømd til straff for eit slikt forhold.
Utvising inneber at utlendingen får innreiseforbod. Eventuelt gyldig opphaldsløyve gjeld ikkje lenger i og med eit vedtak om utvising. Ein person som er utvist kan, på lik linje med det som gjeld for tredjelandsborgarar, søkje om nytt løyve og dermed få oppheva innreiseforbodet.
Dersom eit vedtak om utvising ikkje er sett i verk eitt år etter at Utlendingsdirektoratet eller Utlendingsnemnda sist har vurdert saka, skal det vurderast på nytt om utvisingsgrunnlaget framleis er til stades. Regelen gjeld i utgangspunktet for tredjelandsborgarar, men blir brukt analogisk overfor personar som er omfatta av EØS-avtalen eller EFTA-konvensjonen. Bakgrunnen er at vernet ikkje skal vere dårlegare for denne gruppa.
Vedtak om utvising blir gjort av Utlendingsdirektoratet. Ein kan klage på vedtaket etter allmenne forvaltningsrettslege reglar.
Bortvising
Reglane om bortvising i 1988-lova § 57 og forskrifta §§ 195 og 196 byggjer på reglane i direktiv 64/221/EØF.
Bortvising er eit tiltak der ein person blir nekta innreise ved grensepassering, eller tiltak om å forlate Noreg etter grensepassering, men innan sju dagar. Eit vedtak om bortvising inneber ikkje eit forbod mot framtidig innreise i Noreg.
Akkurat som for utvising og i tråd med EØS-forpliktingane våre er det få høve som gir grunn til å vise bort personar som er omfatta av EØS-avtalen eller EFTA-konvensjonen. Det sentrale er at bortvising må vere nødvendig av omsyn til offentleg orden og tryggleik.
Bortvising må byggje på eitt av desse alternative forholda:
Utlendingen kan ikkje vise gyldig pass eller godkjent reisedokument eller visum når dette er nødvendig.
Utlendingen er utvist frå Noreg med innreiseforbod som framleis gjeld, og er ikkje gitt høve til å komme inn i landet etter søknad.
Det ligg føre grunnlag for å utvise personen i medhald av 1988-lova § 58.
Det blir vurdert som nødvendig av omsyn til den nasjonale tryggleiken eller på grunn av tvingande samfunnsomsyn.
Alle dei nemnde forholda kan grunngi bortvising ved innreise eller innan sju dagar etter innreise. Sju dagar etter innreise kan utlendingen berre visast bort på grunnlag av dei tre sistnemnde forholda og dersom vedkommande manglar opphaldsløyve. Det følgjer av dette at forhold som kan grunngi utvising, også kan grunngi bortvising. I vurderinga av kva reaksjon ein vel, står det sentralt kor alvorleg det aktuelle forholdet er.
I praksis er bortvising på grunnlag av at det ligg føre ein utvisingsgrunn, først og fremst aktuelt i dei tilfella der det straffbare forholdet er mindre alvorleg enn at det kvalifiserer til utvising.
Politiet kan gjere vedtak om bortvising innan sju dagar etter innreise på grunnlag av manglande reisedokument eller på grunnlag av gjeldande innreiseforbod. Elles er det som hovudregel Utlendingsdirektoratet som gjer vedtak om bortvising.
6.8 Forholdet til dei andre reglane i 1988-lova og forskrifta
Innleiing
I 1988-lova § 48 går det fram at det er gitt særlege reglar for utlendingar som er omfatta av EØS-avtalen og EFTA-konvensjonen. I forskrifta § 1 blir det klargjort at i tillegg gjeld reglane i dei andre kapitla så langt dei passar.
Nedanfor følgjer oversikt over dei reglane som i praksis er rekna å passe.
Reglane i1988- lova kapittel 4 og forskrifta
Prinsippet i EØS-avtalen om fri mobilitet for personar set grenser for korleis landa kan leggje restriksjonar på høvet EØS-borgarar har til innreise og utreise innanfor EØS-området. Kva krav som kan stillast ved innreise og utreise, har vore nærmare regulerte av direktiv 68/360/EØF og direktiv 73/148/EØF. Som utgangspunkt kan ein ved innreise ikkje krevje anna enn framvising av gyldig identitetsdokument eller reisedokument.
I medhald av gjeldande regelverk krev ein at EØS/EFTA-borgarar kan leggje fram gyldig reisedokument (pass eller godkjent identitetskort) ved innreise. Ein familiemedlem som sjølv ikkje er EØS/EFTA-borgar, blir behandla etter dei same reglane såframt familieforholdet kan dokumenterast tilfredsstillande.
Det er ikkje visumplikt for EØS/EFTA-borgarar. For ein familiemedlem som sjølv ikkje er EØS/EFTA-borgar, men borgar av eit visumpliktig land, er det krav om visum ved innreise. Ein skal få visum når familierelasjonen kan dokumenterast. Utlendingsdirektoratet skal samtykkje til naudvisum dersom vedkommande ikkje har skaffa seg visum på førehand. Det skal ikkje krevjast gebyr for utskrivinga av visum i desse tilfella.
