5 Økonomiske og administrative konsekvensar
5.1 For næringsaktørar
For næringa vil forslaget om å endre prosedyrar for saksbehandlinga innebere at det ikkje nødvendigvis kan søkjast løpande, men at dei må rette seg etter evt. midlertidige tildelingsstoppar eller utlysing av løyve i tildelingsrundar. På kort sikt kan det bety at oppdrettarar ikkje like lett kan få tildelt nye løyve eller at det kan ta lengre tid å få nye løyve. Dette kan ha verknad for optimalisering av drifta. Ein kan likevel erverve løyve i andrehandsmarknaden, og dette kan avhjelpe slike konsekvensar samtidig som eksisterande løyve kan overførast frå dei som ikkje har behov for løyva til dei som treng meir biomasse for å utvide eller optimalisere drifta. På lengre sikt vil forslaget dermed kunne vere med på å fremme ein struktur i næringa som kan medverke til næringas utviklingspotensial.
Ei pålagd flytting kan vere inngripande for den enkelte oppdrettaren, og det er viktig at styresmaktene i saksbehandlinga legg forholda til rette for at den aktuelle oppdrettaren kan finne ein annan eigna lokalitet. Samtidig vil vi nemne at sjøarealet lokalitetane omfattar ikkje er oppdrettarens eigedom, i det staten gir berre oppdrettaren høve til å bruke ein del av arealet til fellesskapet. Pålegg om flytting kan dermed for eksempel ikkje samanliknast med oreigning av privat eigedom.
For den enkelte oppdrettaren inneber forslaget om å kunne pålegge flytting større usikkerheit ved at det er ein risiko for at enkelte kan bli pålagde å flytte verksemda si. Auka risiko kan føre til krav om meir robust økonomi og det kan redusere motiveringa for å investere. Risikoen kan reduserast ved at det blir gitt klare retningslinjer for praktiseringa av føresegna. For havbruksnæringa som heilskap vil likevel eventuelle restruktureringar kunne bidra til meir effektiv produksjon og betre lønnsemd enn om ingen flyttar.
Det framtidige behovet for å pålegge flytting av oppdrettsanlegg er usikkert. Dette kan endre seg i takt med ny kunnskap om for eksempel miljøverknader av oppdrett eller at det bryt ut nye fiskesjukdommar. Vi ser likevel allereie i dag at det i oppdrettstette område, særleg på Vestlandet, vil vere tenleg med ei meir føremålstenleg lokalisering av oppdrettsanlegg.
5.2 For forvaltninga
For forvaltninga vil føresegna om å endre prosedyrar for saksbehandlinga kunne medverke til å effektivisere tids- og ressursbruken i behandlinga av søknader om løyve til havbruk. Etter 1. januar 2010 skal bl.a. saksbehandling knytt til tildeling av løyve og klarering av lokalitetar overførast frå Fiskeridirektoratets regionkontor til fylkeskommunane som ledd i forvaltningsreforma. Tilsyn og kontroll og klagesaksbehandling vil framleis liggje hos Fiskeridirektoratet. Dei økonomiske og administrative konsekvensane knytt til saksbehandling vil difor, etter dette tidspunktet, vere relevante for fylkeskommunane.
Pålegg om flytting er nært knytt til forhold som har å gjere med Fiskeridirektoratet sitt arbeid med tilsyn og kontroll. Departementet meiner difor det er føremålstenleg at oppgåva knytt til pålegg om flytting blir lagt til Fiskeridirektoratet, også etter at forvaltningsreforma trer i kraft 1. januar 2010.
5.3 For miljøet
Forslaget om å endre prosedyrar for saksbehandlinga kan bidra til å betre miljøtilpassinga i oppdrett regulert i § 6 ved at omsynet til miljø og naturmangfald blir styrkt gjennom prosedyrar for saksbehandling som meir effektivt kan tilpassast miljø- og arealsituasjonen i eit gitt geografisk område. Pålegg om flytting som foreslått i § 16 tredje ledd kan medverke til ein meir rasjonell lokalitetsstruktur som tek betre vare på miljøet.