Ot.prp. nr. 76 (2007-2008)

Om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte ­andre lover (tilbakekrevjing etter feilutbetalingar, ­tiltak mot trygdemisbruk, renter og erstatning i ­trygdesaker)

Til innhaldsliste

6 Forskriftsheimel for å krevje elektronisk innsending av sjukmeldingar mv.

6.1 Bakgrunnen for lovforslaget

6.1.1 Innleiing

I Soria Moria-erklæringa går det fram at Regjeringa vil auke satsinga på ny, universelt utforma teknologi og gjennomføre ein offensiv IKT-politikk i offentleg sektor. Stortingsmelding nr. 17 (2006-2007) Eit informasjonssamfunn for alle som er den overordna IT-politikken til Regjeringa dei neste åra, legg generelle føringar på utviklinga innanfor IKT-området i offentleg sektor på alle samfunnsområde. IKT skal m.a. brukast som eit verkemiddel for å skape forbetringar for aktuelle brukarar, og hjelpe til med å utløyse gevinstar for samfunnet. Eit sentralt tema i meldinga er samhandling ved hjelp av elektronisk kommunikasjon på tvers av dei ulike forvaltningsnivåa, verksemdene og fagsektorane og mellom offentleg og privat sektor.

Gjeldande lovforslag inngår som ein del av Regjeringas overordna plan for IKT-utviklinga i offentleg sektor. Lovforslaget er i tråd med den overordna målsetjinga til Regjeringa om at samhandlinga mellom brukarane og det offentlege må bli enklare, og at offentlege ressursar må frigjerast for å styrkje velferdstilbodet gjennom bruk av elektroniske løysingar.

Slik Regjeringa vurderer det, er det viktig å etablere elektronisk informasjonsutveksling mellom dei ulike aktørane i helse- og omsorgssektoren – på alle område der dette lèt seg gjennomføre. Elektronisk kommunikasjon blir rekna som positivt og nødvendig for å sikre kvalitet og effektivitet i sektoren. Denne typen kommunikasjon vil ha stor rasjonaliseringsgevinst for alle aktørane.

Arbeids- og velferdsetaten har utvikla elektroniske løysingar for innsending av sjukmeldingar, legeattestar og direkte oppgjer (legerekningar) til etaten. Men i den største potensielle brukargruppa av løysingane, legane, er dei tekne i bruk i mindre grad.

Formålet med forslaget til lovendring er å etablere ein heimel for å kunne krevje elektronisk innsending av sjukmeldingar og legeattestar frå legar til Arbeids- og velferdsetaten. Regjeringa er likevel av den oppfatninga at fleire føresetnader må vere på plass før eit slikt krav kan setjast i verk, sjå nedanfor under punkt 6.3. Regjeringa ønskjer på det noverande tidspunktet å leggje til rette lovverket slik at eit krav om elektronisk kommunikasjon kan ta til å gjelde på eit seinare tidspunkt, dvs. når flest mogleg føresetnader for god elektronisk kommunikasjon mellom dei aktuelle aktørane er til stades. Regjeringa vil på sikt vurdere den same typen verkemiddel overfor alle andre helsepersonellgrupper som kan skrive ut sjukmelding eller attest som trygda finansierer, eller som har direkte oppgjer med Arbeids- og velferdsetaten.

Ved innsending av sjukmeldingar og legeattestar til Arbeids- og velferdsetaten vil omgrepet legar i denne proposisjonen omfatte:

  • Alle legar som har rett til å skrive ut legeattestar som trygda finansierer. Det vil seie at omgrepet også omfattar legar som driv privat praksis utan offentleg finansiering, som er tilsette i bedriftshelsetenesta, driv undervisning/forsking, arbeider i offentleg forvaltning, lækjemiddelindustrien osv.

6.1.2 Gjeldande rett

Mange av ytingane frå folketrygda krev at medisinske vilkår må dokumenterast av lege eller anna godkjent helsepersonell, jf. m.a. folketrygdlova §§ 8-7 Dokumentasjon av arbeidsuførhet, 9-7 Dokumentasjon av sykdom og 15-6 Overgangsstønad.

Arbeids- og velferdsetaten kan etter folketrygdlova § 21-4 andre ledd krevje at dei som gir behandling eller yter tenester som trygda betaler, leverer dei attestane og vurderingane som er nødvendige for å avgjere krav om ytingar. Paragrafen set som vilkår at attestar og tenester blir godtgjorde av trygda. Denne paragrafen er foreslått endra i samsvar med det som kjem fram under punkt 4.4, slik at det klarare går fram at plikta til å gi attestar osv. til Arbeids- og velferdsetaten også omfattar private tenesteytarar utan refusjonsrett. Dette er i tråd med den avgrensinga av omgrepet legar som er gjord framanfor under punkt 6.1.1.

Det er førebels utvikla to blankettar som kan kommuniserast elektronisk. Det er blanketten «Medisinsk vurdering av arbeidsevne ved sjukdom» (tidlegare sjukmeldingsattest) som legen skal bruke ved sjukmelding av ein pasient knytt til retten til sjukmelding. Vidare er det blanketten «Legeerklæring ved arbeidsuførleik», som blir nytta når Arbeids- og velferdsetaten ber om legeattest i tilknyting til vurdering av rett til sjukepengar, rehabiliteringspengar, tidsavgrensa uførestønad, uførepensjon og yrkesretta attføring.

Det finst ingen krav i gjeldande lov eller forskrifter som tilseier at sjukmeldingar og legeattestar skal kommuniserast elektronisk til Arbeids- og velferdsetaten. Regelverket gir per i dag heller ikkje heimel for å krevje dette.

6.2 Høyringsnotatet

6.2.1 Innleiing

I høyringsnotatet foreslo Helse- og omsorgsdepartementet dette:

«Leger (allmennleger og spesialister) pålegges innen 1. januar 2009 et rettslig krav om bruk av elektronisk kommunikasjon ved innsending av krav om direkte oppgjør (legeregninger), sykmeldinger og legeerklæringer til Arbeids- og velferdsetaten. For å motverke urimelege konsekvenser for enkelte aktører bør det fastsettes en dispensasjonsordning som forvaltes av Arbeids- og velferdsetaten.»

Departementet vil nedanfor gjere greie for ein del av faktagrunnlaget for elektronisk kommunikasjon som ligg til grunn for forslaget. Departementet er av den meining at eit slikt oversyn er nødvendig for å forstå omfanget av forslaget og for å forstå dei ulike implikasjonane ved forslaget.

6.2.2 Teknologiske føresetnader og tryggingstiltak for elektronisk kommunikasjon i helse- og omsorgssektoren

6.2.2.1 Elektronisk pasientjournal (EPJ)

Opplysningar i elektronisk pasientjournal utgjer til vanleg kjernen i den elektroniske informasjonsutvekslinga mellom dei ulike aktørane i helse- og omsorgssektoren. Elektronisk pasientjournal inneheld informasjon som blir registrert om pasienten i tilknyting til at det blir ytt helsehjelp, dvs. dokumentasjon som følgjer av journalforskrifta, inklusive røntgenbilete, laboratoriesvar og annan pasientdokumentasjon.

