2 Høyring
2.1 Høyring av forslaga om tiltak mot trygdemisbruk mv.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet sendte den 15. juli 2007 på høyring forslag om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover. Forslaga gjaldt tilbakekrevjing etter feilutbetaling, tiltak mot trygdemisbruk og renter og erstatning i trygdesaker. Høyringsnotat vart sendt til følgjande instansar, med frist for merknader 15. oktober 2007:
Akademikerne
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Datatilsynet
Den norske advokatforening
Den norske dommerforening
Den norske legeforening
Departementene og Statsministerens kontor
Finansforbundet
Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH)
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH)
KS
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Norsk Kiropraktor Forening
Norsk Manuellterapeutforening
Norsk Psykologforening
Norske fysioterapeuters forbund
Næringslivets hovedorganisasjon (NHO)
Pensjonstrygden for sjømenn
Politidirektoratet
Regjeringsadvokaten
Riksrevisjonen
Stortingest ombudsmann for forvaltningen
Skattedirektoratet
Sosial- og helsedirektoratet
Statens helsetilsyn
Statens innkrevingssentral (SI)
Statens Pensjonskasse
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Sparebankforeningen i Norge
Trygderetten
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede (Unio)
Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS)
Økokrim
Kommunal Landspensjonskasse (KLP)
Følgjande høyringsinstansar har sagt frå at dei ikkje har merknader:
Barne- og likestillingsdepartementet
Kultur- og kirkedepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Miljøverndepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Utenriksdepartementet
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Trygderetten
Følgjande instansar har hatt realitetsmerknader:
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Datatilsynet
Den norske advokatforening
Den norske legeforening
Finansdepartementet
Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH)
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH)
Juss-Buss
Justis- og politidepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Norsk Manuellterapeutforening
Næringslivets hovedorganisasjon (NHO)
Oslo kommune
Pensjonstrygden for sjømenn
Politidirektoratet
Regjeringsadvokaten
Samferdselsdepartementet
Sosial- og helsedirektoratet
Statens helsetilsyn
Statens innkrevingssentral (SI)
Statens Pensjonskasse
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede (Unio)
Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS)
Økokrim
Ved ein feil vart fleire viktige brukarorganisasjonar ikkje tekne med ved utsendinga, inkludert Aleneforeldreforeningen, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Pensjonistforbundet. Organisasjonane fekk invitasjon til eit høyringsmøte om saka og vart oppmoda til eventuelt å kome med skriftlege kommentarar. Departementet har ikke fått svar frå nokon av desse organisasjonane, med unntak av at ein til tross for den nemnde feilen hadde fått høyringssvar frå Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon innan den fastsette fristen.
Fleirtalet av dei høyringsinstansane som har uttalt seg, er samd i at det er viktig å arbeide for å hindre og avdekkje misbruk av midla til trygda og fellesskapet. Mange peiker samtidig på at det er svært viktig at det skjer ei grundig vurdering og vekting av omsynet til behovet for kontroll og effektivitet i høve til omsynet til personvern og rettstryggleik.
Ei rekkje høyringsinstansar har kommentarar til de einskilde forslaga om endring av tilbakekrevjingsreglane og forslaga til lovendringar som ledd i tiltak mot trygdemisbruk. Berre eit fåtal instansar kommenterer punktet i høyringsnotatet om renter og erstatning i trygdesaker.
Det nærare innhaldet i høyringssvara er behandla under dei enkelte punkta i proposisjonen.
2.2 Høyring av forslaget om heimel for å krevje elektronisk innsending av sjukmeldingar mv.
Forslag om rettsleg krav til elektronisk kommunikasjon mellom legar og Arbeids- og velferdsetaten vart sendt på høyring 2. juli 2007, med høyringsfrist 2. november 2007. Høyringsnotat vart sendt til følgjande instansar:
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Sosial- og helsedirektoratet
Statens autorisasjonskontor for helsepersonell
Statens helsepersonellnemnd
Statens helsetilsyn
Helsetilsynet i fylka
Statens lækjemiddelverk
Datatilsynet
Folkehelseinstituttet
Fylkesmennene i landet
Kommunane i landet
Dei regionale helseføretaka
Helseføretaka i landet
Norsk Helsenett
Akademikarane
Apotekforeningen
Den norske jordmorforening
Den norske legeforening
Den norske tannlegeforening
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
KS
Kompetansesenteret for IT i helsesektoren – KITH
Norsk Fysioterapeutforbund
Norsk Kiropraktorforening
Norsk Manuellterapeutforening
Norsk Pasientforening
Norsk Psykologforening
Privatpraktiserende Fysioterapeuters forbund
Røntgeninstituttenes Fellesorganisasjon
Desse høyringsinstansane har kommentert innhaldet i høyringsnotatet:
Sosial- og helsedirektoratet
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Statens lækjemiddelverk
Datatilsynet
Folkehelseinstituttet
Fylkesmannen i Oppland
KITH
Bjerkreim kommune
Saltdal kommune
Lindesnes kommune
Lyngdal kommune
Hamar kommune
Kristiansand kommune
Røyrvik kommune
Holmestrand kommune
Lier kommune
Trondheim kommune
Selbu kommune
Oslo kommune
Helse Midt-Norge RHF
Helse Stavanger HF
Helse Bergen HF
Helse Sør-Øst RHF
Helse Nord-Trøndelag HF
Sunnaas sjukehus
IKT-samarbeidet i tannhelsetenesta
Den norske tannlegeforening
Den norske legeforening
Norsk Manuellterapeutforening
Norsk fysioterapeutforbund
Statens helsetilsyn og Fylkesmannen i Oslo og Akershus har ikkje merknader.