6 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovframlegget
Til § 6 tredje ledd
§ 6 tredje ledd fastset at departementet kan gi forskrift om heil eller delvis stans i tildeling av løyve for bestemte arter i bestemte tidsperiodar eller geografiske område. Det er presisert at dette omfattar søknadsbehandling i tildelingsrundar. Ein delvis tildelingsstans kan innebere at det blir sett eit tak på talet på løyve som blir tildelt i den aktuelle tidsperioden eller det aktuelle geografiske området. Omsynet til miljøet, medrekna viltlevande bestandar, og arealdisponering skal leggjast til grunn ved vurdering av om tildelingsstans etter denne føresegna skal innførast. Kor lenge tidsperioden varer og omfanget av det geografiske området kan variere ut frå kva som er nødvendig for å oppnå formålet med tiltaket.
Til § 16 tredje ledd
Første punktum inneber at departement kan gi forskrift med nærmare føresegn om pålegg om flytting av havbruksanlegg innanfor eit nærmare definert geografisk område. Føresetnaden for pålegg er at overordna samfunns- og næringsomsyn tilseier at dette er nødvendig eller tenleg. Andre punktum inneber at det kan bli gitt nærmare føresegn om prosedyrar for igangsetting og gjennomføring av prosessar med sikte på flytting. Dette inkluderer fastsetting av prinsipp for dekning av kostandene.
Matloven regulerer omsynet til dyrehelse, medrekna fiskehelse i havbruksverksemd. § 16 tredje ledd inneber ikkje ei endring av forholdet mellom matloven og akvakulturloven og forholdet mellom Mattilsynet og fiskerimyndigheitene slik det blir beskrive i Ot. prp. nr. 61 (2004-2005) Om lov om akvakultur (akvakulturloven). Ved bruk av føresegna i § 16 tredje ledd bør fagleg vurdering knytt til fiskehelse gjerast av Mattilsynet.
Den føreslegne føresegna gjer det mogleg å gi pålegg om flytting av anlegg på bakgrunn av ei samla vurdering av både miljø- og fiskehelseomsyn, medrekna omsynet til viltlevande bestandar, sjølv om forholda ikkje enkeltvis er så alvorlege at sektorløyva kan trekkjast tilbake etter dei ulike sektorlovene. I ein slik prosess må dei ulike sektormyndigheitene drøfte situasjonen for å ha ei felles forståing av problemkomplekset. Lokalitetar det blir flytta til må klarerast, og etter sektorlovane. Det inneber at prosedyren for lokalitetsklarering som følgjer av akvakulturloven § 6 første ledd, jf. Ot.prp. nr. 61 (2004-2005) Om lov om akvakultur (akvakulturloven) kapittel 7.1 og 7.2, skal nyttast.
Omgrepet «samfunnsmessige og næringsmessige omsyn» omfattar omsyn som er relatert til havbruksnæringa og inneber i utgangspunktet omsynet til miljø og fiskehelse. Det kan ikkje utelukkast at andre forhold kan vere aktuelle som grunnlag for pålegg om flytting, men det må vere forhold som havbruksnæringa påverkar eller blir påverka av. Føresegna gir likevel ikkje høve til å flytte anlegg av omsyn til andre brukarinteresser i kystsona. Slike omsyn skal ivaretakast gjennom kommunane sin arealdel i kommuneplanane. Vidare skal myndigheitene ved etablering av havbruksanlegg gjere ei interesseavveging av bruken av arealet, medrekna anna bruk av området. Omsynet til andre brukarinteresser er dirfor allereie teke omsyn til i eksisterande regelverk, sjå akvakulturloven § 16 første ledd.
Med «geografisk område» meiner vi eit fjord- eller kystområde av ein viss storleik, for eksempel område som har biologiske, økologiske eller epidemiologiske fellestrekk. Den som blir pålagt flytting får behalde løyvet (konsesjonen), men må leggje verksemda si til ein ny lokalitet, mest truleg i eit anna geografisk område.