EPJ-systema er programvaresystem som primært skal registrere og lese elektronisk innhald i pasientjournalar, men som også har annan funksjonalitet som gir høve til å hente opp elektroniske blankettar, mellom anna sjukmeldingar og legeattestar.

Dei fleste allmennlegane har hatt EPJ-system i mange år. Alle helseføretak i landet har per i dag installert EPJ-system, og det går føre seg ein gradvis overgang frå papirjournalar til elektroniske journalar.

Dagens EPJ-system er i stor grad ei vidareføring av den kronologiske, dokumentasjonsorienterte og papirbaserte pasientjournalen. EPJ-systema dekkjer likevel i vekslande grad det datainnhaldet som etter journalforskrifta er å rekne som ein pasientjournal. I tillegg til opplysningane i sjølve EPJ-systemet finst det ofte opplysningar i fleire spesialiserte system og i papirdokument. For å få til nødvendig samarbeid mellom dei ulike aktørane i helse- og omsorgssektoren må det leggjast til rette for at nødvendige pasientopplysningar skal kunne utvekslast elektronisk, brukast om att og importerast i dei EPJ-systema som dei ulike aktørane/helsepersonellet fører. Tilsvarande tilpassing må gjerast i EPJ-systemet til kvar lege og anna helsepersonell for å få til meldingsutveksling over Norsk Helsenett.

6.2.2.2 Norsk Helsenett

Norsk Helsenett har som formål å sikre at det ligg føre ein tilgjengeleg og sikker infrastruktur for effektiv elektronisk kommunikasjon mellom ulike aktørar i helse- og omsorgssektoren. Gjennom etableringa av Norsk Helsenett, med det tilhøyrande helsenettet, er ein «elektronisk motorveg» på plass, med den tryggleiken, kapasiteten og tilgangen som trengst for å utveksle den nødvendige informasjonen.

Dei fire regionale helseføretaka (RHF) eig Norsk Helsenett i fellesskap. Selskapet vart skipa i 2004 og førte til at dei dåverande fem regionale helsenetta vart slått saman til eitt felles helsenett. Selskapet vart grunnlagt for å ta hand om vidare etablering, utvikling og drift av eit nasjonalt dekkjande helsenett.

Norsk Helsenett er etablert for å kunne hjelpe alle aktørar i helse- og omsorgssektoren, f.eks. helseføretak, den kommunale helse- og sosialtenesta, Arbeids- og velferdsetaten og private aktørar.

Norsk Helsenett leverer nokre basistenester som støttar elektronisk kommunikasjon mellom ulike aktørar. Dei tenestene som skal distribuerast i helsenettet, må likevel leggjast til rette av andre, først og fremst helseføretaka og Arbeids- og velferdsetaten. Dette omfattar standardiserte elektroniske meldingar som for eksempel sjukmeldingar, legeattestar, tilvisingar og epikrisar.

Tilgangsavtalar (kundeavtalar)

Aktørar som knyter seg opp mot helsenettet, må signere ein kundeavtale med Norsk Helsenett. Kundeavtalen har ei standardisert utforming og skal mellom anna sikre at dei aktørane som kommuniserer over helsenettet, har tilstrekkeleg informasjonssikring. Gjennom kundeavtalen forpliktar aktøren seg også til å følgje Norm for informasjonssikkerhet i helsesektoren. Ein konsekvens av dette er at alle partane som kommuniserer over helsenettet, slepp å inngå bilaterale avtalar med kvarandre, slik personopplysningsforskrifta § 2-15 i utgangspunktet krev.

Status for omfanget av oppkoplinga til Norsk ­Helsenett

Opp­koplinga til Norsk Helsenett er aukande. Per 1. januar 2008 har alle helseføretaka, over to tredelar av fast­lege­kontora (om lag 90 prosent av allmennlegane) og om lag 19 prosent av kommunane knytt seg til helse­nettet.

Det går føre seg eit arbeid i regi av Norsk helsenett AS, Helsedirektoratet og Nasjonal IKT for å få pålitelege og automatiske tal for meldingsvolumet i helsenettet.

6.2.2.3 Public Key Infrastructure – PKI

All elektronisk kommunikasjon av sensitive personopplysningar må skje i samsvar med strenge krav til informasjonssikring. Krava er fastsette i fleire lover og forskrifter. Digitale signaturar med tilhøyrande infrastruktur (PKI) blir i dag rekna som den mest høvelege teknologien for sikre løysingar for autentisering av kommunikasjonspartnarar og sikring av den elektroniske informasjonen som blir utveksla.

Offentleg sektor har lenge hatt eit ønske om ein samverkande infrastruktur som gjer det mogleg å identifisere brukarar elektronisk og skrive under dokument elektronisk på ein samordna måte. I tilknyting til utviklinga av løysingar for elektronisk innsending av sjukmeldingar, legeattestar og legerekningar til trygdeetaten, (Ei@-løysinga og KUHR, sjå nedanfor), hadde det tidlegare Rikstrygdeverket behov for å etablere ei PKI-løysing for sikker kommunikasjon. For innsending av sjukmeldingar, legeattestar og legerekningar er det sett krav til personleg signering av sendaren, med kvalifisert personsertifikat på tilsvarande høgt nivå.

Det tidlegare Moderniseringsdepartementet publiserte i januar 2005 ein felles kravspesifikasjon for PKI-løysing i offentleg sektor. Denne spesifikasjonen skal leggjast til grunn for alle offentlege førespurnader om tilbod av aktuelle produkt og tenester innanfor PKI-området.

6.2.3 Elektronisk kommunikasjon med Arbeids- og velferdsetaten

6.2.3.1 Ei@-løysinga – innsending av sjukmeldingar og legeattestar til Arbeids- og velferdsetaten

Ei@-løysinga vart etablert i 2003 for å leggje om frå papirbasert til elektronisk innsending, mottak og vidare dokumentflyt internt i trygdeetaten, no Arbeids- og velferdsetaten, for to typar blankettar. Løysinga har til formål å effektivisere manuelle prosessar og frigjere ressursar både på behandlarsida og i Arbeids- og velferdsetaten.

Ei@-løysinga er som nemnt førebels utvikla for elektronisk innsending av to typer blankettar: «Medisinsk vurdering av arbeidsevne ved sjukdom» (tidlegare sjukmeldingsattest) og «Legeerklæring ved arbeidsuførleik». Ved etableringa av Norsk Helsenett var det enklast å leggje til rette for elektronisk innsending av sjukmeldingar og legeattestar. På denne bakgrunnen vart desse meldingane valde ut til å vere dei første elektroniske meldingane i helsenettet.

6.2.3.2 KUHR – innsending av krav om direkte oppgjer (legerekningar) til Arbeids- og ­velferdsetaten

I 2005 etablerte trygdeetaten ei ny standardløysing, KUHR (Kontroll og Utbetaling av HelseRefusjonar), som støttar elektronisk innsending, mottak, kontroll og sakshandsaming av krav frå ulike behandlargrupper om direkte oppgjer for stønad etter folketrygdlova kapittel 5.

