8 Lovføresegner som er foreslått oppheva/forslag til liberalisering
8.1 Føresegner som er foreslått oppheva
Lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel § 4 «Meir om ruteløyve», § 10 «Utleige av motorvogn», og § 21 «Opplysings- og teieplikt» er heilt eller delvis foreslått oppheva.
8.1.1 Meir om ruteløyve
Departementet har etter § 4 nr. 2 høve til å krevje at rettssubjekt med ruteløyve skal slutte seg saman med eitt eller fleire andre rettsubjekt med ruteløyve, eller at dei skal drive i lag etter fastsette retningsliner.
I Ot.prp. nr. 5 (1975-76) uttaler departementet:
«Departementet anser en fortsettelse av arbeidet med sammenslutning av små ruteselskap til passe store driftsenheter som viktige rasjonaliseringstiltak, og har opprettholdt denne bestemmelse i paragrafens annet ledd.»
Lovføresegna har vore svært lite nytta. Årsaken kan vere at andre måtar å oppnå rasjonell drift på, som bruk av anbod og betre utvikla normtalsmodellar ved inngåing av tilskotskontrakter er betre egna som verkemiddel til å oppnå effektiv drift av rutetransporten. Utviklinga elles i rutenæringa har dei seinare åra gått mot større einingar, utan offentleg medverknad. Departementet kan vanskeleg sjå nokon grunn til å halde oppe ein heimel til å krevje tvungne samanslåingar av omsyn til rasjonell drift.
Departementet har etter § 4 nr. 4 rett til å krevje omgjort overføring av aksjer- eller partar i eit slikt omfang at det i realiteten skjer ei løyveoverdraging. Regelen er ein særregel for det tilfelle det skjer endringar i eigarforholdet i ruteselskapet, sjølv om rettsubjektet som har ruteløyve held fram. Tildeling av ruteløyve vert gjort som ledd i offentleg utøving av myndigheit gjennom behovsprøvinga av løyve. Formålet med § 4 nr. 4 er å styrke den samfunnsmessige kontrollen med ruteselskap.
Utviklinga mot objektive krav til vandel, økonomi og fagleg kompetanse til den som skal kunne få ruteløyve har overflødiggjort «kvalitets»delen av behovsprøvingsprosessen.
Departementet viser til at kjøp / salg av aksjer er ein naturleg del av næringslivet òg innanfor rutedrift, og ein finn det vanskeleg å skulle overstyre dette gjennom ein særregel i yrkestransportlova. Det kan og vere vanskeleg å vurdere kva som er omfatta av meldeplikta til departementet. Retten til å gripe inn ved aksjekjøp i ruteselskap har vore lite brukt. Endring i eigarforholdet i eit ruteselskap har ikkje nokon innskrenkande verknad for fylkeskommunen sin styringsrett. Vilkår som er sette for selskapet gjeld, sjølv om det skjer endringar på aksjonærsida. Nye vilkår kan og påleggjast, jf utkastet § 27 nr. 4. Etter som tilhøvet mellom tilskotsstyresmakt og transportør der rutedrifta får tilskot har utvikla seg i lei av meir reindyrka roller som kjøpar og seljar av transporttenester, vil det etter departementet si vurdering vere meir naturleg at eventuelle atterhald t.d. med omsyn til eigarskifte i kontraktstida ved behov vert regulert i kontrakt mellom partane.
I utkastet til yrkestransportlov § 28 er det sett forbod mot overføring av løyve til andre. (Jf. tilsvarande § 16 i samferdselslova.) Løyvestyresmakta kan såleis framleis gripe inn dersom løyve vert overført til anna rettssubjekt enn det som har fått løyve. Denne regelen gjeld for alle løyver etter lova.
8.2 Oppheving av forbodet mot utleige - gjeldande lov § 10
Krav om løyve for å drive utleige av motorvogn mot vederlag med motorvogner registrert for inntil 16 personar inkludert førar vart oppheva ved lov 8. august 1986 nr. 57. Når det gjeld utleige av større bussmateriell, er utleige etter gjeldande samferdselslov § 10 berre tillate dersom både utleigar og leigetakar har løyve for rutetransport.
