4 Sentrale tema i høyringa
Alminneleg høyring om forslaget til endringar i akvakulturloven blei avslutta 6. mars 2009. Nedanfor gjer vi greie for hovudtemaa i høyringsfråsegnene.
4.1 Rett til å endre prosedyrar for saksbehandlinga ved tildeling av løyve til oppdrett
I høyringsutkastet foreslår departementet at prosedyrane for saksbehandlinga ved tildeling av løyve til oppdrett kan endrast.
Dei fleste høyringsinstansane er positive til forslaget. Fornyings- og administrasjonsdepartementet uttalar at:
«Ut fra det som ellers er anført som begrunnelse for bestemmelsen, kan det være hensiktsmessig å gi klarere uttrykk for at den foreslåtte hjemmelen ikke er tilstrekkelig til å etablere en slik knapphet på tillatelser som i dag gjelder for laks og ørret.»
FHL støttar ikkje forslaget og uttalar at:
«Dersom myndighetene ønsker å innføre adgangsbegrensning ved tildeling av torskekonsesjoner, anbefales at en benytter samme tildelingsmodell som for laks og ørret; med antallsbestemte konsesjoner.»
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune støttar heller ikkje forslaget. Dei ønskjer å behalde regional styring med tildeling av løyve etter § 6, og at eventuelle endringar blir knytt opp mot at fylkeskommunane skal ivareta nærings- og distriktsomsyn ved tildeling av løyve.
Departementet vil presisere at formålet med føresegna ikkje er at det skal bli knapt med løyve ut i frå dei marknadsmessige og distriktspolitiske omsyna som ligg til grunn for § 7. Forslaget blir fremma av omsyn til miljøet medrekna viltlevande bestandar, arealdisponeringa og ein effektiv bruk av forvaltninga sine ressursar. Å regulere slike forhold ved å ta nye arter inn i § 7 ser ein dirfor ikkje no som tenleg. Dei enkelte søknadene om løyve vil bli behandla av den relevante tildelingsmyndigheit, men ut frå omsynet til miljø og arealdisponering kan det vere nødvendig for departementet å endre prosedyrar for tildeling av løyve i bestemte tidsperiodar eller geografiske område.
4.2 Rett til å pålegge flytting av oppdrettsanlegg av overordna samfunns- og næringsomsyn, medrekna omsynet til fiskehelse og miljø
I høyringsforslaget foreslår departementet å innføre heimel til å pålegge flytting av oppdrettsanlegg av overordna samfunns- og næringsomsyn. Omsynet til fiskehelse og miljø blir i høyringsbrevet trekt fram som relevante eksempel på forhold som kan gje grunnlag for pålegg om flytting.
Dei fleste høyringsinstansane er positive til departementet sitt forslag. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er blant desse, og uttaler at:
«Fylkesmannen er også positiv til at det vert innført heimel for å kunne restrukturere arealbruken i avgrensa område ved behov. Lokalitetar blir i dag i for stor grad vurdert ein og ein, utan å sjå på heilskapen i eit område.»
FHL og Mattilsynet meiner det alt er tilstrekkeleg heimel til å flytte havbruksanlegg. Vidare kommenterer dei at omsynet til fiskehelse blir ivareteke av matloven og ligg til Mattilsynet sin kompetanse.
Sogn og Fjordane fylkeskommune peiker på at:
«grunnlaget for å kunne pålegge flytting er forankra i nærings- og samfunnsmessige omsyn, og dette skal m.a. vere det fylkeskommunen skal uttale seg om.»
Dei meiner difor dette er ein naturleg del av oppgåver som vert handsama av fylkeskommunane etter den føreståande gjennomføringa av forvaltningsreforma frå 2010. Motsett støttar Fiskeridirektoratet, Kystverket og Statens forureiningstilsyn departementet i vurderinga om at føresegna er tett knytt til tilsyn og kontroll, og at kompetansen dermed bør liggje til Fiskeridirektoratet også etter 2010. Fiskeridirektoratet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet meiner føresegna er vidt formulert, og sistnemnde peiker på at det «åpner en også for at det under nærmere omstendigheter kan gis pålegg om flytting av hensyn til andre næringer eller offentlige formål.»
Departementet er delvis samd med FHL og Mattilsynet når det gjeld forholdet til matloven og Matilsynet sin kompetanse til å vurdere fiskehelse. Matloven regulerer omsynet til dyrehelse, medrekna fiskehelse, i havbruksverksemd. § 16 tredje ledd inneber ikkje ei endring av forholdet mellom matloven og akvakulturloven og forholdet mellom Mattilsynet og fiskerimyndigheitene slik det blir beskrive i Ot. prp. nr. 61 (2004-2005) Om lov om akvakultur (akvakulturloven). Men endring av løyve til havbruk, medrekna flytting av anlegg, blir regulert i akvakulturloven. Ved bruk av føresegna i § 16 tredje ledd bør likevel fagleg vurdering knytt til fiskehelse gjerast av Mattilsynet.