Den nye generasjonen av kontrollsystem omfattar program som gjennomfører logiske kontrollar baserte på reglar og informasjon frå ulike elektroniske register. Dei nye kontrollprogramma er eit verkemiddel i den analytiske kontrollen ved at dei opnar for ei målretta kontrollverksemd basert på risikoanalysar. I tillegg til automatisk avvising av rekningar vil den elektroniske kontrollen fange opp og melde frå om avvik som bør/må sjåast nærare på i Arbeids- og velferdsetaten.

KUHR er førebels innført for oppgjer med legar, helsestasjonar, poliklinikkar og private laboratorium og røntgeninstitutt, fysioterapeutar og kiropraktorar. Arbeids- og velferdsdirektoratet er i gang med å fase inn fysioterapeutar, psykologar og kiropraktorar i den nye standardløysinga. Apotek og bandasjistar blir fasa inn i tilknyting til innføringa av elektroniske reseptar, men sender rekningar elektronisk også i dag over Internett eller TrygdHelse-postkassa. Arbeids- og velferdsdirektoratet har som ambisjon å tilpasse KUHR til tannlegeoppgjer i 2008.

6.2.3.3 Resultatmål og status for bruk av elektroniske løysingar i Arbeids- og velferdsetaten

I Gjennomføringsplan 2006 for S@mspel 2007 vart det sett som resultatmål at 60 prosent av alle legekontora skulle sende elektronisk sjukmelding, legeattest eller direkte oppgjer (legerekningar) til Arbeids- og velferdsetaten via Norsk Helsenett innan 2006.

Figur 6.1 nedanfor viser at om lag 21 prosent av sjukmeldingane vart sende inn elektronisk per september 2007. Kvart år blir det sendt ca. 3,5 millionar sjukmeldingar til Arbeids- og velferdsetaten.

Figur 6.1 Prosentdel elektroniske sjukmeldingar og prosentdel fastlegekontor
 som har PKI og kan sende sjukmeldingar, januar 2005–september 2007.

Figur 6.1 Prosentdel elektroniske sjukmeldingar og prosentdel fastlegekontor som har PKI og kan sende sjukmeldingar, januar 2005–september 2007.

Kjelde: NAV

På same tidspunktet vart ca. 8 prosent av oppgjerskrava (legerekningane) sende inn elektronisk til Arbeids- og velferdsetaten.

Utfordringar knytte til omfanget av elektronisk kommunikasjon med Arbeids- og velferdsetaten

Arbeids- og velferdsdirektoratet har hatt mange utfordringar når det gjeld å få legar (allmennlegar og spesialistar) til å ta i bruk Ei@-løysinga og KUHR. Av Rambøll-rapporten går det fram det at mange legar er skeptiske til å kople seg opp til Norsk Helsenett, at det er utfordringar knytte til dei lokale IT-miljøa hos legane, tekniske problem og manglande forventningsstyring i høve til innhaldet i helsenettet.

Arbeids- og velferdsdirektoratet rapporterer vidare om organisatoriske utfordringar i etaten, varierande grad av brukarstøtte og service, lite styrt og mangelfull kommunikasjon og informasjon, og skepsis hos legane til å inngå eller fornye avtale om PKI-løysing.

Utover dette er det ei utfordring at det per dags dato berre er Profdoc av EPJ-leverandørane som tilbyr elektronisk innsending av legerekningar. Infodoc, som er den nest største EPJ-leverandøren, har førebels ikkje kunna tilby kundane sine elektronisk innsending av legerekningar, men tilbyr elektronisk innsending av sjukmeldingar og legeattestar.

6.2.4 eResept

Sosial- og helsedirektoratet har fått ansvaret for gjennomføring av arbeidet med å setje i verk ei løysing for elektroniske reseptar. Sosial- og helsedirektoratet er programeigar på vegner av Helse- og omsorgsdepartementet. Programmet for eResept Noreg skal etablere ei samordna elektronisk løysing for å rekvirere, ekspedere og dokumentere reseptpliktige lækjemiddel, medisinsk utstyr og næringsmiddel, og gi grunnlag for oppgjeret frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til apotek/bandasjistar ved utleveringar på blå resept.

Det er planlagt at ein sentral database (Reseptformidlaren) skal vere eit viktig element i eResept-løysinga. Overgangen til elektroniske reseptar har til følgje at det skal nyttast elektroniske reseptar når det ikkje ligg føre særskilde grunnar for rekvirenten til å bruke papirreseptar. Ei slik plikt til bruk av elektroniske reseptar er nærare presisert i eiga forskrift om innsamling og bruk av reseptopplysningar i Reseptformidlaren. Forskrifta spesifiserer også i kva for situasjonar det kan gjerast unntak frå plikta til å bruke Reseptformidlaren ved utferding av resept.

6.2.5 Andre/framtidige elektroniske ­løysingar

I tillegg til dei nemnde løysingane ovanfor er det ei rad elektroniske kommunikasjonsløysingar som er i produksjon, i pilot, under utvikling eller under vurdering. Også for desse løysingane vil dei same teknologiske føresetnadene og tryggingstiltaka gjere seg gjeldande som forklart ovanfor under punkta 6.2.2.2 og 6.2.2.3.

6.2.5.1 NISSY (Nasjonalt IKT-system for ­sjuketransport)

NISSY er utvikla i regi av Nasjonal IKT for dei regionale helseføretaka og omfattar mellom anna elektroniske rekvisisjonar for pasienttransport. NISSY vil overfor NAV fungere som ein ekstern leverandør av relevante data om betaling av eigendelar knytte til pasienttransport.

6.2.5.2 Elektronisk utsending av fastlegelister

Arbeids- og velferdsdirektoratet har utarbeidd ein løysingsplan for elektronisk utsending av fastlegelister. I dag blir listene sende per diskett eller papir i vanleg post og er først framme etter om lag 14 dagar. I mellomtida kan listestatusen vere endra. I ny løysing vil fastlegelistene til legane bli oppdaterte mykje raskare, eventuelt kontinuerleg.

6.2.5.3 Elektronisk frikortløysing

Arbeids- og velferdsdirektoratet arbeider med å utvikle ei elektronisk frikortløysing. Det blir årleg utferda meir enn 1 million frikort, og ca. 180 årsverk går med til frikortrelaterte oppgåver. I tillegg kjem ei tilsvarande mengd årsverk som er knytt til pasienttransport, der ein stor del av arbeidet er knytt til refusjon av eigendelar etter oppnådd frikort. Ei elektronisk frikortløysing vil gi eit stort gevinstrealiseringspotensial både for Arbeids- og velferdsetaten og brukarane, ved at ein gradvis større del frikort kan skrivast ut automatisk utan at brukaren treng ta vare på kvitteringar eller møte opp på NAV-kontoret lokalt.

6.3 Høyringsinstansane sitt syn

6.3.1 Hovudinntrykket frå høyringsinstansane

Alle høyringsinstansane er i utgangspunktet positive til meir elektronisk kommunikasjon mellom ulike aktørar i helsetenesta. Det er som nemnt ovanfor vurdert som eit positivt og nødvendig middel for å sikre kvalitet og effektivitet i helsetenesta, og ein går ut frå at det gir ein stor rasjonaliseringsgevinst for alle partar.

Det knyter seg flest kritiske merknader til forslaget om å ta i bruk rettsleg regulering som verkemiddel, til innhaldet i Norsk Helsenett og til finansieringa frå det offentlege.