Forbodet verkar urimeleg td. i forhold til reine turvognselskap som ikkje kan leige inn materiell, medan ruteselskap som driv tilsvarande verksemd ikkje er pålagt ei slik avgrensing. Forbodet kan óg verke urimeleg i enkelte andre høve der det er behov for å leige buss utan førar og leigetakar ikkje har ruteløyve.
Utleigeforbodet for buss registrert for meir enn 15 passasjerplassar i tillegg til førar er grunngitt i Ot.prp. nr. 86 (1984-85):
«En opphevelse av løyveplikten for den ervervsmessige utleie av motorvogn har imidlertid visse betenkeligheter når det gjelder større bussmateriell. Som omtalt i Ot.prp. nr. 5 (1975-76) på side 29 vil utleie av bussmateriell med større antall sitteplasser kunne føre til omgåelse av løyveplikten for turvogntransport. Av den grunn har departementet i forskriftene til den någjeldende løyveordning for bilutleie fastsatt forbud mot å drive utleie av busser registrert for mer enn 15 passasjerplasser foruten fører. Tilsvarende forbud bør etter departementets vurdering videreføres også når bilutleivirksomheten gjøres løyvefri, dog således at det mellom innehavere av løyve for personrutetransport med motorvogn gis anledning til å etablere leieavtaler.»
Departementet meiner det ikkje er grunnlag for å halde oppe utleigeforbodet for større bussar ut frå mogelegheitene for omgåing av løyveplikta. Utviklinga i tida etter at utleige av motorvogner vart fristilt, har etter departementet si vurdering vist at det ikkje er nokon samanheng mellom retten til å drive utleige av t.d. mindre bussmateriell og omfanget av ulovleg transport med slikt materiell. Departementet viser vidare til at turvognløyve vart deregulert frå 1994, og at turvogntransport no kan drivast av alle som fyller lovbestemte krav. Det skaper ulike konkurransevilkår mellom turvognselskap og ruteselskap som og driv turvognverksemd, når berre ruteselskap har høve til å leige inn materiell ved behov.
Hedmark fylkeskommune meiner det er uheldig dersom restriksjonane på utleige av større bussmateriell vert fjerna.
Vegdirektoratet viser til at framlegget om å oppheve forbodet om utleige av større bussmateriell til andre enn dei som har ruteløyve, i utgangspunktet er ein fordel. Vegdirektoratet stiller likevel spørsmål om det av tryggleiks- og kontrollomsyn bør stillast nokre krav.
NSB BA meiner det bør vurderast å halde oppe ei avgrensing på utleige av større bussmateriell, men slik at kravet vert at både utleigar og leigetakar har løyve for transport med buss.
Av omsyn til trafikktryggleiken, ser Transportbedriftenes Landsforening det som naudsynt at det framleis er avgrensing på utleige av buss registrert for meir enn 16 passasjerar. Avgrensinga kan skje ved at utleige berre vert tillete så lenge både utleigar og leigetakar har løyve for transport med motorvogn registrert for meir enn 9 personar.
8.2.1 Departementet si vurdering
Når det gjeld dei høyringsinstansane som går mot oppheving av utleigeparagrafen, er det omsynet til trafikktryggleiken som er det sentrale i argumentasjonen. Departementet viser til at kvalifikasjonskrava for å køyre større bussar framgår av førarkortføresegnen og er uavhengige av om eigar/utleigar av buss har løyve. Det same gjeld krava til teknisk kontroll av buss. Etter Forskrift om periodisk kontroll av kjøretøy 12. desember 1997 nr. 1302 skal m.a. køyretøy registrert for 10 eller fleire personar framstillast for årleg kontroll. Departementet meiner ut frå dette at det er teke tilstrekkeleg omsyn til trafikktryggleiken gjennom regelverk som gjeld generelt for bussmateriell, og at det såleis ikkje er grunnlag for i praksis å innføre ei ny løyveordning for utleige av større bussar.
8.3 Opplysings- og teieplikt
I lovutkastet vert det gjort framlegg om at § 21 nr. 2 om teieplikt vert oppheva.