Meldeplikta ved utreise gjeld òg for personar som er omfatta av EØS-avtalen eller EFTA-konvensjonen.
Reglane i1988-lova kapittel 2 og forskrifta
Eit sentralt spørsmål er når EØS/EFTA-borgarar kan gjere gjeldande dei allmenne reglane for opphalds- og arbeidsløyve i kapittel 2 i staden for dei særlege reglane i kapittel 8. Problemstillinga er altså ikkje om dei vanlege reglane skal nyttast som eit supplement, men når reglane kan gjerast gjeldande, og i kor stor grad reglane utelukkar kvarandre.
Dei ulike løyva gir ulike rettar og set opp ulike vilkår. Normalt vil det ikkje vere meir attraktivt for personar som er omfatta av EØS-avtalen eller EFTA-konvensjonen, å søkje om løyve etter dei allmenne reglane i 1988-lova og forskrifta. Eit EØS-løyve vil vere lettare å oppnå fordi det blir stilt færre vilkår, og i all hovudsak vil EØS-løyvet gi minst like gode rettar. Når det gjeld høvet til å få busetjingsløyve og/eller sjølvstendig løyve, vil løyve etter den allmenne delen i 1988-lova kunne reknast som ein fordel fordi det i dag ikkje ligg føre ein varig opphaldsrett for EØS/EFTA-borgarar etter dei særlege reglane i kapittel 8.
Eit aktuelt spørsmål er om ein EØS/EFTA-borgar som fyller vilkåra for opphaldsløyve som arbeidstakar etter kapittel 8, i staden kan hevde rett til arbeidsløyve som faglært etter kapittel 2 i forskrifta dersom han eller ho også fyller vilkåra for slikt arbeidsløyve. På denne måten vil søkjaren kunne oppnå busetjingsløyve sidan arbeidsløyve som faglært vil vere grunnlag for eit busetjingsløyve.
Eit anna praktisk spørsmål er om ein tredjelandsborgar som fyller vilkåra for opphaldsløyve som familiemedlem etter kapittel 8, i staden kan hevde rett til arbeidsløyve som faglært etter kapittel 2 i forskrifta dersom han eller ho også fyller vilkåra for slikt arbeidsløyve. På denne måten vil søkjaren kunne få sjølvstendig løyve sidan opphaldsløyve etter kapittel 2 vil vere grunnlag for eit busetjingsløyve.
Kva for eit regelsett som blir rekna som det mest gunstige, må ein avgjere på bakgrunn av ei individuell vurdering av kvar enkelt søkjar.
Det er i utgangspunktet ikkje noko til hinder for at ein person som fyller vilkåra etter kapittel 8, kan velje heller å søkje om løyve etter kapittel 2. Dette gjeld sjølv om vedkommande alt har søkt om og fått innvilga løyve etter kapittel 8. Regelsetta utelukkar ikkje kvarandre. Denne valfridommen grunngiast med prinsippet om at EØS/EFTA-borgarar ikkje skal stillast dårlegare enn tredjelandsborgarar (ikkje-diskrimineringsprinsippet), slik at dei må få velje dei reglane dei sjølve vurderer som mest gunstige.
Når det gjeld løyve etter kapittel 2 i forskrifta, gjeld det likevel visse avgrensingar.
Familieinnvandringsløyve etter kapittel 2 er utelukka dersom hovudpersonen har løyve i medhald av kapittel 8. Dersom hovudpersonen er nordisk borgar, kan familiemedlemmen velje kva for eit regelsett vedkommande vil bli behandla etter.
Busetjingsløyve er utelukka dersom søkjaren har opphaldsløyve etter kapittel 8 som grunnlag for søknaden. Slikt løyve kan ikkje vere grunnlag for busetjingsløyve, jf. forskrifta § 191.
Hovudregelen er altså at det gjeld ein valfridom med omsyn til regelsett. I praksis blir det heller ikkje sett i verk særlege tiltak, til dømes tilbakekall, for å hindre at ein person har to ulike løyve som går samstundes. Det blir til dømes ikkje reist sak om tilbakekall dersom ein person som har eit opphaldsløyve for fem år etter kapittel 8, søkjer om arbeidsløyve som faglært etter kapittel 2.
Unntak frå krav om arbeidsløyve
1988-lova § 6, jf. forskrifta § 8, inneheld visse unntak frå det allmenne kravet om arbeidsløyve. Ein krev ikkje slikt løyve ved arbeidsforhold som varer i inntil tre månader. På bakgrunn av omsynet til ikkje-diskriminering skal denne regelen også gjelde overfor EØS/EFTA-borgarar. Unntaket får berre noko å seie for personar som er omfatta av overgangsordningane. Andre EØS/EFTA-borgarar er i alle tilfelle fritekne frå kravet om løyve for opphald i inntil tre månader.