Generelle positive merknader til forslaget

Arbeids- og velferdsdirektoratet sluttar seg til forslaget om regulering av krav til elektronisk kommunikasjon mellom legar og etaten. Investeringane staten har gjort i IT-løysingar og infrastruktur, bør etter direktoratets meining resultere i bruk av løysingane.

Helse Midt-Norge RHF stør fullt opp om intensjonane i forslaget. Ei gjennomføring av eit slikt krav vil vere med på å auke tempoet i elektronisk samhandling mellom legekontor og helseføretak, og det er sterkt ønskjeleg.

Helse Sør-Øst RHF stiller seg positive til forslaget. Vidare utvikling i bruk av Norsk Helsenett vil vere fundamentalt for den vidare utviklinga av samhandling med IKT som verkemiddel i heile helsesektoren. Dei initiativa som no blir tekne, må byggje vidare på dei samhandlingsarenaene og planane som alt er sette i verk, slik at summen av ressursar og kompetanse kan utnyttast best mogleg.

Om rettsleg regulering som verkemiddel

Fleire av høyringsinstansane er av den oppfatninga at bruk av rettslege verkemiddel ikkje er eit akseptabelt alternativ til systematisk utviklings- og kompetansehevande arbeid. Det blir framheva at det må utviklast tilfredsstillande standardar og løysingar for å få til eit elektronisk samarbeid av nemnande omfang.

Legeforeningen stiller seg svært kritisk til at styresmaktene no går inn for å bruke regulatoriske verkemiddel for å oppnå ei utvikling ein alt har inngått eit samarbeid om. Legeforeningen fryktar at forslaget vil skade samarbeidsrelasjonen mellom legar og styresmakter/statlege einingar. Den ønskjelege utviklinga kunne, slik Legeforeningen vurderer det, ha vore nådd med heilt andre verkemiddel, og då med større sjanse for positivt samarbeid og konstruktive bidrag frå begge sider.

Den norske tannlegeforening uttrykkjer skepsis mot å innføre lovpålagde krav av denne karakter utan at det offentlege går inn med midlar til nødvendig utbygging av infrastruktur.

Trondheim kommune vurderer at det eksisterande forslaget legg altfor stor vekt på negative verkemiddel («tvang i form av lov/forskrift») utan at positive verkemiddel blir drøfta.

Om innhaldet i Norsk Helsenett

Fleire av høyringsinstansane meiner det er ein føresetnad for bruk av elektroniske kommunikasjonsløysingar at det ligg føre eit forsvarleg omfang av brukarvennlege tenester i helsenettet. Inntrykket er at det har vore lagt for lite vekt på utvikling av tenestene i helsenettet, og at mangel på høvelege tenester er ei viktig forklaring på at resultata ikkje er i samsvar med målsetjingane. Eksempel på dette er manglande elektroniske epikrisar frå helseføretaka.

Legeforeningen uttaler at det er ein monaleg mangel på leveranse av meldingar og tenester i helsenettet.

Legemiddelverket meiner at det for kunden først vil bli interessant å betale når det finst eit visst minimum av interessante og nødvendige tenester som er tilgjengelege via Norsk Helsenett. Ein må fokusere sterkt på å finne nyttig og nødvendig innhald til helsenettet.

IKT-samarbeidet i tannhelsetenesta meiner det er ein føresetnad for at elektroniske kommunikasjonsløysingar skal takast i bruk, at det finst eit tilfredsstillande omfang av brukarvennlege tenester. Inntrykket deira er at det har vore lagt for lite vekt på utvikling av tenester, og at mangel på høvelege tenester er ei viktig forklaring på at resultata ikkje er i samsvar med målsetjingane.

Norsk fysioterapeutforbund meiner det er påfallande at departementet vel å gi legane påbod om tilkopling, med dei kostnadene dette medfører, til eit system som ikkje verkar tilfredsstillande.

Kristiansand kommune uttaler at Norsk Helsenett framleis verkar uferdig. Oppkopling har til no bydd på til dels store praktiske og tekniske problem. Dagens trafikk av informasjon på helsenettet er svært mykje lågare enn dei tekniske løysingane opnar for, dette har si årsak i liten aktivitet hos alle dei tilkopla. Det er derfor grenser for kva legane kan få ut av ei tilkopling.

Om finansieringa frå det offentlege

Det er eit vanleg syn hos høyringsinstansane at det berre er Arbeids- og velferdsetaten som har særleg nytte av elektronisk innsending av dei aktuelle meldingane. På denne bakgrunnen er det etter fleire av høyringsinstansane naturleg at det offentlege ber kostnadene som knyter seg til oppkopling mot Norsk Helsenett, innkjøp av PKI-løysing og etterfølgjande driftsutgifter. Fleire av høyringsinstansane har peikt på at det er urimeleg at legane sjølve må dekkje desse utgiftene.

Etter Legeforeningens syn ville det ha vore naturleg at partane vart samde om korleis eit krav til oppkopling økonomisk skulle dekkjast inn. Legar med refusjonsavtale arbeider i eit bunde prissystem, og staten har så langt ikkje vilja gi kostnadsdekning for oppkopling til Norsk Helsenett gjennom normaltarifforhandlingane. Det går ikkje fram av høyringsnotatet kva kostnader Arbeids- og velferdsetaten vil bli pålagd å dekkje. Legeforeningen finn det også uakseptabelt at næringsdrivande legar skal bere den økonomiske kostnaden ved oppkopling til helsenettet for å bøte på eit effektiviseringsbehov i Arbeids- og velferdsetaten.

Den norske tannlegeforening seier at NAV eller annan offentleg etat må medverke til finansieringa når dei etablerer slike løysingar, ettersom ordninga slik ho blir presentert, er mest til nytte for offentlege styresmakter og lite til nytte for tannlegar.

Norsk manuellterapeutforening meiner det først og fremst er Arbeids- og velferdsetaten som har særleg nytte av elektronisk innsending. På denne bakgrunnen er det naturleg at det offentlege tek på seg kostnadene med elektronisk innsending. Dette kan anten skje ved at staten ber kostnadene direkte, eller ved at det blir ytt ein kompensasjon som dekkjer utgiftene til alle behandlarane.

Kristiansand kommune er forundra over eit forslag der legane einsidig blir tvinga til å bere dei økonomiske konsekvensane av statens ønske om ei meir effektiv utnytting av ressursane i Arbeids- og velferdsetaten, inkludert betre kontroll av refusjonsrekningane frå legane.

Om brukarstøtte

Somme høyringsinstansar uttaler at dei opplever det som eit problem at brukarstøtta er for dårleg når legane kjem opp i situasjonar der systema ikkje fungerer fullgodt.

Legeforeningen uttaler at Arbeids- og velferdsetaten ikkje har teke stort nok ansvar for å medverke til tilfredsstillande kvalitet på kommunikasjonen og dei nødvendige rammevilkåra. Som illustrasjon nemner dei at det i dag ikkje finst nokon lenkjer til brukarstøtta eller informasjon om elektroniske løysingar på heimesidene til Arbeids- og velferdsetaten. Allmennlegeprogramleverandørane informerer om at programleverandørane i stor grad har pålegg frå Arbeids- og velferdsetaten om å hjelpe til med support og tilrettelegging for kvart legekontor, men det finst ingen avtale mellom partane om at slik service skal gjerast av EPJ-leverandørane.