Forvaltningslova, inkludert reglane om teieplikt, gjeld òg for samferdselsstyresmaktene si handsaming av opplysningar samla inn etter første ledd i § 21. Føresegna er difor overflødig.
8.4 Fritak frå løyveplikt innan helse- og omsorgssektoren under visse føresetnader
I utkastet til § 19 vert det gjort framlegg om at tilsette i det offentlege eller offentleg godkjend institusjon innan helse- eller omsorgssektoren løyvefritt skal kunne utføre persontransport med personbil, dersom transporten framstår som eit naturleg ledd i den tilsette sine arbeidsoppgåver. Det er eit vilkår at transporten framstår som ein underordna funksjon og at vederlaget for transporten ikkje overstig staten sine satsar for kilometergodtgjersle.
Buskerud fylkeskommune meiner at det bør verte høve for kommunar og institusjonar innan offentleg helse- og omsorgsteneste til å kunne tilby klientar transport med eigne institusjonsbilar/institusjonsbussar.
Oppland fylkeskommune meiner det bør gjevast løyvefritak for såkalla frivillighetssentralar, tilsvarande som for tilsette i offentleg/offentleg godkjend institusjon innan helse- og omsorgssektoren.
Vestfold fylkeskommune viser til at forslaget om å gje tilsette i offentleg godkjend verksemd innan helse- og omsorgssektoren må utvidast til å omfatte tilsette i skolesektoren.
Telemark fylkeskommune stør framlegget om at tilsette i samband med utføring av offentleg teneste skal kunne utføre persontransport som har naturleg tilknytning til tenesteforholdet. Dette bør ikkje berre gjelde tilsette innafor helse-og omsorgsektoren, men og tilsette innafor skolesektoren.
Når det gjeld persontransport knytt til arbeidsforhold innan helse- og omsorgssektoren finn Transportbedriftenes Landsforening det noko uklart kva som kan grunngje at ein spesiell arbeidstakargruppe - i ein avgrensa del av offentleg sektor - skal ha særskilte reglar for løyvefritak. Det finst andre grupper som klart har liknande behov. Offentleg tenesteyting er konkurranseutsett, og av omsyn til like konkurransevilkår må lov og forskrifter utformast slik at ikkje private operatørar vert diskriminerte.
Norges Taxiforbund meiner at forslaget om at tilsette i helsesektoren skal kunne utføre persontransport på visse vilkår synes å vere lite naudsynt. Økonomisk vil slik transport bli dyr, etter som det kjem lønskostnader til i tillegg til køyregodtgjersle. Det er verre at forslaget vil truge drosjetilbodet i utkantane, der ein vesentleg del av næringsgrunnlaget skriv seg frå slik transport. Forslaget vil difor føre til betydeleg reduksjon av kollektivtilbodet i utkantstrok. Slik regelverket er utforma i dag, vert det opna for betydelig konkurranse om slike transportar, og slike transportar bør gå til etablerte aktørar i marknaden. Dei bør ikkje overlatast til meir eller mindre tilfeldig valde personar der einaste kvalifikasjon er at arbeidsgjevar er knytt til kommunesektoren. Det same gjeld med omsyn til at hotell og overnattingsverksemder kan transportere eigne gjestar utan løyve. I distrikta er slik transport eit viktig bidrag til å kunne sikre eit godt taxitilbod.
8.4.1 Departementet si vurdering
Det er eit gjennomgåande trekk for løyveordningane etter lova at dei skal verke nøytralt uavhengig av om det er offentlege eller private brukarar som etterspør transport. Forslaget til ny § 19 i lova bryt med dette prinsippet, ut frå særskilte omsyn til den brukargruppa det er tale om. Etter departementet sitt syn vil det ut frå avgrensingane i paragrafen òg vere marginal transport det blir snakk om. Ei eventuell utviding av denne unntaksføresegna til å omfatte t.d. skolesektoren slik ein del instansar gjer seg til talsmann for, vil undergrave både «nøytralitetsprinsippet» nemnt og grunnlaget for behovsprøving av (særskilt) drosjeløyveordninga.