Meldeplikt etter reglane i den allmenne delen av 1988-lova
1988-lova § 45, jf. forskrifta §§ 150–157, gir ei plikt for andre til å sende inn meldingar om utlendingar i Noreg i ulike typar situasjonar, eventuelt på førespurnad. Bakgrunnen er at politiet skal få høve til å følgje opp meldingane med sikte på kontroll av grunnlaget for at utlendingen er her. Når uttrykket utlending er nytta i desse reglane, gjeld dei òg for EØS- og EFTA-borgarar. Meldingane som kjem inn, blir verken registrerte i Utlendingsdatabasen eller noko anna register. Det er grunn til å tru at dette heller ikkje blir følgt opp på andre måtar.
6.9 Meldeplikt etter dei særlege reglane, jf. 1988-lova § 56 a
Regelen i 1988-lova § 56 a gir heimel for ei utvida meldeplikt overfor utlendingar som er omfatta av EØS-avtalen eller EFTA-konvensjonen, og som skal ta arbeid, drive næringsverksemd eller yte tenester, og som er fritekne frå kravet om opphaldsløyve. Regelen har enno ikkje teke til å gjelde.
Lovheimelen vart vedteken ved innføringa av overgangsreglar i samband med EØS-utvidinga i 2004. Ei utvida meldeplikt vart rekna for å vere ein viktig reiskap ved vurderinga av om verknaden av innvandringa frå dei nye EØS-landa er eller kan bli av ein slik karakter at Noreg set i verk såkalla vernetiltak, jf. 1988-lova § 58 a. Ein såg òg på ei utvida meldeplikt som nyttig for utlendingsmyndigheitene for at dei skulle få betre oversikt over omfanget av personar som er omfatta av EØS-avtalen, og som nyttar seg av høvet til å ta på seg kortvarig arbeidsoppdrag i Noreg. Lova har som føresetnad at det blir utarbeidd reglar i forskrift om den nærmare gjennomføringa av meldeplikta.
Meldeplikta vil kunne omfatte «vekependlarar», personar som kan reise inn utan opphaldsløyve, og utlendingar som ikkje er EØS/EFTA-borgarar eller familiemedlem, men som er tenesteytarar, og som ut frå lovverket i dag kan reise inn og yte tenester i inntil 90 arbeidsdagar per kalenderår såframt dei er integrerte i arbeidsmarknaden i eit EØS/EFTA-land.
Regelen er ikkje sett i verk mellom anna fordi det har vore ønskjeleg å unngå dobbeltrapportering, fordi det ikkje er avklart kva for ei myndigheit som skal handtere ei slik meldeplikt, og fordi det heller ikkje er avklart kva for eit register ei melding om dette skal registrerast i. Departementet har derfor utsett ei eventuell iverksetjing i påvente av vurdering og eventuell revisjon av andre registreringsordningar i lovverket.
6.10 Saksbehandling, vedtaksmyndigheit og klagereglar
Saksbehandling
Opphaldsløyve blir innvilga etter søknad. Søknaden skal leverast til ein norsk utanriksstasjon i det landet søkjaren oppheld seg eller til politiet i Noreg. Søknaden kan leggjast fram etter innreise. For søkjarar som er omfatta av overgangsreglar, må fullstendig søknad om opphaldsløyve vere levert før dei kan byrje i arbeid, jf. 1988-lova §§ 50 og 51 og forskrifta § 172.
Ein søknad kan leggjast fram personleg eller av arbeidsgivaren til utlendingen med skriftleg fullmakt, jf. dei allmenne regla i forskrifta § 11, som også blir brukt for personar som er omfatta av EØS-avtalen eller EFTA-konvensjonen.
Vedtaksmyndigheit
Utlendingsdirektoratet har vedtaksmyndigheit i saker som gjeld opphaldsløyve. Politiet har fått myndigheit til å innvilge søknader om opphaldsløyve der det ikkje er tvil om at vilkåra er oppfylte. Direktoratet har instruert politiet om å ikkje nytte vedtaksmyndigheita si i saker som gjeld
arbeidstakarar der det dreier seg om deltidsstilling eller søkjaren tener mindre enn lønnssteg 1 i statens lønnsregulativ
tenesteytarar og tenestemottakarar
studentar i grunnskole, vidaregåande skole eller privat utdanningsinstitusjon og
familiesamanføring for andre familiemedlemmer enn dei som blir rekna som nær familie.
Politiet gjer vedtak i 9 av 10 søknader frå EØS/EFTA-borgarar. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i desse sakene er drøyt 18 dagar. Politiet avgjer noko meir enn kvar tredje søknad frå tredjelandsborgarar. I dei siste åra har det vore ei markant auke i talet på søknader om opphaldsløyve fra EØS-borgarar. Ved utgangen av april 2008 hadde 30 000 utlendingar fått opphalds- eller arbeidsløyve i Noreg. 80% av løyvene gjekk til EØS-borgarar. Dette er ei auke på 70% frå same tid i fjor.
Sjå 1988-lova § 50 og forskrifta § 173.
Klage
Eit vedtak om opphaldsløyve er rekna som eit enkeltvedtak, og dei allmenne klagereglane i forvaltningslova kan nyttast.