Helse Bergen HF uttaler at ein må sikrast kundestøtte når det gjeld rett bruk av helsenettet.

Kristiansand kommune meiner at Norsk Helsenett må ha tilgang til og kunne tilby legekontoret all nødvendig fagleg support ved etablering, oppdatering og drift av tilkoplinga. Det har i ikkje liten grad vore mangel på tilgang til personell med nødvendig IKT-kompetanse, og dette har skapt vanskar både når det gjeld å kople seg opp mot helsenettet, og når det gjeld nødvendig brukarstøtte for legekontora.

Om elektronisk tovegskommunikasjon

Fleire av høyringsinstansane er av den meininga at NAV ikkje i tilstrekkeleg grad kommuniserer elektronisk tilbake til helsetenesta.

Legeforeningen uttaler at stort sett all kommunikasjon frå NAV skjer i form av brev på papir tilbake til legen. Bruken av elektronisk kommunikasjon står slik sett fram som einvegs.

Etter NAV s oppfatning er det viktig å streke under at den omfattande meldingsutvekslinga mellom legar og NAV som kjem til å skje dei næraste åra, set store krav til drift og forvaltning i NAV. NAV meiner at ei rettsleg plikt til å sende over elektroniske meldingar også er eit tydeleg signal til NAV om prioritering av effektive løysingar for alle aktørar, stabil drift og god samhandling med legane. NAV vil prioritere utviklinga av løysingar som gir ytterlegare gevinstar for legane og NAV, for eksempel elektronisk oversending av fastlegelister og meir omfattande løysingar på sjukmeldingsområdet. Når det gjeld drift og samhandling, ønskjer NAV fokus på systematiske tilbakemeldingar, i tillegg til å etablere arenaer for innspel og dialog rundt eksisterande løysingar og å utvikle nye løysingar.

Norsk Fysioterapeutforbund finn det underleg at høyringsnotatet i svært liten grad kjem inn på og problematiserer den manglande tovegskommunikasjonen og informasjonsutvekslinga som pregar situasjonen i dag. For å kunne lykkast med innføringa av Norsk Helsenett er det ein føresetnad at alle partar opplever helsenettet som eit nyttig verktøy – ikkje berre NAV.

KITH meiner at NAV bør arbeide for å leggje opp til prosessunderstøttande løysingar slik at avsendaren oppnår reell kvalitetsforbetring med forenkling av rutinar og hjelp og rettleiing til utfylling. NAV bør vidare finne si samarbeidsform med allmennlegane og sjukehusa i eit koordinert løp.

Om dispensasjonsordninga

Det er delte meiningar hos høyringsinstansane når det gjeld forslaget om ei dispensasjonsordning som har til formål å motverke eventuelle urimelege konsekvensar av pålegget for somme aktørar.

Legeforeningen uttaler at trass i omfanget av forslaget (alle legar med norsk autorisasjon) blir det tilrådd ei dispensasjonsordning som ikkje bør vere omfattande, og som heller ikkje skal vere permanent. Legeforeningen går på si side ut frå at det kan bli behov for mange dispensasjonar. Dei viser mellom anna til at fleire legar som i prinsippet kjem inn under pålegget, berre har eit sporadisk behov for å sende inn meldingar til NAV. Det uroar Legeforeningen at ein legg opp til at NAV skal handtere både dispensasjonssøknader og klagemåla på desse søknadene.

Helse Bergen HF er prinsipielt skeptisk til at NAV sjølv skal vurdere dispensasjon frå kravet om elektronisk kommunikasjon.

Lier kommune meiner at dispensasjonsordninga bør vere snever. Gjennom ein snever rett til dispensasjon unngår NAV eit tospora system der kontora bruker mykje tid og ressursar på å samordne det elektroniske og det manuelle systemet.

Selbu kommune meiner at ein bør unngå ei dispensasjonsordning. Kommunen ser ingen rasjonelle årsaker til utsetjing eller dispensasjon med alt som er på plass per i dag.

Om sanksjonar ved ikkje-bruk av dei elektroniske løysingane

Fleire av høyringsinstansane er negative til forslaget om sanksjonar for legar som ikkje innrettar seg etter kravet om elektronisk kommunikasjon. Det går fram av høyringsnotatet at legar som lèt vere å innrette seg etter kravet, ikkje vil kunne skrive ut sjukmeldingar og legeattestar som gir rett til utbetalingar frå folketrygda, og heller ikkje vil få utbetalt refusjon på grunnlag av innsendt oppgjer.

Legeforeningen meiner det er viktig å unngå at folk flest og pasienten taper rettar på grunn av den nye ordninga.

NAV uttaler at konsekvensen av at legar ikkje vil innrette seg etter kravet om elektronisk innsending, er at dei ikkje får refusjon med mindre det er gitt dispensasjon. Dette bør etter NAVs oppfatning gå fram i forskriftsform, slik at det blir tydeleg kva som er følgjene av at legar ikkje innrettar seg etter kravet, samstundes som poenget med å bruke NAVs elektroniske løysingar blir klart for legane.

KITH meiner det er feil å overføre kostnader og meirarbeid til pasienten.

Kristiansand kommune seier at forslaget om tap av rett til å skrive sjukmelding og legeattest er eit lite høveleg verkemiddel for å presse legane. Derimot kan det føre til atskillege ulemper for legepasientane og vere ein risiko for rettsvernet knytt til ytingar frå NAV.

Om tidspunktet 1. januar 2009 då lova skal ta til å gjelde/føresetnader som må vere på plass før eit krav om elektronisk kommunikasjon blir sett i verk

Fleire høyringsinstansar er av den meininga at det lanserte tidspunktet då lova skal ta til å gjelde, 1. januar 2009, er lite realistisk dersom Norsk Helsenett med eit utvida tilbod av tenester skal vere på plass innan dette tidspunktet.

Legeforeningen uttaler at det ikkje er teke noko atterhald når det gjeld funksjonaliteten til helsenettet på dette tidspunktet. Legane risikerer dermed å investere heller store summar i eit system som kanskje ikkje eller berre delvis verkar, med det formålet å spare statlege einingar for utgifter.

Fylkesmannen i Oppland meiner at tidspunktet kan verke ambisiøst ettersom det står att mykje for å få utvikla Norsk Helsenett til å bli det hjelpeverktøyet det var tenkt å vere.

Sosial- og helsedirektoratet meiner at desse føresetnadene bør vere på plass før eit rettsleg krav om elektronisk kommunikasjon blir innført:

  • Betre tenester frå Arbeids- og velferdsetaten

  • Tryggleik for at løysingane fungerer stabilt med god nok kvalitet

  • Helseføretaka må ta i bruk Norsk Helsenett for elektronisk samhandling med legane

  • Oppdatert kunnskap om nytte-kostnad-biletet

6.3.2 Kommentarar til dei viktigaste innvendingane frå høyringsinstansane

Departementet vil her kommentere dei merknadene som har vore mest framme, og som er omtalte under punkt 6.3.1.

