1 Samandrag og bakgrunn
Fiskeri- og kystdepartementet foreslår to endringar i akvakulturloven som kvar på sin måte kan bidra til å møte framtidige behov knytt til havbruk. Begge forslaga heng saman med omsynet til miljø og arealdisponering. Det er heimel til å
endre prosedyrane for saksbehandlinga ved tildeling av løyve til oppdrett
pålegge flytting av oppdrettsanlegg ut frå overordna samfunns- og næringsomsyn.
Løyve til anna oppdrett enn laks, aure og regnbogeaure blir i dag tildelt utan at talet på løyve er avgrensa. Loven legg i dag opp til at styresmaktene har ei plikt til å behandle søknader løpande. Dette kan føre til at bruken av areal ikkje er optimal, og kan ha negative nærings- og miljøkonsekvensar. Det inneber og ei belastning på havbruksforvaltninga som ikkje står i forhold til nytten for næringa.
Loven gir i dag ikkje høvelege reiskapar til å pålegge flytting av oppdrettsanlegg sjølv om overordna samfunns- og næringsomsyn tilseier at det er nødvendig eller tenleg. Formålet med lovendringa er å kunne få til betre lokalitetsstrukturar. Dette kan gje meir rasjonell drift som tek betre vare på blant anna fiskehelse og miljø.