9 Endring i andre lover
Lov 17. juni 1966 nr. 2 om luftputefartøyer § 3 må endrast som følgje av at transport med luftputefartøy no er foreslått omfatta av dei generelle løyvevilkåra i yrkestransportlova.
Dersom lova skifter namn frå samferdselslova til yrkestransportlova er det naudsynt å tilpasse namneendringa i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag, der det vert vist til gjeldande samferdselslov.
Lov 11. juni 1993 nr. 100 om anlegg og drift av jernbane, herunder sporvei, tunnelbane og forstadsbane m.m. (jernbanelova) § 7 er tilpassa gjeldande samferdselslov § 13. Det vert gjort framlegg om å endre §7 i jernbanelova for å harmonisere paragrafen med utkastet til yrkestransportlov § 33, utan at det medfører reelle endringar i det materielle innhaldet i § 7.
Ny § 7a) i jernbanelova svarar til utkastet til ny § 33 andre ledd.