6.3.2.1 Om rettsleg regulering som verkemiddel

Dersom elektroniske løysingar skal vere kostnadseffektive, og investeringskostnadene for elektronisk kommunikasjon skal reduserast, er det ein føresetnad at alle aktuelle aktørar bruker løysingane. Framstillinga framanfor viser at utviklinga går for seint. Ei@-løysinga vart som tidlegare nemnt etablert i 2003. Det er likevel få sjukmeldingar og legeattestar som blir sende via denne løysinga til Arbeids- og velferdsetaten.

Bruk av rettslege verkemiddel for å få legar til å ta i bruk dei elektroniske løysingane vil etter departementets vurdering vere avgjerande for å effektivisere Arbeids- og velferdsetatens område og for å frigjere ressursar til mellom anna oppfølging av sjukmelde og til betre kontroll av behandlarar. Departementet reknar det som ei lite gagnleg utnytting av offentlege ressursar at Arbeids- og velferdsetaten skal administrere to system – eitt manuelt og eitt elektronisk – særleg når ein tek omsyn til at dei elektroniske systema er etablerte og i drift. Mest to tredelar av fastlegekontora er per i dag knytte til Norsk Helsenett. Per i dag blir likevel berre om lag 8 prosent av legeoppgjera sende elektronisk via KUHR. Slik departementet ser det, er det grunn til å tru at elektronisk kommunikasjon med Arbeids- og velferdsetaten ved innsending av sjukmeldingar, legeattestar og direkte oppgjer (legerekningar) frå alle legar, ikkje blir ein realitet før det blir stilt rettsleg krav om denne typen kommunikasjon.

6.3.2.2 Om innhaldet i Norsk Helsenett

Helse- og omsorgsdepartementet vil medverke til betre tilrettelegging for elektronisk samhandling mellom sektorar og aktørar. I Nasjonal helseplan (2007–2010) går det fram at innhaldet i Norsk Helsenett i planperioden skal utviklast og aukast, sjå St.prp. nr. 1 (2006–2007) s. 295 flg. Vidare går det fram at departementet overfor helseføretaka vil stille krav om at dei skal leggje til rette for elektroniske tenester og forsere utfasing av gammal teknologi og EPJ-system som ikkje fyller dagens behov.

Helse- og omsorgsdepartementet har lansert eit «Nasjonalt meldingslyft» som eit hovudinnsatsområde under ny Samspelsstrategi og planlegg ei tettare oppfølging av omfang og kvalitet i meldingsutveksling mellom allmennlegar, helseføretak og kommunale helse- og omsorgstenester. Det er, som nemnt av fleire høyringsinstansar, viktig at legekontora får høve til å kommunisere elektronisk med helseføretak over Norsk Helsenett. Gjennom fleire planperiodar har det vore eit mål at epikrisar og tilvisingar skal sendast elektronisk mellom helseføretak og legekontor. I dag er situasjonen at 35 av 39 helseføretak kan sende elektroniske epikrisar. Likevel blir berre ca. 50 prosent av epikrisane sende elektronisk, og mange av dei går samstundes i papirversjon. Berre 11 helseføretak kan ta imot elektronisk tilvising. Lærdommane er at meldingssystema og adresserutinane ikkje fungerer godt nok frå sendar til mottakar, meldingar kan ta lang tid, og det skjer feilsendingar. Det er derfor omfattande bruk av papirsendingar parallelt med elektroniske sendingar. Tidlegare Sosial- og helsedirektoratet har i desember 2007 fått gjennomført ei kartlegging av årsakene til forseinkingar i meldingsgangen. Kartlegginga konkluderer med at det er behov for forbetringar og sterkare standardisering av oppsettet av kommunikasjonsløysingar hos dei aktuelle aktørane. Dette vil bli følgt opp under satsinga på eit «Nasjonalt meldingslyft» i ny Samspelsstrategi.

Arbeids- og velferdsetaten skal bruke Norsk Helsenett og teknologien deira i tilknyting til å utvikle nye tenester innanfor helseområdet. Arbeids- og velferdsetaten er av den oppfatninga at tilbodet frå Norsk Helsenett om m.a. heimekontor vil medverke til større omfang av og tilvenjing til bruk av PKI. Tilbodet om heimekontorløysing er ei ny teneste i Norsk Helsenett, som saman med gunstige avtalar for bruk av betalingsterminalar vil gi større nytte for legekontora.

Etter departementets vurdering vil også innføringa av eResept-løysinga føre til at fleire legar ser nytteverdien i å kople seg opp til Norsk Helsenett og ta i bruk PKI. Målet er å oppnå 80 prosent dekning av elektroniske reseptar innan utgangen av 2011.

Under punkt 4.1.1 ovanfor går det fram at oppkoplinga til Norsk Helsenett er aukande. Departementet viser til at det går føre seg ei stadig utvikling av nye tenester i Norsk Helsenett. Dess fleire aktørar som er knytte til helsenettet, dess betre vilkår vil det vere for betre tilrettelegging av fleire tenester i nettet. Nytteverdien vil altså auke proporsjonalt med talet på brukarar som kan dra nytte av vilkåra.

6.3.2.3 Om offentleg finansiering

Ei partssamansett arbeidsgruppe med representantar frå departementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Finansdepartementet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Sosial- og helsedirektoratet, RHF-ane, Legeforeningen og KS har i rapport av 31. mars 2008 gjort greie for kostnader og gevinstar for legar ved oppkopling til Norsk Helsenett. Konklusjonen i rapporten viser at overgangsperioden har vore prega av mange problem, og at gevinstane og forventningane som vart førespegla ved oppkopling til helsenettet, enno ikkje er innfridde fullt ut. Det går vidare fram at det trengst betre koordinering slik at endringar og oppdateringar blir samordna med alle dei aktuelle aktørane. Til sist blir det konkludert med at styresmaktene på bakgrunn av rapporten vil vurdere tilskotsordningar, men at rapporten ikkje gir grunnlag for å utløyse driftsmidlar i normaltarifforhandlingane til same formålet.

6.3.2.4 Om brukarstøtte

Arbeids- og velferdsetaten har i 2007 teke initiativ til å etablere ei koordineringsgruppe som omfattar EPJ-leverandørar, Norsk Helsenett, PKI-leverandør (Buypass), representant frå Legeforeningen og deltakarar frå Arbeids- og velferdsetaten, for å sjå på moglege forbetringar innanfor brukarstøtta. Det mellombels resultatet av drøftingane i gruppa er at EPJ-leverandørane skal vere første kontaktpunkt for legane når systema ikkje fungerer tilfredsstillande. EPJ-leverandørane skal vidare ha faste kontaktpersonar i Norsk Helsenett og i Arbeids- og velferdsetaten. Representantane i koordineringsgruppa har òg vorte samde om at det bør leggjast ut likelydande informasjon på heimesidene til dei aktuelle aktørane som forklarer korleis brukarstøtta er lagd opp, og kven ein skal kontakte når det blir problem med funksjonaliteten.

Departementet er av den oppfatninga at ovannemnde tiltak for å sikre brukarstøtte vil føre til ein meir fornuftig tidsbruk for legane og ein lågare terskel for å ta løysingane i bruk.