Departementet meiner det er formålstenleg med ei føresegn særskilt retta inn mot samfunns- og næringsmessige omsyn, og viser til at ei slik føresegn ikkje vart lagt fram for Stortinget gjennom Ot.prp. nr. 61 (2004-2005) Om lov om akvakultur (akvakulturloven). Den føreslegne føresegna gjer det mogleg å gi pålegg om flytting av anlegg på bakgrunn av ei samla vurdering av både miljø- og sjukdomsomsyn, sjølv om forholda ikkje enkeltvis er så alvorlege at sektorløyva kan trekkjast tilbake etter dei ulike sektorlovene. I ein slik prosess må dei ulike sektormyndigheitene drøfte situasjonen for å ha ei felles forståing av problemkomplekset. Lokalitetar det blir flytta til må klarerast, og etter sektorlovane. Det inneber at prosedyren for lokalitetsklarering som følgjer av akvakulturloven § 6 første ledd, jf. Ot.prp. nr. 61 (2004-2005) Om lov om akvakultur (akvakulturloven) kapittel 7.1 og 7.2, skal nyttast.
Fylkeskommunane får i samband med forvaltningsreforma overført mynde til å klarere lokalitetar, og vil difor vere sentral når nye lokalitetar skal klarerast som ei følgje av pålegg om flytting etter at reforma trer i kraft. Fylkeskommunane er regional planmyndigheit, og kan fastsetje regional planføresegn knytt til retningslinjer for arealbruk i regional plan som skal fremme meir overordna rammer for arealutnyttinga.
Det er kommunane som i si arealplanlegging set konkrete rammer for kor det skal vere mogleg å drive havbruksverksemd.
Pålegg om flytting er nært knytt til forhold som har å gjere med Fiskeridirektoratet sitt arbeid med tilsyn og kontroll. Departementet meiner difor det er mest føremålstenleg at oppgåva med å pålegge flytting blir lagd til Fiskeridirektoratet, og ikkje til fylkeskommunane, også etter at forvaltningsreforma trer i kraft 1. januar 2010.
Departementet har på bakgrunn av høyringsfråsegna presisert omgrepet «samfunnsmessige og næringsmessige omsyn» i merknaden til føresegna i kapittel 6.
4.3 Kostnader som følgje av pålegg om flytting
I høyringa bad departementet spesielt om høyringsinstansane sine synspunkt på dekning av kostnader som følgje av pålegg om flytting.
Fleire høyringsinstansar, mellom anna Fiskeridirektoratet, Norske Lakseelver og Norges Jeger- og Fiskerforbund, meiner at det er rimeleg at havbruksnæringa, og ikkje staten, ber kostnadene. Vidare presiserer Fiskeridirektoratet og Norges Jeger- og Fiskerforbund at ei løysing basert på eit næringsbasert fond vil vere formålstenleg. Sparebankforeningen og Finansnæringens Hovedorganisasjon meiner at dersom ein vel ei fondsløysing
«vil [det] være en fordel om ordningen favner bredt både i antall deltakere og geografisk. En slik risikoavlastende ordning vil bidra til å sikre betjeningsevne for låneforpliktelser og dermed isolert sett redusere bankenes risiko knuttet til finansiering av enkeltanlegg/aktører.»
Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner staten og havbruksnæringa bør bidra med midlar til eit eventuelt fond. FHL meiner staten bør dekkje kostnadene «når flytting skyldes forhold utenfor partenes kontroll.» Dei stiller seg tvilande til om det er mogleg å etablere eit fond basert på frivillig oppslutning.
Departementet konstaterer at det knyter seg kostnader til pålegg om flytting av anlegg. Kostnadene må anten dekkjast av staten eller av oppdrettarane. Staten har ikkje erstatningsansvar i ein slik situasjon fordi råderettsinnskrenkingar ikkje er erstatningsbetingande. Den næringsdrivande må i utgangspunktet sjølv ta risiko for endra rammevilkår. Ut frå reine rimelegsynsmåtar har staten likevel gitt kompensasjon for dokumenterte flyttekostnader. Dette vart for eksempel gjort då dei nasjonale laksefjordane vart oppretta. Her dekkjer staten dokumenterte flyttekostnader med inntil 2,25 mill. kr per anlegg. Men her er det tale om eit fåtal anlegg slik at den totale summen er avgrensa. Ved innføring av ei generell flytteføresegn vil dei totale kostnadene ikkje vere avgrensa. Når havbruksnæringa ønskjer å vekse, og dei nyttar allmenta sine avgrensa areal, er det rimeleg at næringa dekkjer kostnadene ved effektivisering av arealbruken. Staten bør difor ikkje dekkje kostnader knytt til pålegg om flytting.
For den enkelte oppdrettaren som blir pålagd å flytte vil det kunne opplevast urimeleg om han må dekkje alle kostnadene ved flytting. Det vil også kunne vere kostnader knytt til at ein ny lokalitet krev anna utstyr, auka driftskostnader om den gir lengre tilvekst eller auka transportkostnader. Ei mogleg ordning er at flyttekostnadene for den/dei som må flytte blir dekte i fellesskap av oppdrettarane i det aktuelle fjord- eller kystområdet på ad hoc-basis. Ein annan måte å gjere det på er at næringa opprettar felles fond for dekning av flyttekostnader. Fondet kan innrettast som eitt nasjonalt fond eller fleire regionale/lokale fond. Dette vil vere opp til næringa sjølv. Det blir foreslått at heimelen til flytting av oppdrettsanlegg blir innførd, men at det blir arbeidd vidare med korleis kostnadene knytt til pålegg om flytting kan dekkast. I dette arbeidet tek departementet sikte på ein brei prosess der mellom anna havbruksnæringa kan konsulterast.