3 Høyring
Utkastet var til allmenn høyring våren 1999 til følgjande høyringsinstansar:
Alle departementa
Alle fylkeskommunane
Kommunenes Sentralforbund
NSB BA
Norges Taxiforbund
Transportbedriftenes Landsforening
Norsk Jernbaneforbund
Norsk Rutebilarbeiderforbund
Norsk Transportarbeiderforbund
Konkurransetilsynet
Transportbrukernes Fellesorgan
Vegdirektoratet
Norsk Kommuneforbund
Norges Lastebileier-Forbund
Norsk Styrmandsforening
Norsk Sjømannsforbund
Det Norske Maskinistforbund
Hurtigbåtenes Rederiforbund
Rederienes Landsforening
I tillegg til den allmenne høyringa i 1999 har det vore gjennomført tre særskilte høyringar av delemner som sorterer under lova. Våren 2000 var forslag om bruk av anbod på ferjer på høyring, og våren 2001 eit forslag om utvida arbeidtakarvern ved bruk av anbod i kollektivtransport. I tillegg vart det våren 2001 gjennomført høyring av eit endringsforslag til samferdselslova som ville gje heimel for ruteselskap til å halde tilbake reisande utan gyldig billett som ikkje gjev opp personalia. Forslaget vert no innarbeidd i utkastet til ny yrkestransportlov.
Uttalene til desse forslaga er gjengitt i punkt 6 og 7.
På bakgrunn av forseinkinga av lovframlegget som dei to førstnemnde delhøyringane ovanfor førte til, valde departementet å fremje ei eiga sak om endringar i samferdselslova basert på uttaler frå ein del høyringsinstansar til det opprinnelege høyringsutkastet. Endringane inneber ei differensiering av driveomgrepet når det gjeld godstransport og persontransport med drosje, og vil gjere det lettare å utføre kontroll med ulovleg transport. Departementet viser til Ot.prp. nr. 82 (2000-2001) og Innst.O. nr. 108 (2000-2001).
Lovendringa vart iverksett frå 1. oktober 2001.
Endringane er innarbeidd i utkastet til ny lov om yrkestransport §§ 4 og 5.