6.3.2.5 Om elektronisk tovegskommunikasjon

I desember 2007 vart den maskinelle kontrollen av sjukmeldingar i Ei@-løysinga forbetra. Det gjer at legane straks får melding om eventuelle manglar ved utfyllinga av sjukmeldingar.

Legar har fått elektronisk tilbakemelding om eventuelle feil og manglar i dei oppgjerskrava (legerekningane) som blir sende elektronisk til Arbeids- og velferdsetaten via KUHR, sidan løysinga vart innført i 2005. I tillegg er e-postutsending av utbetalingsvedtak om refusjon eit tilbod til alle legar som har e-postadresse. Denne løysinga har vore i produksjon i over eitt år. Same løysinga er dermed også tilgjengeleg for legar som ikkje er kopla opp til Norsk Helsenett. Per i dag har ca. 25 prosent av dei aktuelle legane takka ja til dette tilbodet. Som oftast inneheld tilbakemeldingar frå Arbeids- og velferdsetaten til legar sensitiv informasjon. Det er derfor ikkje mogleg å bruke standard e-post på slike tilbakemeldingar. Løysinga i desse høva er å bruke ein sikker infrastruktur med PKI for elektronisk distribusjon. Utbetalingsvedtaka som er nemnde ovanfor, er derimot vurderte til å ikkje innehalde sensitiv informasjon.

Elektroniske fastlegelister, dvs. innbyggjarlister for fastlegane, er under utvikling og er planlagt leverte første halvår 2008. Legane vil då få elektroniske meldingar éin gong i månaden med oppdatert oversyn over innbyggjarar på lista si, som blir lesen inn i EPJ-programmet direkte. I dag blir filene sende per diskett og må lesast inn manuelt av legane sjølve. Før tenesta kan takast i bruk, må legane sende førespurnad til journalsystemet sitt om å få tilsendt eiga fastlegeliste.

Parallelt med utviklinga av ei løysing for elektronisk distribusjon av fastlegelister, utviklar Arbeids- og velferdsetaten også ei løysing for helsepersonell til å identifisere fastlegen til ein pasient gjennom sin eigen elektroniske pasientjournal. I dag skjer dette gjennom ei eiga påloggingsløysing på web som mange brukarar oppfattar som lite praktisk. Gjennom pasientjournalsystemet vil helsepersonellet kunne sende fødselsnummeret til pasienten. Dersom pasienten ikkje har reservert seg mot løysinga, vil Arbeids- og velferdsetaten sende informasjon elektronisk om fastlegen til pasienten, slik at helsepersonell kan hente inn epikrisar frå fastlegen eller sende informasjon om behandling, eller utskriving av reseptar. Tenesta er planlagt levert første halvår 2008.

På sikt vil Arbeids- og velferdsetaten prøve å tilby fastlegane elektronisk melding om opning og lukking av fastlegelista. Det er per i dag ikkje avklart når denne tenesta kan vere klar.

Arbeids- og velferdsetaten arbeider med å utvikle ei elektronisk frikortløysing med høve til å kontrollere frikortstatusen til brukaren. Den tekniske løysinga er venta å vere klar for produksjonssetjing i 2009.

Av det ovannemnde går det fram at Arbeids- og velferdsetaten vil arbeide vidare for å betre kvaliteten på sine tenester, slik at arbeidsprosessane til legane blir meir effektive, og meir tid kan frigjerast til direkte pasientkontakt og behandling.

6.3.2.6 Om dispensasjonsordninga

Jamvel om eit pålegg om elektronisk innsending av sjukmeldingar, legeattestar og direkte oppgjer (legerekningar) først er tilrådd innført når fleire føresetnader for god elektronisk kommunikasjon er på plass, kan det likevel tenkjast at eit slikt pålegg vil vere urimeleg å krevje overfor somme aktørar. Dette vil for eksempel kunne gjelde overfor legar som kjem inn under overgangsordninga i forskrift 18. juni 1998 nr. 590 §§ 2 flg. For å motverke slike eventuelle urimelege konsekvensar tek departementet sikte på at det i forskrift blir fastsett ei dispensasjonsordning som Arbeids- og velferdsetaten forvaltar.

Kva for legar som skal kome inn under ei slik dispensasjonsordning, har samanheng med fleire faktorar – for eksempel når kravet om elektronisk innsending blir innført, kor godt det er tilrettelagt for elektronisk kommunikasjon for vedkomande, at vedkomande ikkje har tilgang til sitt ordinære elektroniske pasientsystem, særlege arbeidstilhøve osv. Det vil derfor vere behov for at ei slik dispensasjonsordning i forskrift blir halden mest mogleg open, og at detaljane heller blir regulerte i form av rundskriv.

Tilsvarande moment verkar inn på kor lenge dispensasjonsordninga bør gjelde. Ordninga bør etter departementets vurdering etablerast som ei overgangsordning.

Avgjerda om ein skal gi dispensasjon eller ikkje, vil vere enkeltvedtak som det kan klagast over til næraste overordna organ, jf. forvaltningslova §§ 28 flg., jf. § 2. Departementet vil prøve å unngå at departementet eller Arbeids- og velferdsdirektoratet blir gjorde til klageorgan. Dette kan løysast ved at ein legg handsaminga av klagemåla over slike vedtak til spesialeiningar i Arbeids- og velferdsetaten.

6.3.2.7 Om sanksjonar ved ikkje-bruk av dei e­lektroniske løysingane

Krav om elektronisk innsending av sjukmeldingar, legeattestar og direkte oppgjer (legerekningar) fører rettsleg sett til at det blir stilt visse formkrav til innsending av slike meldingar. Konsekvensen ved ikkje-bruk av dei elektroniske løysingane, dvs. dei fastsette formkrava i etaten, er at Arbeids- og velferdsetaten ikkje utbetaler refusjon på grunnlag av sjukmeldingar, legeattestar og direkte oppgjer som blir sende inn på annan måte, for eksempel på diskett, munnleg eller på papirblankett frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Dette vil sjølvsagt ikkje gjelde dersom Arbeids- og velferdsetaten har gitt dispensasjon frå kravet om elektronisk innsending.

Departementet har på dette punktet endra forslaget som kom til uttrykk i høyringsnotatet. Det har samanheng med at pasienten i for stor grad ville bli skadelidande dersom forslaget vart ståande. Noverande forslag om sanksjonar vil berre ramme dei legane som ikkje gjer bruk av dei elektroniske løysingane til Arbeids- og velferdsetaten i form av at dei ikkje får refusjon knytte til dei aktuelle meldingane.

6.4 Departementets vurderingar

Det er Regjeringas mål at informasjonsutveksling i helse- og omsorgssektoren skal skje elektronisk, jf. eNoreg 2009 og St.meld. nr. 17 for 2006-2007 Eit informasjonssamfunn for alle. Samspill versjon 2.0 gir retning og samordning i IKT-utviklinga i sektoren. Ei samordna satsing på IKT er vurdert som det mest verksame tiltaket for betre kvalitet og effektivitet i helse- og omsorgssektoren. St.meld. nr. 17 for 2006-2007 har klare målsetjingar om ein samordna og brukartilpassa offentleg sektor.

Arbeids- og velferdsetaten har gjort store investeringar i utviklinga av Ei@-løysinga og KUHR. Det er avgjerande for kostnadseffektiviteten og gevinstrealiseringa til løysingane at mellom anna legar tek dei i bruk. Dagens parallelle forvaltning av papirordningar og elektroniske løysingar er kompliserande og skaper unødige administrative kostnader for Arbeids- og velferdsetaten. Ei viktig målsetjing for Arbeids- og velferdsetaten er å frigjere ressursar for å styrkje velferdstilbodet gjennom bruk av elektroniske løysingar. Manglande legebruk av dei elektroniske løysingane til Arbeids- og velferdsetaten fører til at etaten må bruke ressursar på manuelt arbeid som elles kunne ha vore frigjort til andre oppgåver, for eksempel oppfølging av sjukmelde og betre kontroll av behandlarar.

I tillegg til Arbeids- og velferdsetatens investeringar har Helse- og omsorgsdepartementet løyvd store summar til investeringar og drift av Norsk Helsenett og til at legar skal kunne kople seg opp til helsenettet. Så langt har dette ikkje ført til ønskjeleg effektivitet eller innsparing av kostnader. Det er svært viktig at det blir utvikla tenester som grunngir investeringane i infrastruktur og oppkopling til denne strukturen. Departementet vil presisere at det ikkje er Norsk Helsenett som har ansvaret for kva slags tenester som blir tilbydde i nettet. Dei ulike aktørane må sjølve utvikle aktuelle tenester. Dei regionale helseføretaka har eit ansvar for å medverke til dette saman med Arbeids- og velferdsetaten.

Norsk Helsenett gjorde ein rammeavtale med Legeforeningen 24. januar 2007. Avtalen omfattar både fastlegar og avtalespesialistar. Legeforeningen seier i den samanhengen at dei har ei klar målsetjing om å samarbeide for auka elektronisk samhandling mellom aktørar i helse- og omsorgssektoren, og at tilknyting til og bruk av helsenettet er ein viktig føresetnad for at dette målet skal kunne nåast.

Departementet vil presisere at dette lovforslaget ikkje er eit påbod til legar om å kople seg opp til Norsk Helsenett for å ta i bruk dei elektroniske løysingane til Arbeids- og velferdsetaten. Det blir akseptert at legar også nyttar andre kommunikasjonsløysingar, såframt krava til tryggingstiltak er like godt stetta (m.a. kryptering og digital signatur), og såframt filformatet som er fastsett av Arbeids- og velferdsetaten, blir brukt. Det er likevel grunn til å nemne at S@mspel 2007, ny Samspelsstrategi 2.0, andre nasjonale planar for IKT-utviklinga i helse- og omsorgssektoren og ovannemnde rammeavtale med Legeforeningen legg opp til bruk av Norsk Helsenett som infrastruktur for elektronisk kommunikasjon i helse- og omsorgssektoren. Departementet ser det som ein føresetnad for at helse- og omsorgssektoren skal kunne kommunisere elektronisk på ein forsvarleg måte, at alle aktørar bruker standardiserte løysingar over ein robust infrastruktur – som Norsk Helsenett.

Dersom elektronisk innsending av sjukmeldingar, legeattestar og direkte oppgjer (legerekningar) ikkje lykkast, vil det etter Regjeringas oppfatning vere eit tilbakesteg når det gjeld IKT-satsinga i helse- og omsorgssektoren. eResept, elektroniske rekvisisjonar for pasienttransport, elektronisk utsending av fastlegelister, elektronisk frikortløysing og andre framtidige løysingar for elektronisk kommunikasjon av sensitive personopplysningar med og mellom legar, er avhengig av at legar har investert i den same infrastrukturen som ved bruk av Ei@-løysinga og KUHR. Manglande infrastruktur vil derfor også hindre målrealisering og vere ein alvorleg risikofaktor ved utvikling av nye elektroniske løysingar. Dette må etter departementets vurdering sjåast i samanheng med dei føringane Stortinget har gitt i samband med Helserefusjonsprosjektet, der det er vedteke at forvaltningsansvaret for helserefusjonar skal flyttast ut av Arbeids- og velferdsetaten seinast innan 2010 og organiserast som ein del av helseforvaltninga. Stortinget viser til utviklinga av IKT-løysingar som sentralt verkemiddel for å oppnå forenklingar i refusjonsutbetalingar både for individuelle brukarar/behandlarar og for forvaltninga. Eit eksempel her er utviklinga av ei elektronisk frikortløysing, sjå framanfor under punkt 4.4.3. Dersom aktuelle aktørar ikkje investerer i den same infrastrukturen som er nødvendig for bruk av elektroniske løysingar som alt er etablerte i Arbeids- og velferdsetaten, vil dette kunne hindre utviklinga av ei slik elektronisk løysing.

Legar som tek del i eit offentleg finansieringssystem – her ei refusjonsordning som for mange utgjer ein viktig del av inntektsgrunnlaget – må etter departementets oppfatning akseptere å bli pålagde ei administrativ plikt som har stor effektiviseringsgevinst for det offentlege. Det er ei kjensgjerning at kravet om elektronisk kommunikasjon i første omgang vil gi størst effektiviseringsgevinst for Arbeids- og velferdsetaten, ettersom dei elektroniske løysingane til etaten alt er etablerte. På sikt vil det også vere effektiviseringsgevinst for legane, jf. det som er nemnt ovanfor under punkt 6.2 om fleire brukarvennlege tenester i Norsk Helsenett.

Det er departementets vurdering at fleire føresetnader må vere på plass før eit rettsleg krav om elektronisk kommunikasjon mellom legar og Arbeids- og velferdsetaten kan setjast i verk. Departementet har gjort greie for desse føresetnadene under punkt 6. Etter departementets oppfatning er det realistisk å gå ut frå at det framleis tek litt tid før tenestetilbodet til Norsk Helsenett med eit breitt spekter av tenester er på plass. Det same gjeld etableringa av ein tilfredsstillande elektronisk tovegskommunikasjon med Arbeids- og velferdsetaten. Det går heile tida føre seg ei utvikling innanfor desse områda, og formålstenlege løysingar og tenester er under stadig vurdering og iverksetjing. På bakgrunn av dei tidkrevjande prosessane som nye løysingar og tenester representerer, er departementet av den oppfatninga at det på noverande tidspunkt berre er behov for å leggje til rette lov- og forskriftsverket, for at slike verkemiddel kan setjast i verk på eit seinare tidspunkt. Varsel om at rettsleg krav om elektronisk kommunikasjon vil kome innan eit nærare gitt tidspunkt, kan verke stimulerande og disiplinerande på aktiviteten i dag. Truleg vil fleire aktørar innsjå at elektroniske løysingar representerer ei framtid som ein ikkje kan definere seg bort frå, og som ein dermed ser seg tent med å medverke konstruktivt til, slik at løysingane blir best mogleg samla sett for heile sektoren.

Gjeldande lovforslag opnar for at også andre helsepersonellgrupper som kan utferde sjukmelding eller attest, eller som har direkte oppgjer med Arbeids- og velferdsetaten, kan kome inn under pålegget om elektronisk kommunikasjon. Som nemnt i innleiinga vil departementet på sikt vurdere same typen verkemiddel overfor desse gruppene.

Til forsida